Kan ein kjøpe eit menneske?

Menneskehandel er organisert handel av menneske. Dei som står bak dette, utnyttar barn, kvinner og menn til å utføre arbeid og tenester ved bruk av tvang og vald. All slik handel er brot på menneskerettane.

Menneskearm med strekkode
Menneskearm med strekkode

Historia til «Eva»

«Mor og søskena mine døydde på grunn av krigen i landet vårt. Far hadde reist til byen for å finne arbeid. Eg var glad for å ha bestefar, for han var snill. Føtene hans vart skadde under krigen, og han har vanskeleg for å gå. Det var eg som måtte sørgje for noko å ete. Når eg var ferdig med arbeidet for dagen, gjekk eg på skule. Livet var ikkje berre arbeid og skule. Eg hadde venner, og vi hadde tid til leik og moro.

Ein dag kom to ukjende menn til landsbyen min. Dei fortalte bestefar at dei kunne skaffe arbeid til jentene. Då kunne dei få pengar til ein operasjon. Eg og tre andre unge jenter i landsbyen sa ja til å bli med til utlandet, den yngste var femten år.

Mennene ordna pass til alle, og ein dag kom dei og henta oss med bil. Eg kjenner meg dum fordi eg vart med dei, men alle i landsbyen trudde mennene var snille. I begynnelsen var dei snille, og vi fekk det vi trong og ønskte oss.

Ein dag vart mennene heilt annleis. Dei gav oss tablettar som gjorde oss sløve. Vi klarte ikkje å gjere motstand då mennene gjorde stygge ting med oss. Ei av jentene vart hysterisk, og ville berre heim. Mennene drap henne. Sånn ville det gå med den som protesterte, sa dei.»

Historia om «Eva» er dessverre ikkje unik. Det er millionar av barn og ungdom som opplever det same. 

Teksten er henta frå kvinnehistorie.no
Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt
Trist ansikt av jente delvis lagt i skygge.
Trist ansikt av jente delvis lagt i skygge.

Kva er menneskehandel?

Menneskehandel er når ein person blir seld som ei vare. Personen blir tvinga til arbeid som kan vere hardt og livsfarleg. Nokre blir soldatar. Andre må jobbe som tiggarar.

Ofte er det fattige menneske som blir utsette for menneskehandel. Det kan òg vere flyktningar. Dei kan bli lurte til å tru at alt blir betre viss dei følgjer med til eit anna land. Men ofte blir livet endå vanskelegare. No er dei ikkje lenger berre fattige. Dei har mista fridommen. Det er nokon andre som bestemmer kva dei får lov til eller ikkje.

Alle som kjøper eller sel menneske, gjer noko kriminelt. Dei som blir dømde for dette i ei rettssak, får strenge straffer.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
To personer gjør opp en handel med et barn som sitter i bakgrunnen med bøyd hode.
To personer gjør opp en handel med et barn som sitter i bakgrunnen med bøyd hode.

Menneske til sals

Det har alltid vore menneskehandel. Vi kan òg kalle det slaveri. Det handlar om å miste fridommen og bli misbrukt. Dei som hamna i fengsel, kunne bli dømde til slavearbeid. Finst det slavar i dag, trur du?

Under vikingtida på 900-talet vart mange tekne som slavar. Den gongen vart dei kalla trælar. Vikingane tok med seg trælar frå andre land og selde dei vidare. Trælane hadde ingen rettar. Dei aller fleste levde under grufulle forhold.

På 1500- og 1600-talet oppdaga europearar nytt land i Amerika og Afrika. Der vaks det mykje som ikkje fanst i Europa. Mellom anna kaffi og bomull. Det måtte mange arbeidarar til for å produsere varer som kunne seljast i Europa. Dermed vart det eit kjempestort behov for arbeidskraft. For å ikkje bruke så mykje pengar på lønn, henta dei slavar som kunne jobbe gratis. Dette er noko av det verste som har skjedd.

Over 12 millionar afrikanarar vart selde som slavar til Amerika. Åtte millionar afrikanarar var slavar i Afrika. Trur du det var nokon forskjell på å vere slave i Afrika eller Amerika?

Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt
Gulnet tegning av slaver som jobber på en bomullsplantasje.
Gulnet tegning av slaver som jobber på en bomullsplantasje.

Menneske blir framleis selde

Det skjer menneskehandel over heile verda. Sjølv om det er strengt forbode og kan bli straffa hardt, er det mange som driv med det. Kvifor det, trur du?

Amerikanske dollar og hender som er bundet med et sort tau.
Amerikanske dollar og hender som er bundet med et sort tau.

Kor kjem offera frå?

Over 20 millionar blir utsette for menneskehandel kvart år. Mange kjem frå Asia og hamnar ofte ein stad i Europa. Dei fleste er kvinner og barn.

Menneske i Afrika og Sør-Amerika blir òg utsette for menneskehandel.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
En redd jente som sitter på gulvet i et mørkt rom og dekker ørene med hendene sine.
En redd jente som sitter på gulvet i et mørkt rom og dekker ørene med hendene sine.

Menneskehandel skjer her òg

Det skjer menneskehandel i Norge òg. Dei fleste av desse er kvinner og barn. Mange av desse blir tvinga til seksuelt arbeid. Mange barn og menn blir tvinga til å selje narkotika eller gjere innbrot. Det kan òg vere hardt arbeid på bondegardar eller vaskejobbar. Det er ikkje sikkert dei får lønn.

Ein organisasjon i Noreg som heiter ROSA, har hjelpt over 1600 menneske frå 62 land. Men det er mange som ikkje får hjelp, eller som ikkje tør å be om hjelp.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
En steinlegger som sitter på huk og legger på plass en ny stein.
En steinlegger som sitter på huk og legger på plass en ny stein.

Kvifor rømmer dei ikkje?

Kvifor kan ikkje offera berre rømme, tenkjer du kanskje? Hadde det berre vore så lett! Dei som held dei fanga, har ofte stor makt. Dei kan ha våpen, eller true med straff. Mange offer tør derfor ikkje å kontakte politiet.

Offera er redde for å bli straffa av dei som held dei fanga, og kanskje redde for å ikkje bli trudde. I tillegg har dei ofte ikkje lov til å opphalde seg i Noreg. Dei har jo komme hit med tvang, og ikkje frivillig.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Asiatisk jente med skader etter slag i ansiktet.
Asiatisk jente med skader etter slag i ansiktet.

FN vil stanse menneskehandel

FN jobbar for å stanse slaveri og menneskehandel. Dei er einige om at dette bør skje innan 2030.

Liten gutt jobber med tunge løft på en byggeplass.
Liten gutt jobber med tunge løft på en byggeplass.

Korleis kan vi stanse menneskehandel?

Menneskehandel er brot på menneskerettane. For å stanse det må mange land samarbeide. Kva kan gjerast for å stanse menneskehandel? Må det strengare straffer til?

Noreg samarbeider med andre land for å bekjempe menneskehandel.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
En arrestert person med håndjern.
En arrestert person med håndjern.

Kva kan DU gjere?

Offer for menneskehandel har rett til hjelp. Likevel er det mange som aldri får hjelp. Det er ikkje så lett å vite kven som er offer for menneskehandel. Korleis kan vi oppdage det?

Har du mistanke om noko ulovleg, så ring politiet, eller kontakt ROSA på tlf. 22 33 11 60. Dei har teiingsplikt. Du treng ikkje vere redd for å seie frå.

Kjelder:

  • Gursli-Berg, Gunhild; Bahus, Vegard Bø: menneskehandel i Store norske leksikon på snl.no. Henta 9. mai 2022 frå https://snl.no/menneskehandel
  • Norseng, Per G.: trell i Store norske leksikon på snl.no. Henta 9. mai 2022 frå https://snl.no/trell
  • Steen, Tone; Hansen, Ketil Fred: slaveri i Store norske leksikon på snl.no. Henta 9. mai 2022 frå https://snl.no/slaveri
Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Bilde- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Getty Images
    3. Getty Images
    4. Getty Images
    5. Getty Images
    6. Getty Images
    7. Getty Images
    8. Getty Images
    9. Getty Images