Kan ein kjøpe eit menneske?

Menneskehandel er organisert handel av menneske. Dei som står bak dette, utnyttar barn, kvinner og menn til å utføre arbeid og tenester med bruk av tvang og vald. All slik handel er brot på menneskerettane.

Menneskearm med strekkode
Menneskearm med strekkode

Historia til «Eva»

«Mor og søskena mine døydde på grunn av krigen i landet vårt, og far hadde reist til byen for å finne arbeid. Eg var glad for å ha bestefar, for han var snill. Føtene hans vart skadde under krigen, og han har vanskeleg for å gå. Det var eg som måtte sørgje for noko å ete. Når eg var ferdig med arbeidet for dagen, gjekk eg på skule. Livet var ikkje berre arbeid og skule. Eg hadde venner, og vi hadde tid til leik og moro.

Ein dag kom to ukjende menn til landsbyen min. Mennene sa dei visste om jobbar til jenter i eit anna land. Ein av dei fortalde bestefaren min at om han lét meg reise, ville eg komme tilbake med pengar så bestefar kunne operere føtene sine. Eg og tre andre unge jenter i landsbyen sa ja til å bli med til utlandet, den yngste var femten år.

Mennene ordna pass til alle, og ein dag kom dei og henta oss med bil. Eg kjenner meg dum fordi eg vart med dei, men alle i landsbyen trudde mennene ville oss vel. I begynnelsen var dei snille, og vi fekk det vi trong og ønskte oss. Vi reiste lenge, dag og natt.

Ein dag vart mennene heilt annleis. Dei gav oss tablettar som gjorde oss sløve, og vi klarte ikkje å gjere motstand då mennene valdtok oss. Ei av jentene vart hysterisk og ville berre heim. Mennene drap henne. Sånn ville det gå med den som protesterte, sa dei.»

Historia om «Eva» er dessverre ikkje unik. Det er millionar av barn og ungdom som opplever det same. 

Teksten er henta frå kvinnehistorie.no
Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt
Trist ansikt av jente delvis lagt i skygge.
Trist ansikt av jente delvis lagt i skygge.

Kva er menneskehandel?

Menneskehandel er når ein person blir seld som ei vare. Personen kan tvingast til prostitusjon, tvangsarbeid, tigging eller krigsteneste. Både barn, kvinner og menn er offer for menneskehandel.

Offera som kjem til Noreg, er gjerne utanlandske statsborgarar i ein sårbar situasjon – ofte på grunn av fattigdom og krigshandlingar i heimlandet. Mange vegrar seg for å ta kontakt eller samarbeide med politiet. Det kan vere av frykt for å bli hardt straffa av dei som held dei fanga. Kan du tenkje deg andre grunnar til at dei ikkje kontaktar politiet?

Alle som deltek i menneskehandel på ein eller annan måte, gjer noko kriminelt. Det gjeld både dei som kidnappar personar, fraktar dei bort, gøymer dei eller kjøper dei. Den som blir kjend skuldig i menneskehandel, får ofte svært streng straff.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
To personer gjør opp en handel med et barn som sitter i bakgrunnen med bøyd hode.
To personer gjør opp en handel med et barn som sitter i bakgrunnen med bøyd hode.

Menneskehandel til alle tider

Eit anna ord for menneskehandel er slaveri. Begge delar handlar om at nokon mistar fridommen sin og blir utnytta på det grovaste. Gjennom alle tider har menneske blitt utnytta. Somme har blitt tatt som slavar etter ein krig, eller fanga i sin eigen landsby av menneskehandlarar. Ein kunne òg ende opp som slave om ein skylda nokon pengar, eller bli dømd til slavearbeid på grunn av kriminelle handlingar. Er dette noko som framleis skjer, trur du?

I Skandinavia under vikingtida var det mange slavar, eller trælar som det heitte den gongen. Vikingar som var på plyndringstokt i andre land, tok ofte barn, kvinner og menn som fangar. Dei vart førde til heimlandet til vikingane og utnytta som gratis arbeidskraft. Dei hadde ingen rettar, og vart rekna som ei handelsvare – på same måten som slavar i dag.

På 1500- og 1600-talet oppdaga europearane nytt land i både Amerika og Afrika. Her etablerte dei store plantasjar for å dyrke og produsere råvarer som dei kunne selje i Europa. På plantasjane trong dei mange arbeidarar, og då kom ideen om å fange menneske til gratis arbeidskraft. Slavane vart henta både frå Afrika og Amerika, og denne menneskehandelen er noko av det grovaste i historia.

Det blir sagt at over 12 millionar afrikanarar vart frakta som slavar til Amerika, og over ein million av desse døydde på vegen. Det vart frakta over seks millionar slavar til Asia, og åtte millionar afrikanarar var slavar på sitt eige kontinent. Trur du det var nokon forskjell på å vere slave i Afrika eller Amerika?

Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt
Gulnet tegning av slaver som jobber på en bomullsplantasje.
Gulnet tegning av slaver som jobber på en bomullsplantasje.

Menneske blir framleis selde

Menneskehandel er framleis eit stort problem mange stader i verda. Sjølv om det finst strenge lover som skal hindre dette, finst det framleis menneske som utnyttar andre på det grovaste. Kvifor er det nokon som gjer dette, trur du?

Amerikanske dollar og hender som er bundet med et sort tau.
Amerikanske dollar og hender som er bundet med et sort tau.

Kor kjem offera frå?

Menneskehandel kan gå føre seg internt i eit land, eller over landegrenser. Det blir sagt at over 20 millionar menneske blir utsette for menneskehandel kvart år. Mange kjem frå Asia, og blir ofte førde via Aust-Europa til Vest-Europa.

FN anslår at det finst over 40 millionar slavar i verda, og dette talet dekkjer dei som er ramma av menneskehandel. I dette høge talet finn vi òg mange tvangsekteskap og tvangsarbeidarar. Dei fleste offera er kvinner og barn.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
En redd jente som sitter på gulvet i et mørkt rom og dekker ørene med hendene sine.
En redd jente som sitter på gulvet i et mørkt rom og dekker ørene med hendene sine.

Menneskehandel skjer her òg

Det går føre seg menneskehandel og sosial dumping i Noreg òg. I 2005 vart organisasjonen ROSA etablert for å hjelpe offer for menneskehandel. Sidan starten har dei hjelpt over 1600 menneske frå 62 ulike land. Dei fleste av desse er kvinner og barn som blir tvinga til seksuelle tenester.

Mange blir sette til å arbeide lange og krevande dagar med svært dårleg lønn. Det kan vere innhausting i jordbruket, asfalt- og steinleggingsarbeid eller reinhald på institusjonar og i private heimar. Andre blir tvinga til å utføre kriminelle handlingar som narkotikahandel og ran. ROSA kjenner òg til mange som blir tvinga til å tigge på gata.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
En steinlegger som sitter på huk og legger på plass en ny stein.
En steinlegger som sitter på huk og legger på plass en ny stein.

Kvifor rømmer dei ikkje?

Det kan vere lett å tenkje at offer for menneskehandel berre kan stikke av. Hadde det berre vore så enkelt! Dei som held dei fanga, har altfor stor makt. Ikkje alltid fysisk, men ved bruk av truslar om å kanskje drepe nokon i familien deira. Offera blir manipulerte til å tru at dei sjølve har skulda. Dei kan føle ei enorm skamkjensle over at dei lét seg lure, eller ikkje gjorde meir motstand.

Det er mange offer som ikkje seier noko som helst. Dei melder ikkje frå til politiet. Dei er redde for å bli straffa av dei som held dei fanga, og kanskje redde for å ikkje bli trudde. Viss ein klarer å rømme, kan frykta for å bli fanga igjen vere stor. Kva om dei finn meg? Vil dei drepe meg? Er det verd å rømme? Desse menneska lever eit ufatteleg vanskeleg liv. Eit liv det ofte er umogleg å komme seg ut av.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Asiatisk jente med skader etter slag i ansiktet.
Asiatisk jente med skader etter slag i ansiktet.

Avskaff slaveri og menneskehandel

FN har sett seg som mål å avskaffe slaveri og menneskehandel innan 2030, og alt barnearbeid innan 2025. I berekraftsmåla til FN 8.7 står det at FN skal:

«Iverksetje direkte og effektive tiltak for å avskaffe tvangsarbeid, få slutt på moderne slaveri og menneskehandel og sikre at dei verste formene for barnearbeid – inkludert rekruttering og bruk av barnesoldatar – blir forbodne og blir avskaffa, og innan 2025 avskaffe alle former for barnearbeid.»

Liten gutt jobber med tunge løft på en byggeplass.
Liten gutt jobber med tunge løft på en byggeplass.

Førebygging av menneskehandel

Menneskehandel er grove brot på menneskerettane, og stadig fleire land innfører strenge straffer for menneskehandel. Bekjempinga er dessutan forankra i eit internasjonalt samarbeid som stadig blir tettare. Internasjonalt politi held auge med folk som er forbundne med menneskehandel, og rutene dei bruker for å smugle menneske frå land til land, blir overvakte.

Norske styresmakter deltek i det internasjonale arbeidet for å kjempe mot menneskehandel. Handlingsplanen til regjeringa inneheld tiltak for å førebyggje menneskehandel, identifisere offer og straffeforfølgje menneskehandlarar.

Politiet skal òg leggje til rette for at ofra lettare kan melde frå utan å vere redd for straff. Det finst ei eiga avdeling, Koordineringseininga for Offer for Menneskehandel (KOM), som skal hjelpe styresmakter og organisasjonar som jobbar med offer for menneskehandel.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
En arrestert person med håndjern.
En arrestert person med håndjern.

Kva kan DU gjere?

Offer for menneskehandel har særlege rettar. ROSA – hjelp til offer for menneskehandel – har lang erfaring, kunnskap og eit etablert nettverk på feltet. Dei kan bidra til at offer får rettleiing, juridisk bistand, nødvendig kontakt med hjelpeapparat og ein trygg stad å opphalde seg. Dei har teiingsplikt.

Mistenkjer du at nokon er utsett for tvang og utnytting? 

Kontakt ROSA for rettleiing og/eller hjelp på den nasjonale, døgnopne linja deira tlf. 22 33 11 60.

Kjelder:

  • Gursli-Berg, Gunhild; Bahus, Vegard Bø: menneskehandel i Store norske leksikon på snl.no. Henta 9. mai 2022 frå https://snl.no/menneskehandel
  • Norseng, Per G.: trell i Store norske leksikon på snl.no. Henta 9. mai 2022 frå https://snl.no/trell
  • Steen, Tone; Hansen, Ketil Fred: slaveri i Store norske leksikon på snl.no. Henta 9. mai 2022 frå https://snl.no/slaveri
Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Bilde- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Getty Images
    3. Getty Images
    4. Getty Images
    5. Getty Images
    6. Getty Images
    7. Getty Images
    8. Getty Images
    9. Getty Images