Kan vi elske den vi vil?

For dei aller fleste følest det veldig bra å vere forelska. Men nokre gongar kan det også vere ganske vanskeleg. Det kjem an på kven ein er forelska i.

Bryllupskake i et likekjønnet ekteskap
Bryllupskake i et likekjønnet ekteskap

Seksuell orientering

Seksuell orientering er sjeldan eit val, men i staden noko dei fleste opplever at dei er fødde med. Nokre er heterofile og blir tiltrekte av det motsette kjønnet, mens andre er homofile og blir tiltrekte av folk med same kjønn. Det finst også bifile eller panfile som er tiltrekte av begge kjønn. Homofili er ikkje noko vi berre finn hos menneske, men hos alle dyreartar, frå pattedyr til insekt.

Lykkelig lesbisk par
Lykkelig lesbisk par

Kan vi elske den vi vil i Noreg?
– ein historisk gjennomgang

Ja, vi kan det, men det har ikkje alltid vore slik. Viss vi tar for oss situasjonen til dei  homofile i Noreg, har det ikkje alltid vore like enkelt. Å elske og utføre seksuelle handlingar med ein av same kjønn var straffbart i Noreg. Det var ikkje før i 1972 at straffelova mot homoseksualitet blei oppheva.

Sjølv om homofili blei tatt ut av straffelova, blei det framleis sett på som ein psykiatrisk diagnose. Det var først i 1982 at homofili ikkje lenger blei sett på som ein sjukdomsdiagnose.

Frå 70- til 90-talet skjedde det store samfunnsendringar relatert til likestilling og seksualitet, men det var ikkje før i 2008 at homofile par kunne gifte seg og få dei same rettane som heterofile par.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Pride-paraden i Oslo i 2018
Pride-paraden i Oslo i 2018

Norsk ekteskapslov

I 1993 blei det vedtatt ei partnarskapslov som gav homofile og lesbiske dei same rettane som heterofile når det kom til ekteskap, minus rett til adopsjon av barn og høve til å gifte seg i Den norske kyrkja.

Etter stor politisk semje stemte Stortinget i 2009 fram ei ekteskapslov som gav homofile og lesbiske dei same rettane som heterofile når det gjeld ekteskap og adopsjon.

Nokre år seinare blei diskrimineringslova styrka med omsyn til seksuell orientering og kjønnsidentitet. Ifølgje Tryggingstenesta til politiet er LHBT-personar ei av dei mest diskriminerte gruppene i samfunnet.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Nygift homofilt par
Nygift homofilt par

Å kome ut av skapet

«Å kome ut av skapet» er eit uttrykk som beskriv det å – for første gong – fortelje opent om den seksuelle legninga si. Denne opplevinga blir ulik frå person til person. Det kan skuldast familien og miljøet ein veks opp i. For nokre er det ganske enkelt å kome ut av skapet, mens for andre er det mykje vanskelegare.

Å kome ut av skapet er modig og befriande. Endeleg føler ein seg klar for å seie kva ein føler, og kanskje kven ein liker. Mange gruar seg eller vågar ikkje å kome ut fordi dei er redde for negative reaksjonar frå familie og venner, eller for å bli utestengde. Dei aller fleste blir heldigvis møtte med positive reaksjonar.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Trist gutt inne i mørket
Trist gutt inne i mørket

Ein menneskerett å elske den ein vil

Retten til å elske den ein vil, er ein grunnleggjande menneskerett. Ifølgje Amnesty er det ikkje eit fullstendig fritt demokrati viss landet ein bur i hindrar kjærleik og seksualitet mellom vaksne menneske som har gitt kvarandre samtykke.

Mange stader i verda blir rettane til LHBT-personar stadig dårlegare. I Russland har dei for eksempel ikkje ei nøytral ekteskapslov, og ein kan bli fengsla viss ein fremjar LHBT-rettar i det offentlege. Sjølv fredelege Pride-paradar blir møtte med valdelege motdemonstrasjonar i Russland. Derfor hevdar Amnesty at Russland bryt retten til å elske den ein vil.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Regnbuefargede hender i håndjern
Regnbuefargede hender i håndjern

Religion som hinder

I norsk lov er det ingenting som hindrar personar med ulik tru i å elske kvarandre. Dei kan også gifte seg med kvarandre dersom dei oppfyller ekteskapsvilkåra.

Men avhengig av kva religion ein høyrer til, er det ikkje sikkert at dei religiøse skriftene tillet ekteskap. Det er faktisk 29 land i verda som forbyr ekteskap mellom to personar med ulik tru. Dei fleste av desse landa er muslimske.

Stadig fleire land tillèt homofilt ekteskap. Nederland var det første landet som gjorde dette i år 2000 – og akkurat som då Noreg endra si lov i 2008, var det dei kristne partia som stemte imot lovendringa.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Muslimsk kvinne
Muslimsk kvinne

Tvangsekteskap

Tvangsekteskap blir definert som eit ekteskap der minst ein av personane blir tvungen eller pressa til å gifte seg med ein annan person. Dette er eit val som ikkje blir tatt av sjølve personen som skal inngå i eit ekteskap, men av familien eller det religiøse miljøet personen er med i. Tvangsekteskap er derfor forbunde med negativ sosial kontroll.

Tvangsekteskap er forbode i Noreg, men ifølgje norske styresmakter finst det tvangsekteskap i nokre innvandrarmiljø. Viss ein opplever å bli pressa til å gå inn i eit ekteskap, har ein rett til hjelp frå skulen eller helsestasjonen i kommunen ein bur i.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Tvangsekteskap med håndjern
Tvangsekteskap med håndjern

Arrangert ekteskap

Arrangert ekteskap er lovleg i Noreg viss personane som skal gifte seg er over 18 år. I dette tilfellet hjelper familien med å finne ein ektefelle til dei som skal gifte seg, men begge personane må være einige og takke ja. Her er det ikkje rom for tvang. Historisk har arrangerte ekteskap ikkje vore uvanleg blant kongefamiliar og gardeigarar for å skape alliansar. I Noreg i dag er dette forbunde med nokre etniske miljø.

Ein del politikarar i Noreg ønskjer å forby dette, fordi det er vanskeleg å skilje mellom arrangert ekteskap og tvangsekteskap.

Arrangert ekteskap i 1697

Kampen for kjærleiken

Å elske den ein vil har vore ein kamp i Noreg, og er framleis ein stor kamp i mange delar av verda. Ingen kan bestemme kven du skal elske eller gifte deg med. Det er eit val som berre du kan ta.

Kjærleikens vegar er uransakelege, seiest det, og verken religion, kjønn, etnisitet eller landegrenser kan gjere noko med det.

Kjelder:

Bilet- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Getty Images
    3. Human-Etisk Forbund (CC BY-SA 2.0)
    4. Getty Images
    5. Getty Images
    6. Harm & Hegseth // VGTV – YouTube
    7. Getty Images
    8. Getty Images
    9. Getty Images
    10. Antoine Dieu
    11. Getty Images
    12. Ad Council – YouTube