Kan vi elske den vi vil?

For dei aller fleste kjennest det veldig godt å vere forelska. Men nokre gongar kan det også vere ganske vanskeleg. Det kjem an på kven ein er forelska i.

Bryllupskake i et likekjønnet ekteskap
Bryllupskake i et likekjønnet ekteskap

Seksuell orientering

Seksuell orientering er sjeldan eit val. Dei fleste opplever at dei er fødde med det. Nokre gutar liker jenter, andre gutar likar gutar. Sånn er det også med jenter. Det finst også bifile eller panfile – dei likar både jenter og gutar. Homofili er ikkje noko vi berre finn hos menneske. Det finst hos alle slags dyreartar frå pattedyr til insekt.

Lykkelig lesbisk par
Lykkelig lesbisk par

Kan vi elske den vi vil i Noreg?
– ein historisk gjennomgang

Ja, vi kan det, men det har ikkje alltid vore slik. Å ha sex med ein av same kjønn var ulovleg i Noreg. Det var ikkje før i 1972 at lova mot homoseksualitet blei fjerna.

Sjølv om homofili blei lovleg, blei det framleis sett på som ein sjukdom. Det var først i 1982 at homofili blei fjerna som diagnose.

Frå 70- til 90-talet var det mykje som endra seg. Men det var ikkje før i 2008 at homofile par kunne gifte seg og få dei same rettane som heterofile par.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Pride-paraden i Oslo i 2018
Pride-paraden i Oslo i 2018

Norsk ekteskapslov

I 1993 kom det ei eiga lov som gav homofile og lesbiske dei same rettane som heterofile til å gifte seg. Likevel fekk dei framleis ikkje lov til å adoptere barn eller høve til å gifte seg i kyrkja.

I 2009 blei politikarane einige om ei ekteskapslov som gav homofile og lesbiske dei same rettane som heterofile, både når det gjeld ekteskap og adopsjon.

Nokre år seinare styrka dei lova som skal hindre urettferdig behandling av lesbiske, homofile, bifile og transpersonar. Ifølgje politiet er desse blant dei gruppene i samfunnet som blir mest diskriminerte.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Nygift homofilt par
Nygift homofilt par

Å kome ut av skapet

«Å kome ut av skapet» betyr å fortelje opent om den seksuelle legninga si for første gong. For nokre er det ganske enkelt å kome ut av skapet, mens for andre er det mykje vanskelegere.

Å kome ut av skapet er modig og befriande. Endeleg føler ein seg klar til å seie kva ein føler, og kanskje kven ein liker. Mange gruar seg eller vågar ikkje å kome ut. Dei er kanskje redde for kva familie og venner vil seie, eller for å bli utestengde. Dei aller fleste blir heldigvis møtte med full støtte.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Trist gutt inne i mørket
Trist gutt inne i mørket

Ein menneskerett å elske den ein vil

Retten til å elske den ein vil, er ein viktig menneskerett. Viss landet ein bur i hindrar kjærleik og seksualitet mellom vaksne menneske som liker kvarandre, så har ein ikkje eit heilt fritt demokrati.

Mange stader i verda  blir rettane til LHBT-personar stadig dårlegare. I Russland har ein for eksempel ikkje ei ekteskapslov som er lik for alle. Ein kan også bli fengsla om ein kjempar for LHBT-rettane. Pride-paradar kan til og med bli møtte med valdelege demonstrasjonar i Russland.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Regnbuefargede hender i håndjern
Regnbuefargede hender i håndjern

Religion i vegen

I norsk lov er det ingenting som hindrar personar med ulik tru i å elske kvarandre. Dei kan også gifte seg med kvarandre.

Men i nokre religionar er det ikkje lov for personar med ulik tru å gifte seg. Det er faktisk 29 land i verda som forbyr slike ekteskap, og dei fleste av desse landa er muslimske.

Stadig fleire land tillèt homofilt ekteskap. Nederland var det første landet som gjorde dette i år 2000. Både i Nederland og Norge stemte dei kristne partia mot å innføre slike lover.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Muslimsk kvinne
Muslimsk kvinne

Tvangsekteskap

Tvangsekteskap er eit ekteskap der minst ein av personane blir tvungen eller pressa til å gifte seg med ein annan person. Vanlegvis er det familien eller det religiøse miljøet personen tilhøyrer, som bestemmer dette.

Tvangsekteskap er forbode i Noreg, men det skjer likevel. Viss ein opplever å bli pressa til å gifte seg, har ein rett til hjelp frå skolen eller helsestasjonen i kommunen ein bur i.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Tvangsekteskap med håndjern
Tvangsekteskap med håndjern

Arrangert ekteskap

Arrangert ekteskap er lovleg i Noreg viss personane som skal gifte seg, er over 18 år. I dette tilfellet hjelper familien til med å finne den ein skal gifte seg med, men begge personane må vere einige og takke ja. Her er det ikkje rom for tvang. Arrangerte ekteskap skjedde ofte blant kongefamiliar og gardeigarar i gamle dagar. I Noreg i dag skjer det mest i nokre innvandrarmiljø.

Ein del politikarar i Noreg vil gjere det ulovleg, fordi det er vanskeleg å skilje mellom arrangerte ekteskap og tvangsekteskap.

Arrangert ekteskap i 1697

Kampen for kjærleiken

Å elske den ein vil har vore ein kamp i Noreg, og er framleis ein stor kamp i mange delar av verda. Ingen kan bestemme kven du skal elske eller gifte deg med. Det er eit val som berre du kan ta.

Kjelder:

Bilet- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Getty Images
    3. Human-Etisk Forbund (CC BY-SA 2.0)
    4. Getty Images
    5. Getty Images
    6. Harm & Hegseth // VGTV – YouTube
    7. Getty Images
    8. Getty Images
    9. Getty Images
    10. Antoine Dieu
    11. Getty Images
    12. Ad Council – YouTube