Kappløp mot polane

To banebrytande oppdagarar kjempa mot ekstreme forhold for å finna ytterpunkta i verda.

Accessibility icon Kappløp mot polane

Kappløp mot polane 

På begynnelsen av 1900-talet var det få stader på jorda som framleis ikkje var utforska. Heilt sidan oppdagingstida hadde mennesket kryssa verdshava og utforska kontinent, med mål om å kjøpe og selje varer og utvide imperia sine. No var det nokre eventyrarar som ville reise til polane òg, men det var noko heilt anna som dreiv dei: dei ville utforske det ukjende, og få heider og ære for å kome dit først.

⬅  Roald Amundsen sitt forskingsskip Gjøa vart sitjande fast i isen i Arktis i nesten to år på ekspedisjonen hans til Nordvestpassasjen i 1903–1906. 

Peary mot Cook 

Nordpolen ligg så langt nord ein kan kome på jorda, på eit tjukt lag av sjøis. Det frosne havet endrar seg med årstidene, og ei reise tvers gjennom Arktis er derfor ekstremt farleg. Oppdagarane kan òg oppleve at det blir så kaldt som minus 50 grader, og vinden kan blåse i opptil 90 kilometer i timen. I tillegg kan ein bli angripen av isbjørnar. Etter fleire mislykka forsøk på å nå Nordpolen på 1800-talet, vart det i løpet av same veka i 1909 meldt at to ulike ekspedisjonar hadde klart å nå fram.

Ønsker du å lese hele artikkelen?

Ved å logge inn får du full tilgang til artikkelen, samt Lærerrommet med engasjerende læringsstier og oppgaver du kan bruke i undervisningen.

Logg inn med Feide

Ønsker du å prøve ut fullversjonen av Skolerom?
Kontakt oss her!