Kart gjennom tidene
Frå eldgamle leirtavler til moderne GPS – kva kan kart fortelje oss om menneska?
Karta avslører
Du tenkjer kanskje at eit kart berre er ei teikning av eit bestemt område, som ein by, eit land eller eit kontinent. Kart fortel oss noko om omgivnadene og er eit viktig verktøy som gjer at vi ikkje går oss bort. Men karta fortel oss ikkje berre om grenser og landområde. Dei fortel oss òg korleis menneske tenkjer, føler og lever.
Dei første karta
Historia til karta er meir enn 5000 år gammal. Det eldste verdskartet vi veit om, er ei leirtavle frå Babylon. Oldtidsbyen Babylon var sentrum i sivilisasjonen i cirka 2000 år. Byen låg rundt 100 kilometer sør for Bagdad i dagens Irak. Kartet stammar frå 500-talet f.Kr. og viser Babylon i sentrum, elva Eufrat og hav og fjell som låg rundt.
Artefakt
Hels på Ptolemaios
Både romarane og folk i oldtidas Hellas laga kart. Men det var Klaudios Ptolemaios som endra karta for alltid. Ptolemaios var ein astronom, geograf og matematikar. Han budde i Egypt under romarane på 100-talet e.Kr. Han jobba mykje med matematikk og geometri. Han laga eit system av linjer på jorda. Dette systemet beskreiv plasseringa av rundt 10 000 stader.
Jordkloden med stjernetegn
Jordkloden
Etter Romarriket
Etter Romarrikets fall vart europeiske kart oftare brukte til å fortelje historier. Dei vart ofte laga i kloster og viste bibelske hendingar. Mappa Mundi – som betyr verdskart – frå 1290-talet viser Noahs ark, Adam og Eva og merkelege skapningar.
Folk som laga kart, plasserte det som var viktigast for dei i midten. Eit kart laga av den muslimske kartografen Muhammad al-Idrisi plasserte Mekka midt i verda. Mekka er den heilagste byen i islam.
Hereford mappa mundi fargelagt
Kartet i renessansen
Renessansen var ein periode som varte frå 1400-talet til 1600-talet i Europa. I denne perioden dukka det opp nye oppfinningar. Desse førte med seg store forandringar i verda. Skip kryssa verdshava, og land bygde store rike – så store at ein kalla dei imperium. Derfor var det viktig at karta var eksakte. Dei som laga kart, var påverka av Ptolemaios’ idear om breiddegrader og lengdegrader. Rundt år 1440 vart trykkpressa funnen opp. Etter det var det ikkje berre i kloster ein kunne lage kart.
Maleri av en skip og en båt med fanger
Oops!
Ein spansk oppdagar sa på 1500-talet at California i USA hadde vatn på alle kantar. Det var feil, men som eit resultat vart California teikna som ei øy på karta til langt inn på 1700-talet.
Gammelt kart av Amerika
Korleis veit vi dette?
Mennesket begynte å utvikle og teikne kart for mange tusen år sidan. Ved å samanlikne gamle kart med nye kart lærer vi mykje om verda. Vi lærer òg korleis menneske tenkte og levde før.
Kjelder:
- Slik funker verden (2019)
Orage Forlag AS
Bilet- og videorettar:
-
-
Getty Images
-
Ukjent
-
Getty Images
-
Ukjent
-
Ukjent
-
Ukjent
-
Ukjent
-
Getty Images
-