Kor gamle kan vi bli?

Ny forståing av kva prosessar i kroppen som forårsakar aldring kan bidra til å flytte grenser og endre den vanlege forståinga vår av alder.

Accessibility icon Kor gamle kan vi bli?

Vi blir fødde, vi lever, og vi døyr. Slik er det sjølvsagt for alle, men somme lever lenger enn andre. Det eldste mennesket gjennom tidene var franske Jeanne Louise Calment, som blei 122 år og 164 dagar gammal. 

Kor gamle kan vi bli? 

Fleire og fleire i verda lever til dei blir gamle. Likevel lever dei fleste av oss om lag like lenge som dei alltid har gjort. Folk blei ofte rundt 70 for tusen år sidan også. 

Kva er løyndommen til eit langt liv? Dersom vi vil sjå kva som skjer når ein blir gammal, er det vanskeleg å forske på menneske. Det tek jo mange år før vi blir gamle! Då er det mykje lettare å forske på mark eller mus. 

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Skjønnhetsprodukter
Skjønnhetsprodukter

Marken ein forskar på, lever berre i tre veker, og mus blir sjeldan meir enn tre år. Då kan ein lett sjå kva som skjer frå dei er nyfødde til dei blir gamle. 

Gen er små kodar vi alle har inni oss. Sjølv om mark og mus ikkje liknar på menneske, har dei gen som liknar våre. Difor håper ein at medisinar som verkar på dei, også vil verke på menneske. 

Når ein blir gammal, blir ein oftare sjuk. Dersom vi vil at folk skal halde seg friske heile livet, må vi gjere noko med det. Ein har fått til det med mus, men ingen har prøvd på menneske enno. 

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Små hvite mus i et bur
Små hvite mus i et bur

Ønsker du å lese hele artikkelen?

Ved å logge inn får du full tilgang til artikkelen, samt Lærerrommet med engasjerende læringsstier og oppgaver du kan bruke i undervisningen.

Logg inn med Feide

Ønsker du å prøve ut fullversjonen av Skolerom?
Kontakt oss her!