Kor gamle kan vi bli?

Ny forståing av kva prosessar i kroppen som forårsakar aldring, kan bidra til å flytte grenser og endre den vanlege forståinga vår av alder.

Accessibility icon Kor gamle kan vi bli?

Vi blir fødde, vi lever, og vi døyr. Slik er det sjølvsagt for alle, men somme lever lenger enn andre. Det eldste mennesket gjennom tidene var franske Jeanne Louise Calment, som blei 122 år og 164 dagar gammal. 

Kor gamle kan vi bli? 

I 2010 var cirka 8 % av alle i verda over 65 år. I 2050 reknar vi med at det vil vere nærare 16 %. Men sjølv om fleire folk blir gamle no enn før, så lever dei fleste av oss framleis om lag like lenge. Folk blei ofte rundt 70 for 2000 år sidan også. 

Kva er løyndommen til eit langt liv? Samanlikna med andre artar lever menneske ganske lenge. Dersom ein skal studere aldring, er det lettare å forske på dyr som lever berre ei kort stund, som små mark eller mus. 

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Skjønnhetsprodukter
Skjønnhetsprodukter

Marken ein gjerne forskar på, lever berre i tre veker, og mus blir sjeldan meir enn tre år. Då kan ein lett sjå kva som skjer frå dei er nyfødde til dei blir gamle. 

Begge desse artane liknar litt på oss. Ikkje i utsjånad så klart, men dei har mange av dei same gena. Difor håper ein at medisinar som gjer at mus kan leve lenger, også vil funke på menneske. 

Når ein blir gammal, aukar risikoen for at ein får sjukdommar. Viss vi vil at folk skal halde seg friske heile livet, må vi også gjere noko med aldring. Ein har fått til å bremse aldring hos mus i laboratorium, men slike behandlingar har ikkje blitt testa på menneske enno. 

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Små hvite mus i et bur
Små hvite mus i et bur

Ønsker du å lese hele artikkelen?

Ved å logge inn får du full tilgang til artikkelen, samt Lærerrommet med engasjerende læringsstier og oppgaver du kan bruke i undervisningen.

Logg inn med Feide

Ønsker du å prøve ut fullversjonen av Skolerom?
Kontakt oss her!