Ein slange i paradis
Har du høyrt uttrykket “ein slange i paradis”? Det blir brukt om ein som skaper dårleg stemning. Sannsynlegvis er det henta frå Bibelen si forteljing om slangen i paradis som lurte Eva og Adam.
Illustrasjon av et eple som henger i et tre, Eva sin hånd som prøver å få tak i eplet, men det er også en slange i treet. Illustrasjon av bibel fortelling av Adam og Eva.
Slangar i Noreg
I Noreg har vi tre slangeartar: hoggorm, buorm og slettsnok. Stålorm er ei øgle.
Hoggormen er den einaste som er giftig, og han er freda i Noreg. Det betyr at vi ikkje kan drepe han. Du kan kjenne han igjen på grunn av sikksakkmønsteret på ryggen. Han liker å sole seg. Han treng varmen frå sola for å vere aktiv.
Hoggorm liggende på stein med tunga ute.
Slange som står i et tre med tungen ute
Kor lang hale har ein slange?
Slangar har faktisk ein veldig kort hale. Det skulle ein kanskje ikkje tru. Som du kan sjå av bildet, startar halen der ribbeina sluttar.
Slangeskjelett liggende i sirkel.
Kjelder:
- slanger i Store norske leksikon på snl.no. Henta 11. november 2021 frå https://snl.no/slanger
- Skei, Jon Kristian; Knutsen, Espen: hoggorm i Store norske leksikon på snl.no.
Henta 11. november 2021 frå https://snl.no/hoggorm
Bilde- og videorettar
-
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
NRK Skole
-