Kva er kjeldekritikk?
Når du blar gjennom nyheiter og overskrifter som dukkar opp i sosiale medium, reknar du som regel med at dei er sanne og truverdige. Det same gjeld når du les nyheiter frå nettaviser.
Og mange nyheiter og forskingsartiklar er sanne og truverdige! Men det finst òg ein del falske nyheiter, eller såkalla «fake news». Det vil seia at kjeldene til nyheitene er uriktige eller mangelfulle.
En person som sjekker nyhetssider på mobil og PC
Mange moglegheiter kan òg skapa store utfordringar
Internett og sosiale medium har skapt mange moglegheiter for oss menneske. Vi kan samla inn store mengder informasjon på kort tid og dela denne kunnskapen med andre.
Moglegheitene har òg skapt ein del utfordringar. Med Google-søk som oppslagsverket vårt og sosiale medium som informasjonskanal er det vanskeleg å skilja ekte nyheiter frå falske.
Skjermpdump av Google
Korleis vera kjeldekritisk?
I dag er det altså viktigare enn nokon gong å vera kjeldekritisk.
Kjeldekritikk handlar om å vurdera informasjonen til avsendaren:
- Kven er kjelda?
- Kor truverdig er det som blir sagt akkurat no?
- Kva er hensikta med innlegget?
- Korleis er språket, bileta og grafane til kjelda?
- Er kjelda aktuell?
Kva er hensikta med innlegget?
Dei fleste tekstar eller reklamar har ei hensikt. Eit politisk parti ønskjer å få fleire veljarar og reklamerer derfor for politikken sin eller kritiserer motstandaren. Eit selskap, derimot, vil gjerne ha fleire kundar. Fordi ein har eit mål med innhaldet, bruker avsendaren gjerne retoriske verkemiddel. Retorikk er kunsten å overtyda.
Bruk derfor tid på å undersøkja kva som er hensikta med nyheita eller reklamen du ser eller les.
Nærbilde av en avis
Ei verd med eller utan kjeldekritikk?
Sjå denne filmen frå Faktisk.no, ei uavhengig norsk nettside som faktasjekkar nyheiter og innhald i sosiale medium.
Kjelder:
- Medietilsynet (03.02.2021): Slik avslører du desinformasjon og falske nyheter
https://www.medietilsynet.no/mediebildet/slik-avslorer-du-falske-nyheter/
- Kildekompasset (03.02.2021): Hva er kildekritikk?
https://kildekompasset.no/kildekritikk/
- Orgeret, Kristin Skare: Kildekritikk i Store norske leksikon på snl.no.
Henta 3. februar 2021 frå https://snl.no/kildekritikk
- Pressens faglige utvalg (2020): Vær varsom-plakaten
https://presse.no/pfu/etiske-regler/vaer-varsom-plakaten/
Bilde- og videorettar:
-
-
Getty Images
-
Skjermdump av Google.com
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Faktisk – YouTube
-