Kva er kjeldekritikk? 

Når du blar gjennom nyheiter og overskrifter som dukkar opp i sosiale medium, reknar du som regel med at dei er sanne og til å stola på. Det same gjeld når du les nyheiter frå nettaviser.

Mange nyheiter og forskingsartiklar er heldigvis til å stola på! Men det finst òg ein del falske nyheiter, eller såkalla «fake news». Det vil seia at kjeldene til nyheita er uriktige eller mangelfulle.

En person som sjekker nyhetssider på mobil og PC

Mange moglegheiter kan òg skapa store utfordringar

Internett og sosiale medium har skapt mange moglegheiter for oss menneske. Vi kan samla inn store mengder informasjon på kort tid og dela denne kunnskapen med andre.

Moglegheitene har òg skapt ein del utfordringar. Når vi bruker Google og sosiale medium, er det vanskeleg å skilja ekte nyheiter frå falske.

Skjermpdump av Google

Korleis vera kjeldekritisk?

I dag er det altså viktigare enn nokon gong å vera kjeldekritisk.

Kjeldekritikk handlar om å vurdera det ein les på fleire måtar:

  • Kven er kjelda?
  • Kor truverdig er det som blir sagt?
  • Kva er det den som skriv, ønsker å oppnå?
  • Korleis er språket og bileta til kjelda?
  • Er kjelda aktuell?

Kven er kjelda?

Kva kan dette bety for innhaldet? Har det noko å seia om det er ein person, organisasjon eller staten som står bak informasjonen?

Det er viktig å vurdera kvifor kjelda vil legga fram informasjonen. Er det kanskje ein rapport som er betalt av nokon? Til dømes har ein del bilprodusentar betalt for rapportar om at elbilar er meir skadelege for miljøet enn bilar som går på bensin og diesel.

Kvifor det?    

Jo, fordi enkelte bilprodusentar kan tena på å legga fram slik informasjon. Ein bilprodusent som berre lager diesel- og bensinbilar, taper pengar på at folk går over til elbilar. Då er det ikkje sikkert at alle sider av saka kjem like godt fram. Og i rapporten blir kanskje elbilar framstilte som verre enn dei er i. Derfor er det lurt å sjå etter informasjon hos fleire kjelder.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Nærbilde av en mann som holder en iPad

Kor truverdig er det?

Her er det viktig å skilja mellom nyheiter og forskingspublikasjonar.

Forsking

Det blir stilt strenge krav til forskingsartiklar før ein kan publisera dei:

  • Forskinga må vera gjort på ein måte som sikrar at andre kan sjekka om dei får same resultat.
  • Forskinga har vorte godkjent av ei gruppe med andre forskarar.
  • Forskinga viser til andre seriøse kjelder.

Nyheiter

Dei aller fleste avisene og journalistane i Noreg er bunde av Ver varsam-plakaten. Ver varsam-plakaten er eit regelverk for pressa.

Redaktørar og journalistar har ansvar for å kjenna desse etiske reglane, og dei har plikt til å følgja dei når dei jobbar. Presseetikken gjeld for alt arbeid journalistar gjer, frå innsamling av informasjon til det ferdige innhaldet.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
En dame i et laboratorium

Kva er hensikta med innlegget?  

Dei fleste tekstar eller reklamar har ei hensikt. Eit politisk parti ønsker å få fleire veljarar og reklamerer derfor for politikken sin. Ein butikk, derimot, vil gjerne ha fleire kundar. Fordi ein har eit mål med innhaldet, bruker avsendaren gjerne det ein kallar retoriske verkemiddel. Retorikk er kunsten om å overtyda.

Bruk derfor tid på å undersøka kva som er hensikta med nyheita eller reklamen du ser eller les.

Undersøk språk, bilete og tal

Noko anna som er viktig når ein skal vurdera truverdet til kjelda, er å undersøka språket. Inneheld teksten mange skrivefeil, eller er han skriven på ein munnleg måte? Det kan vera eit teikn på at teksten er direkte omsett frå eit anna språk, eller at han ikkje er skriven av ein ekte journalist.

Trur du på biletet? Eit bilete kan òg vera falskt. Gjer eit biletsøk på Google. I dag kan ein enkelt endre bilete til å visa det som passar best til informasjonen.

Samtidig er det ikkje berre språket og bilete ein skal undersøka. Sjå òg på korleis grafar og tal blir framstilte. Kva er kjelda til grafane? Prøvar ein å framstilla tala på ein bestemt måte for å få fram ein bodskap?

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Er kjelda ny eller gammal?

    • Det er svært viktig å undersøka når saka vart publisert. Sjekk alltid når saka vart publisert eller oppdatert. Store norske leksikon er eit godt døme på korleis ein fører opp dato for publisering og oppdatering.
  • Har det skjedd utvikling, eller har det komme ny informasjon etter at saka vart utgitt?
  • Har det komme endringar i til dømes lover, teknologi eller samfunn som gjer at saka er utdatert?
  • Byggar tal og funn i kjelda på utdaterte undersøkingar?
  • Har du oppdatert informasjon om saka eller temaet?
Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Nærbilde av en avis

Ei verd med eller utan kjeldekritikk?

Sjå denne filmen frå Faktisk.no, ei uavhengig norsk nettside som faktasjekkar nyheiter og innhald i sosiale medium.

Kjelder:

Bilet- og videorettigheter:

    1. Getty Images
    2. Skjermdump av Google.com
    3. Getty Images
    4. Getty Images
    5. Getty Images
    6. Getty Images
    7. Getty Images
    8. Getty Images
    9. Faktisk – YouTube