Kreativ kulinarisk vitskap

Eit nærmare blikk på molekylær gastronomi og spennande metodar for å lage mat med hjelp av kjemi og teknologi.

Accessibility icon Kreativ kulinarisk vitskap

Kokken sin venn

Kjemi kan vere den beste vennen til kreative kokkar. Her er nokre av triksa dei bruker for å lage spennande ny mat.

Flytande nitrogen 

For å gjere rettar og drinkar litt dramatiske, kan kokkane pynte dei med flytande nitrogen. Det gjer nemleg at det ryk av dei på ein nesten magisk måte.

Nitrogen er vanlegvis ein ufarleg, luktfri og smaksfri gass som finst i lufta vi pustar inn. Når han blir kjølt ned og blir veldig kald, blir han flytande. Når han så blir varma opp igjen, vil han raskt koke og fordampe. Fukta i lufta rundt blir då til ei tett tåke.

Flytande nitrogen er ikkje berre nyttig som pynt. Han kan òg brukast til å lage herlege, frosne dessertar. Når ein lagar iskrem, vil det superkalde nitrogenet fryse iskremen veldig raskt. Då unngår ein at det dannar seg iskrystall, og den ferdige isen blir mjuk og kremaktig.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
To drinkeglass med rød drikke som det ryker av.
To drinkeglass med rød drikke som det ryker av.

Ønsker du å lese hele artikkelen?

Ved å logge inn får du full tilgang til artikkelen, samt Lærerrommet med engasjerende læringsstier og oppgaver du kan bruke i undervisningen.

Logg inn med Feide

Ønsker du å prøve ut fullversjonen av Skolerom?
Kontakt oss her!