Kreativ kulinarisk vitskap

Eit nærmare blikk på molekylær gastronomi og spennande metodar for å lage mat med hjelp av kjemi og teknologi.

Accessibility icon Kreativ kulinarisk vitskap

Kokken sin venn  

Kjemi er den beste vennen til den molekylære gastronomen. Utradisjonelle metodar og avansert kjemikunnskap får kokkekunsten til å blomstre. Her er nokre av metodane som blir brukte.

Flytande nitrogen 

For å gjere presentasjonen litt dramatisk kan kokkane pynte drinkane og rettane med flytande nitrogen. Dette gir ein magisk røykeffekt.

Nitrogen er vanlegvis ein harmlaus, lukt- og smaksfri gass som finst i lufta vi pustar inn. Når han blir kjølt ned til under –196 grader celsius, blir han derimot flytande. Viss han blir utsett for varmare temperaturar igjen, vil han raskt koke og fordampe. Fukta i lufta rundt vil kondensere og danne ei tett tåke.

Flytande nitrogen er ikkje berre nyttig som pynt, det kan òg brukast til å lage herlege, frosne dessertar. Når ein lagar iskrem, vil den superkalde væska fryse ingrediensane umiddelbart. Då unngår ein at det dannar seg iskrystall, og det ferdige produktet blir utruleg mjukt og kremaktig.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
To drinkeglass med rød drikke som det ryker av.
To drinkeglass med rød drikke som det ryker av.

Ønsker du å lese hele artikkelen?

Ved å logge inn får du full tilgang til artikkelen, samt Lærerrommet med engasjerende læringsstier og oppgaver du kan bruke i undervisningen.

Logg inn med Feide

Ønsker du å prøve ut fullversjonen av Skolerom?
Kontakt oss her!