SEX I MENTE

Kropp er topp!

Høg, låg, smal, brei, freknete, lys, mørk, hårete, glatt, ruglete, tung, lett, sterk, svak, stor, liten, mjuk eller hard.

Er nokre av desse ord som beskriv kroppen din? Sannsynlegvis. Kroppen din er både viktig og uviktig på same tid. Han er viktig fordi han gjer så mykje fantastisk for at du skal fungere og ha det bra i kvardagen. Men han har ingenting å seie for verdien din som menneske.

Når ein er ung, har ein ikkje lyst til å kjenne seg annleis. Vi vil helst sjå ut som alle andre. Kroppen endrar seg raskt, og det er lett å få negative tankar om korleis ein ser ut.

Sjå deg rundt i klasserommet. Ser du nokre kroppar som er heilt like? Nei! Vi er alle forskjellige. Det skal vere plass til alle typar kroppar i samfunnet vårt.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Kroppen er meir enn det auget ser!

Det er lett å tenkje at kroppen berre er det du ser når du kikar deg i spegelen. Men det du ikkje kan sjå i spegelen, altså innsida, er mykje meir spennande enn ein skulle tru!

Tenk på landet vårt, Noreg.

I Noreg er det hav, skogar, fjell, hundrevis av byar og tusenvis av vegar. Vi kan reise rundt i landet ved å køyre bil, buss, tog, fly eller ferje. I Noreg bur det 5,5 millionar menneske, og dei aller fleste vaksne har ein jobb som er viktig for at samfunnet vårt skal fungere. Nokre er legar eller sjukepleiarar. Andre jobbar i butikk. Nokre jobbar i barnehage eller på skule. Nokre byggjer hus, reparerer bilar, lagar lover, fjernar søpla vår eller fraktar menneske og varer.

Tenk på kroppen din!

Han er litt som Noreg, eigentleg. I kroppen finn vi organ som hjarte, lunger og nyrer. Kroppen består dessutan av milliardar av celler med ulike oppgåver. Organa er nesten som byar, og i organa finn vi celler med ulike jobbar. Kvar einaste celle har si eiga oppgåve.

Ulike delar av kroppen er knytte saman ved hjelp av «vegar», som for eksempel blodårene våre. På desse vegane finn vi mange sjåførar som transporterer for eksempel varme, næringsstoff og vatn. Alle organ og celler i kroppen samarbeider for at du skal vere frisk, og for at du skal kunne spele fotball i friminuttet, chatte med vennene dine, sove godt om natta, følgje med på skulen, le, gråte, danse og tenkje kloke tankar.

Eigentleg burde du takke kroppen din kvar gong du ser deg i spegelen. Neste gong du ser deg i spegelen, utfordrar eg deg til å takke kroppen din. Det høyrest kanskje skikkeleg teit ut, men vi skuldar kroppen vår ei takk, for han er heilt rå!

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt

Ønsker du å lese hele artikkelen?

Ved å logge inn får du full tilgang til artikkelen, samt Lærerrommet med engasjerende læringsstier og oppgaver du kan bruke i undervisningen.

Logg inn med Feide

Ønsker du å prøve ut fullversjonen av Skolerom?
Kontakt oss her!