SEX I MENTE

Kropp er topp!

Høg, låg, stor, liten, freknete, hårete, glatt, sterk, svak, mjuk eller hard. Kan nokre av desse orda beskrive kroppen din?

Sannsynlegvis. Kroppen er både viktig og uviktig. Han er viktig fordi vi treng han for å fungere og ha det bra. Men han har ingenting å seie for din verdi som menneske.

Når ein er ung, vil ein helst ikkje vere annleis. Vi ønskjer å sjå ut som alle andre. Kroppen endrar seg raskt, og mange får negative tankar om korleis dei ser ut.

Sjå deg rundt i klasserommet. Er kroppen til nokre av dei andre heilt like? Nei! Alle er forskjellige. Det skal vere plass til alle typar kroppar i samfunnet vårt.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Kroppen er meir enn det auget ser!

Du tenkjer kanskje at kroppen berre er det du ser i spegelen. Men det du ikkje kan sjå, altså innsida, er mykje meir spennande enn ein skulle tru!

Tenk på landet vårt, Noreg.

Her er det hav, skogar og fjell, og hundrevis av byar og vegar. Vi kan reise rundt i landet med bil, buss, tog, fly eller ferje. I Noreg bur det 5,5 millionar menneske, og dei fleste vaksne har ein jobb som er viktig for at samfunnet vårt skal fungere, for eksempel lege, sjukepleiar, lærar, snikkar, mekanikar, advokat, drosjesjåfør eller lastebilsjåfør.

Tenk på kroppen din!

Kroppen din fungerer litt på same måten som Noreg. I kroppen finn vi organ som hjarte, lunger og nyrer. Dei består av milliardar av celler med kvar sine oppgåver. Organa er nesten som byar, og cellene har ulike jobbar.

Alle delar av kroppen er knytte saman ved hjelp av «vegar», som for eksempel blodårer. På desse vegane finn vi mange sjåførar som fraktar varme, næringsstoff og vatn.

Alle organ og celler i kroppen jobbar for at du skal halde deg frisk, så du kan spele fotball, chatte med venner, sove godt, følgje med på skulen, le, gråte og tenkje kloke tankar.

Eigentleg burde vi takke kroppen vår kvar dag, så det utfordrar eg deg til å gjere neste gong du ser deg i spegelen. Det høyrest kanskje skikkeleg teit ut, men vi skuldar kroppen vår ei takk, for han er heilt rå!

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt

Kropp i forandring

Da du blei fødd, vog du rundt 4 kilo og var om lag 50 cm lang. Du kunne ikkje snakke, ete sjølv, sitje, stå eller gå.

Mykje har skjedd sidan den gongen. Kroppen utviklar seg heile tida, og kanskje aller raskast akkurat no. No er du i ein alder der du går frå å vere barn til å bli vaksen. Vi kallar det puberteten.

Hos jenter veks brysta og livmora. Gutane får større testiklar og penis. Ein får hår på nye stader og begynner å lukte sveitte. Hjernen utviklar seg raskt, og kroppen produserer hormon som kan gjere at humøret svingar veldig.

Puberteten kan vere skikkeleg slitsam, men det er heilt normalt! Du held ikkje på å bli galen, du er på veg til å bli vaksen.

Så når foreldra dine prøver å vekkje deg tidleg om morgonen eller klagar på at du er i dårleg humør, kan du seie at kroppen din endrar seg så raskt at det er heilt greitt å vere litt sliten og sur innimellom.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Kropp på sosiale medium

Sosiale medium påverkar korleis vi ser på kroppen vår. Reklame, influensarar, TikTok, BeReal, Instagram og Zoomerang kan påverke sjølvbiletet vårt.

Viss ein stadig ser kroppar med ein bestemt utsjånad, kan ein begynne å tru at kroppen må sjå slik ut for å vere bra nok, for eksempel at alle gutar bør ha musklar og sixpack, eller at alle jenter må ha store puppar, sprettrumpe og ikkje eit hår på kroppen. Men folk på sosiale medium er ofte fiksa på, anten ved biletredigering eller gjennom operasjonar.

Sosiale medium kan bidra til å skape det vi kallar kroppspress. Kroppspress er tanken på at kroppen bør sjå ut på ein bestemt måte.

Viss ein begynner å tru at ein ikkje er bra nok på grunn av eigen kropp, er ein utsett for kroppspress.

Når influensarar skriv:

«Følg desse kosthaldsråda så får du same kropp som meg!»

«Bruk denne kremen for å få like fin hud som meg!»

«Følg denne morgonrutinen så får du like mykje energi som meg!»

er det viktig å hugse på at ingen kroppar er like. Sjølv om alle hadde ete det same og trena like mykje, hadde vi framleis sett heilt forskjellige ut. Ingen kropp er betre, eller meir riktig, enn andre.

Viss du følgjer folk på sosiale medium som gjer deg misnøgd med eigen kropp, bør du trykkje «unfollow».

Det kan hjelpe deg med å få betre sjølvkjensle.

Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt

Du er så mykje meir enn kroppen din 

Tenk på nokon du er veldig glad i, for eksempel ei nær venninne eller eit familiemedlem. Kvifor er du glad i den personen?

Sikkert ikkje på grunn av kroppen deira, men fordi dei er hyggelege, gjer deg glad eller får deg til å kjenne deg vel. Det er ikkje utsjånaden ein blir glad i, utsjånaden er faktisk det som er minst viktig for dei aller fleste.

Takk!

Nesten ingen likar absolutt alt på kroppen sin, men vi kan jobbe med vårt eige sjølvbilete.

Neste gong du ser deg i spegelen, utfordrar eg deg til å takke kroppen din, for han er heilt rå!

Takk til hjernen, som let oss tenkje store tankar, takk til beina, som let oss springe og danse, takk til armane, som let oss halde rundt ein god venn, takk til øyrene, som let oss nyte musikk, takk til tunga, som let oss smake nye smakar, takk til fingrane, som let oss teikne, game og byggje.

Takk, takk, takk!

Korleis kan du ta vare på den fantastiske kroppen din?

Kroppen har det best viss ein tenkjer godt om seg sjølv og har trygge menneske rundt seg.

Ver aktiv, og et sunn mat, så får du ein sterk kropp som toler gledene og utfordringane i kvardagen. Det er viktig å ta vare på kroppen og akseptere han, for han skal vare heile livet.

Og du!

Kroppen din er unik og bra, akkurat slik som han er. Ta plass, same kor stor, liten, høg, låg, mjuk, hard, tung eller lett du er. Det er alltid plass til akkurat deg! Slutt å drøyme om å sjå annleis ut, og tenk heller på alt vi kan bruke den fantastiske kroppen vår til.

Kropp er topp!

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Tre personer, to som trøster den tredje.
Tre personer, to som trøster den tredje.

Kjelder

Hva er kroppspress? Psykologforeningen.no Lastet ned 1. november:

www.psykologforeningen.no/fag-og-politikk/psykisk-helse/livsutfordringer/hva-er-kroppspress

Ny vitenskap om kroppen Orage forlag 2015

Abrahamsen, M. 2021. Psykt deg

Kroppen | Fantorangen Lyrics, Meaning & Videos (sonichits.com)