SEX I MENTE

Kropp er topp!

Høg, låg, stor, liten, hårete, glatt, sterk, svak, mjuk eller hard. Beskriv nokre av desse orda kroppen din?

Sannsynlegvis. Kroppen er viktig fordi vi treng han for å fungere. Men han har ingenting å seie for din verdi som menneske.

Når ein er ung, vil ein helst sjå ut som alle andre.

Kroppen endrar seg raskt, og mange er misnøgde med utsjånaden sin.

Sjå på klassekameratane dine. Er nokre av dei heilt like? Nei! Alle er forskjellige. Det skal vere plass til alle i samfunnet vårt.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Kroppen er meir enn det auget ser!

Mange tenkjer at kroppen berre er det du ser i spegelen, men inni er han mykje meir spennande enn ein skulle tru!

I landet vårt, Noreg, er det hav, skogar og fjell, og hundrevis av byar og vegar. Vi kan reise rundt i landet med bil, buss, tog, fly eller ferje. Det bur 5,5 millionar menneske i Noreg, og dei fleste vaksne har ein jobb som er viktig for samfunnet, for eksempel lege, sjukepleiar, lærar, snikkar, advokat, eller lastebilsjåfør.

Tenk på kroppen din!

Kroppen fungerer litt på same måten som Noreg. I kroppen finn vi organ som hjarte, lunger og nyrer, og dei består av milliardar av celler. Organa er nesten som byar, og cellene har ulike jobbar.

Alle delar av kroppen kommuniserer ved hjelp av «vegar», som for eksempel blodårer. Desse vegane blir brukte av sjåførar som transporterer varme, næringsstoff og vatn.

Organa og cellene samarbeider for at du skal halde deg frisk, så du kan spele fotball, chatte med venner, sove godt, følgje med på skulen, le, gråte og tenkje. Det høyrest kanskje teit ut, men du bør takke kroppen din, for han er heilt rå!

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt

Kropp i forandring

Da du blei fødd, var du bitte liten og kunne ikkje snakke, ete sjølv, sitje, stå eller gå.

Men kroppen utviklar seg heile tida, og kanskje aller raskast akkurat no. Du er i ein alder der du  går frå å vere barn til å bli vaksen. Vi kallar det puberteten.

Hos jenter veks brysta og livmora. Gutane får større testiklar og penis. Hjernen utviklar seg raskt, og kroppen lagar hormon som kan gjere at humøret svingar veldig.

Puberteten kan vere skikkeleg slitsam, men du held ikkje på å bli galen, du er berre på veg til å bli vaksen.

Så når foreldra dine prøver å vekkje deg tidleg eller klagar på at du er i dårleg humør, kan du seie at det er kroppen din som gjer deg litt sliten og sur innimellom.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Kropp på sosiale medium

Sosiale medium påverkar sjølvbiletet vårt. Reklame og influensarar på sosiale medium kan gjere oss kritiske til oss sjølve.

Viss ein ser mange kroppar med ein bestemt utsjånad, er det lett å tru at kroppen må sjå slik ut for å vere bra nok, men det er feil. Folk på sosiale medium bruker ofte biletredigering eller plastiske operasjonar.

Sosiale medium kan bidra til kroppspress. Kroppspress er når vi synest at kroppen bør sjå ut på ein bestemt måte.

Viss ein trur at ein ikkje er bra nok på grunn av eigen kropp, er ein utsett for kroppspress.

Når influensarar skriv:

«Gjer slik, så får du same kropp og like mykje energi som meg!»

er det viktig å hugse på at ingen kroppar er like. Sjølv om alle et det same og trenar like mykje, vil vi framleis sjå forskjellige ut. Ingen kropp er betre, eller meir riktig, enn andre.

Slutt å følgje folk på sosiale medium som gjer deg misnøgd med kroppen din. Det kan hjelpe deg til å få betre sjølvkjensle.

Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt

Du er så mykkje meir enn kroppen din 

Tenk på nokon du er veldig glad i, for eksempel ei nær venninne eller eit familiemedlem.

Kvifor er du så glad i den personen? Sikkert fordi personen er hyggeleg, gjer deg glad og får deg til å kjenne deg vel. Det er ikkje utsjånaden ein blir glad i, for dei fleste er utsjånaden heilt uviktig.

Takk!

Nesten ingen likar alt ved kroppen sin, men vi kan jobbe med vårt eige sjølvbilete.

Takk kroppen din neste gong du ser deg i spegelen, for han er heilt rå! Takk hjernen for at du kan tenkje store tankar, takk beina for at du kan springe og danse, takk armane for at du kan halde rundt ein god venn, takk øyrene for at du kan høyre på musikk.

Takk, takk, takk!

Korleis kan du ta vare på den fantastiske kroppen din?

Kroppen har det best viss ein behandlar han fint og har trygge menneske rundt seg.

Ver aktiv og et sunt – da blir kroppen sterk og toler opp- og nedturane i kvardagen. Det er viktig å ta vare på kroppen, for han skal vare heile livet.

Og du!

Kroppen din er unik og bra, akkurat slik som han er.

Ta plass, same korleis du ser ut! Det er alltid plass til akkurat deg! Slutt å drøyme om å sjå annleis ut, og tenk heller på alt du kan bruke den fantastiske kroppen din til.

Kropp er topp!

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Tre personer, to som trøster den tredje.
Tre personer, to som trøster den tredje.

Kjelder

Hva er kroppspress? Psykologforeningen.no Lastet ned 1. november:

www.psykologforeningen.no/fag-og-politikk/psykisk-helse/livsutfordringer/hva-er-kroppspress

Ny vitenskap om kroppen Orage forlag 2015

Abrahamsen, M. 2021. Psykt deg

Kroppen | Fantorangen Lyrics, Meaning & Videos (sonichits.com)