Frivilligheit

Ordet «frivilligheit» inneheld to ord: fri og villig. Når du jobbar frivillig, jobbar du ikkje for å få løn, men kan du få noko anna?

FN har bestemt at 2022 skal vere frivilligheitsåret.

Eit eige år og ein eigen dag

Frivilligheita har òg ein eigen dag kvart år, 5. desember. Då deler vi i Noreg ut Frivilligheitsprisen. Prisen går til ein person eller ei gruppe som har utmerkt seg når det gjeld å arbeide frivillig.

Målet  for  frivilligheitsåret

Det viktigaste målet for FN er å skape fred i verda, og frivillig arbeid er eit viktig skritt på vegen. Frivillig arbeid kan bidra til at menneske kjem nærmare kvarandre og forstår kvarandre betre.

Frivilligheit kan vere med på å  skape ei betre verd!

Målet for frivilligheitsåret:

1. Få fleire til å jobbe frivillig.

2. Opne for frivillig innsats fleire stader.

3. Skape større kunnskap om den verdien dei frivillige gir samfunnet.

 

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Fargerike armer av papir strekker seg mot jordkloden i midten.
Fargerike armer av papir strekker seg mot jordkloden i midten.

Hæ? Jobbe gratis?

Viss du utfører ein jobb, vil du sikkert ha ei løn? Du kan òg få betalt i form av gåver eller tenester. Eit døme kan vere at du slår plenen for naboen din, medan naboen din handlar for deg. Vi kan kalle det eit bytesamfunn.

Kvifor skal vi jobbe som frivillige?

I dag ventar vi som regel å få løn for å gjere ein jobb. Kvifor skal vi då melde oss frivillige og jobbe gratis?

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Nærbilde av en gressklipper som klipper gress.
Nærbilde av en gressklipper som klipper gress.

Ønsker du å lese hele artikkelen?

Ved å logge inn får du full tilgang til artikkelen, samt Lærerrommet med engasjerende læringsstier og oppgaver du kan bruke i undervisningen.

Logg inn med Feide

Ønsker du å prøve ut fullversjonen av Skolerom?
Kontakt oss her!