Frivilligheit

Ordet «frivilligheit» inneheld to ord: fri og villig. Når du gjer noko heilt frivillig, gjer du det av fri vilje og ventar inga løn for innsatsen. Men kanskje kan du oppnå noko anna?

Kvart år blir ofte via til eit spesielt prosjekt eller ein verdi. FN har bestemt at året 2022 skal viast til frivilligheit.

Eit eige år og ein eigen dag

Frivilligheita har altså fått sitt eige år, men har òg sin eigen dag. 5. desember kvart år deler vi i Noreg ut Frivilligheitsprisen. Prisen blir gitt til ein person eller ei gruppe som har merkt seg spesielt ut når det gjeld frivillig arbeid.

Når FN bestemmer seg for å vie frivilligheita eit heilt år og gi den ein årleg merkedag, er dette fordi organisasjonen ønskjer meir merksemd rundt temaet.

Målet for frivilligheitsåret

Ei av hovudmålsetjingane til FN er å skape fred i verda. Og frivillig arbeid kan vere eit viktig bidrag for å auke medmenneskelegheit og gjensidig forståing. Frivilligheit kan vere eit steg i rett retning mot ei betre verd!

Målet med frivilligheitsåret:

    1. Få fleire til å jobbe frivillig.
    2. Gjere fleire arenaer tilgjengelege.
    3. Skape større kjennskap til meirverdien som dei frivillige gir samfunnet.
Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Fargerike armer av papir strekker seg mot jordkloden i midten.
Fargerike armer av papir strekker seg mot jordkloden i midten.

Hæ? Jobbe gratis?

Viss vi utfører ein jobb, ventar vi gjerne betaling i form av pengar. Bruk av belønning med gull og myntar kan bli spora langt tilbake i tid, men samtidig har det vore vanleg å betale i form av tenester eller gåver. Eit samfunn der tenester blir betalte med andre tenester, blir gjerne kalla eit bytesamfunn. Eit døme er at viss du slår plenen for naboen din, handlar naboen din mat for deg.

Kvifor skal vi jobbe som frivillige?

I dag ventar vi som regel å få betaling i form av pengar for jobben vi gjer. Det er jo ein viktig grunn til at vi jobbar! Kvifor skal vi då melde oss frivillig til å jobbe gratis?

Med frivillig arbeid meiner vi at du skal jobbe fordi du vil bidra til fellesskapet. Det er ikkje fordi du ønskjer noko tilbake av materiell art.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Nærbilde av en gressklipper som klipper gress.
Nærbilde av en gressklipper som klipper gress.

Ønsker du å lese hele artikkelen?

Ved å logge inn får du full tilgang til artikkelen, samt Lærerrommet med engasjerende læringsstier og oppgaver du kan bruke i undervisningen.

Logg inn med Feide

Ønsker du å prøve ut fullversjonen av Skolerom?
Kontakt oss her!