Kva er berekraft?

«Berekraft» er eit anna og enklare ord for «berekraftig utvikling». FNs offisielle definisjon på berekraftig utvikling er:

  • Utvikling som imøtekjem dagens behov utan å øydeleggje moglegheitene for at kommande generasjonar skal få dekt behova sine.

Berekraftig utvikling handlar om at alle i heile verda viser solidaritet med kommande generasjonar, i tillegg til alle dei som lever i dag. Det er ei anerkjenning av at vi berre har éin klode, med ei avgrensa mengd ressursar, og at det er i vår felles interesse å ta vare på kloden.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Strandrydding
Strandrydding

Bakgrunnen

Omgrepet berekraftig utvikling vart først brukt i rapporten «Vår felles framtid» frå 1987. Rapporten vart gitt ut av FN og vart leidd av tidlegare statsminister i Noreg, Gro Harlem Brundtland. Derfor blir han ofte kalla Brundtland-kommisjonen. Rapporten kom med løysingar på både fattigdoms- og miljøproblem, og han bidrog til å forandre måten vi jobbar med miljø- og fattigdomsspørsmål på.

Tre hovudområde

For å skape berekraftig utvikling må verdssamfunnet jobbe på tre område:

  • Klima og miljø
  • Økonomi
  • Sosiale forhold

Leiarane i verda er samde om at økonomi, forskjell og miljø påverkar kvarandre meir enn det vi trudde før. Vi kan ikkje halde fram med å bruke opp kloden vår. Derfor må vi finne løysingar som balanserer belastninga på miljøet med forbruket og økonomien vår. Vi må òg finne betre måtar å fordele rikdommen på. Det er berekraftig både for menneske og miljøet.

Illustrasjon av sosiale forhold
Hvit FN-bakgrunn
Hvit FN-bakgrunn

Klima og miljø

Vi er heilt avhengige av naturen for å leve. Måten vi brukar naturen på i dag, har store konsekvensar for både natur og menneske. Klimagassutsleppa våre varmar opp havet og lufta, og fører til at dyreartar blir utrydda for godt. Det gjer oss meir sårbare for naturkatastrofar og truar livsgrunnlaget vårt. Det igjen kan føre til uro og konfliktar i kampen om naturressursar.

For å stanse klimaendringane og bidra til ei berekraftig utvikling må landet i verda derfor satse meir på fornybare ressursar som vasskraft, vindkraft og solkraft.

Paris-avtalen er ein historisk milepæl for klimaet. Den vart underteikna av alle FN-land i 2015, som den første forpliktande klimaavtalen med reell deltaking frå alle land.

Det betyr at alle land kvart femte år skal rapportere om klimatiltak og framdrift. Det langsiktige målet er å avgrensa global oppvarming til godt under 2 grader Celsius samanlikna med førindustrielt nivå, og ikkje meir enn 1,5 graders oppvarming.

President Donald Trump tok USA ut av Parisavtalen mot slutten av 2020, men den nye presidenten, Joe Biden, tok USA tilbake igjen i begynnelsen av 2021.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Oversvømmelse
Oversvømmelse

Økonomi 

I verda i dag er det eit stort gap mellom fattige og rike, eit gap som blir stadig større. Dei åtte rikaste mennene i verda eig like mykje som halvparten av jordas befolkning!

Fattigdom kan føre til konfliktar og krig. Tilgang til sjukehus og skular er svært viktig for at vi skal skape eit fredeleg og rettferdig samfunn.

Viss alle menneske på jorda skulle hatt same forbruket som menneske i Noreg, måtte vi hatt 3,4 jordklodar. Samanliknar vi til dømes med forbruket til den indiske befolkninga, hadde vi berre trunge litt meir enn ein halv jordklode. Det betyr at rike land må endre ressursbruken sin, om vi skal oppnå berekraftig utvikling.

Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt
Fattig og rik
Fattig og rik

Sosiale forhold

Den sosiale delen av berekraftig utvikling handlar om å sikre at alle menneske får eit godt og rettferdig grunnlag for eit anstendig liv. Det dreier seg mellom anna om utdanning, arbeid, likestilling, kulturelt mangfald og eit godt helsetilbod.

Å satse på utdanning er noko av det viktigaste vi kan gjere for å redusere fattigdom og utvikle demokrati. Her er utdanning av jenter heilt sentralt. Kvinner med utdanning blir meir sjølvstendige, får færre barn, noko som bremsar befolkningsveksten.

Det å skaffe arbeid til kvinner er også veldig positivt for økonomien i eit land. 

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Utdanning for jenter
Utdanning for jenter

Berekraftsmåla til FN

Berekraftsmåla til FN er ein felles arbeidsplan for heile verda, for å utrydde fattigdom, kjempe mot forskjellar og stoppe klimaendringane innan 2030.

Berekraftsmåla til FN består av 17 mål. Måla skal fungere som ei felles global retning for land, næringsliv og sivilsamfunn.

Ein av grunntankane i berekraftsmåla er at ingen skal utelatast («Leaving no one behind»). Dei mest sårbare menneska må derfor prioriterast. Døme på sårbare grupper er menneske med nedsett funksjonsevne, flyktningar, etniske og religiøse minoritetar, jenter og urfolk.

Korleis vil vi ha det i framtida?

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
FNs bærekraftmål
FNs bærekraftmål

Noreg og berekraftsmåla 

Då berekraftsmåla vart vedtekne i FN i 2015, var Noreg pådrivar for å få dei historiske planane vedtekne, og Erna Solberg gjekk i spissen. Sommaren 2021 kom regjeringa med ein «Handlingsplan for å nå berekraftsmåla innan 2030». Her kan vi lese at Noreg som eit rikt velferdsland har oppfylt mange av måla. Det står òg at dei viktigaste kjeldene til utslepp av klimagassar i Noreg er olje- og gassutvinning, industri og transport.

Men samtidig er det ingen konkrete planar om å slutte å hente ut olje.

Norske oljetønner
Hvit FN-bakgrunn
Hvit FN-bakgrunn

Alle har eit ansvar 

Dei 17 berekraftsmåla med dei 169 delmåla gir håp for framtida. Menneske har ei unik evne til å samarbeide og finne løysingar saman. Eit globalt ansvar og samarbeid vil vi trenge no som vi står overfor vår tids største utfordringar.

Kjelder:

Bilde- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Getty Images
    3. Getty Images
    4. Getty Images
    5. Getty Images / Hei verden YouTube
    6. Getty Images
    7. Getty Images / FN-sambandet Norge YouTube
    8. Getty Images
    9. Getty Images