Moral

Moral handlar om korleis vi tenkjer når vi tek vala våre. Kva er det som gjer at vi tenkjer slik vi gjer? Kva slags grunnleggjande haldningar har vi?

Moralske valg
Moralske valg

Grunnleggjande haldningar

Grunnleggjande haldningar er meir enn berre tankane våre. Ein tanke kan  brått forandrast. Ei haldning sit djupare i hjartet. Det kan handle om korleis vi oppfører oss mot andre.

Ei grunnleggjande haldning kan vere rettferd. Klarer vi å behandle alle folk rettferdig sjølv om vi er ulike?

Lojalitet er ei anna grunnleggjande haldning. Å vere lojal handlar ofte om å støtte dei næraste vi har. Vi er lojale mot familien og venner. Men vi kan òg vere lojale mot ein fotballklubb eller eit politisk parti. Vi står saman uansett.

Kva vi ser på som legitime autoritetar, er òg grunnleggjande for kva vi meiner er moralsk. I Noreg meiner vi nok stort sett at politiet og regjeringa er legitime autoritetar. Slik er det ikkje i alle andre land.

Kva oppfattar vi som bra eller dårleg for kropp og sjel? Dette har betydning for moralen vår. Nokre kosar seg i sofaen med TV-seriar og godteri, medan andre er opptekne av kosthald og trening.

Forrige avsnitt

1 / 5

Neste avsnitt
Grunnleggende holdninger
Grunnleggende holdninger

Så kvifor har vi ulik moral?

Moral handlar ofte om kvar vi kjem frå. Land og kulturar kan til dømes ha ulik moral når det gjeld omsorg for eldre. Nokre kulturar meiner at det er ansvaret til familien. Andre meiner at dette er ansvaret til staten.

I den delen av verda der vi bur, bestemmer ungdom mykje sjølve. I andre delar av verda er det ofte foreldra som bestemmer. Det kan vere kven ein skal gifte seg med, eller kven ein får vere saman med på fritida.

Ein type  lojalitet er å samle seg rundt ein religion eller eit politisk parti. For nokre kan dette verke uforståeleg. For andre er dette heilt naturleg.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Eldreomsorg
Eldreomsorg

Autoritetar

Ulike kulturar kan ha ulikt syn på autoritetar. Kven er det som skal bestemme? I nokre kulturar er “dei eldste” ein autoritet. I andre kulturar er religiøse leiarar ein autoritet. I Noreg viser vi respekt for Stortinget, regjeringa og lovene i landet.

Stortinget
Stortinget

Andre problemstillingar

Moral er veldig ulik frå person til person. Nokre tenkjer at dei vil hjelpe alle som lever i fattigdom. Andre lèt vere å bry seg.

Nokre synest det er trygt at vi blir overvakte i samfunnet. Andre synest dette er moralsk feil.

Aktiv dødshjelp
Aktiv dødshjelp

Kjelder:

  • Sagdahl, Mathea Slåttholm: moral i Store norske leksikon på snl.no.
    Henta 2. november 2021 frå  https://snl.no/moral

Bilde- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Getty Images
    3. Getty Images
    4. Getty Images
    5. Getty Images
    6. Getty Images
    7. Getty Images