Kva er ein regnskog?
Sjølv om dei dekker berre seks prosent av overflata til jorda er dei heim til over halvparten av dyreartene til jorda. Bli med inn i den mystiske regnskogen!
Regnskogen
Med sitt overveldande dyreliv er regnskogane på jorda heilt unike. Regnskogar finn ein på heile jorda, utanom Antarktis. Regnskogen får opp mot 2000 millimeter regn kvart år, er veldig viktig for helsa til jorda. Regnskogen vert difor kalla «lungene til jorda».
Kvar veks regnskogane?
Dei største tropiske regnskogane finn ein i Sør-Amerika (Amazonas), i Sentral-Afrika og i Søraust-Asia (på øya Ny-Guinea). Temperert regnskog finn ein i Nord-Amerika, Chile, New Zealand, Tasmania, Taiwan, Japan og i Trøndelag i Noreg.
Regnskog i Noreg
Vi har altså regnskog i Noreg også. Denne finst blant anna i kystnære skogsområde i Rogaland, Trøndelag og Nordland. I desse områda har vi ikkje tropevarme, men jamn tilgang på fukt. Det vil seia at det kjem minst 1200 millimeter nedbør i året, og at minst 200 dagar av året har nedbør. Norsk regnskog har gran, og har spesielt mange ulike sortar lav som gjer desse områda heilt unike.
Laga i regnskogen
Regnskogforskarar deler skogen i fleire lag eller sjikt. Kvart lag har ulik temperatur og grad av fukt, får ulik mengde sollys og har heilt ulike plantar og dyr.
Skogbotnen
Høgde: 0–0,5 m. Det lågaste sjiktet i regnskogane er skogbotnen, eit sjikt heilt nede ved bakken der jordkvaliteten er svært dårleg grunna den nesten totale mangelen på sollys. Likevel er dette laget rikt på mose, sopp, mikroorganismar og insekt som termittar og meitemark.
Kjelder
- Junior vitenskap (2018)
Orage Forlag AS
- Regnskogfondet (20.08.2020)
https://www.regnskog.no/
- Hjermann, Dag Øystein; Larsen, Henning: regnskog i Store norske leksikon på snl.no.
Henta 21. august 2020 frå https://snl.no/regnskog
- WWF (20.08.2020): Nordlige regnskoger
https://www.wwf.no/dyr-og-natur/skog-og-regnskog/skog/nordlige-regnskoger
- Hjermann, Dag Øystein: temperert regnskog i Store norske leksikon på snl.no.
Henta 21. august 2020 frå https://snl.no/temperert_regnskog
- FN (20.08.2020): Regnskog
https://www.fn.no/Tema/klima-og-miljoe/Regnskog
- NRK (20.08.2020)
www.nrk.no/skole
Bilde- og videorettar:
-
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-