10 trinn til eit spennande intervju!
Å lese, sjå eller lytte til eit intervju med eit anna menneske kan vere gøy og spennande. Viss du liker intervjuet, har den som har laga det, gjort ein god jobb. Her skal du lære korleis du kan lage eit godt intervju.
Blokk og papir
1. Vit kva du lagar
Eit intervju er ein eigen sjanger. Det må skrivast på ein spesiell måte. Det handlar om at ein person (journalist) stiller spørsmål til eit anna menneske (intervjuobjektet). Målet er å få gode svar slik at intervjuet blir spennande. Intervjuet kan vere på TV, radio eller i ei avis.
Ung kvinnelig journalist intervjuer en ung mann
2. Kven og kvifor?
Kven skal du intervjue, og kva skal saka handla om?
Jobbar du som journalist i ei avis, får du ofte beskjed om å intervjue nokon. Andre gongar kan du bestemme sjølv. Hensikta er å bli betre kjend med ein person eller ei sak. Den du intervjuar, blir kalla ei kjelde.
Blokk og papir
3. Lag ein intervjuavtale
Du må ta kontakt med den du skal intervjue. Då er det viktig at du fortel kvifor du tek kontakt. Informer òg om du skal ta bilde eller video. Det er viktig at personen får all informasjon han treng. Då er det lettare for personen å seie ja.
Gjøre en avtale over telefon
Blokk og papir
6. Ver deg sjølv
Å intervjue eit anna menneske kan kjennast litt skummelt. Men hugs at så lenge du har førebudd deg, kan det ikkje gå heilt gale. Nokre gongar kan det kjennast godt å seie rett ut korleis du har det. Sei at du er litt nervøs og spent. Ikkje gløym å smile!
Radiointervju
Blokk og papir
8. Still oppfølgingsspørsmål
Intervjuet blir meir spennande viss du klarer å utdjupe svara du får. Ikkje gi deg med det første svaret som kjem. To vanlege og enkle oppfølgingsspørsmål er: «Kvifor eller korleis skjedde det?» og «Kan du fortelje litt meir om det?»
Blokk og papir
10. Skriv så tastaturet får kjørt seg!
No er det berre å skrive på. Følg disposisjonen så godt det lèt seg gjere. Du kan sjølvsagt gjera endringar undervegs. Gjer intervjuet så levande som mogleg. Skap nokre bilde for dei som skal lese. Dei har jo ikkje vore til stades på intervjuet. Les alltid godt igjennom til slutt. Sjekk at du har fått med deg det du ønskjer.
Tastatur laptop
Kjelder:
- dintekstforfatter.no (05.11.21): Hvordan skrive intervju?
https://dintekstforfatter.no/hvordan-skrive-intervju/
- abcnyheter.no (05.11.21): Slik skriver du intervjuer.
https://www.abcnyheter.no/nyheter/2008/04/10/64456/slik-skriver-du-intervjuer
- dincvhjelp.no (05.11.21): Hvordan skrive et intervju?
https://www.dincvhjelp.no/hvordan-skrive-et-intervju/
Bilde- og videorettar:
-
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-