Kva er FN?

24. oktober kvart år er det markering av FN-dagen over heile verda. Men kva er FN, og kva oppgåver har eigentleg FN?

Accessibility icon Kva er FN?

Målet var å sikre evig fred

Foreinte Nasjonar (FN) vart oppretta i 1945. Hovudformålet var å unngå krig i framtida. Etter to verdskrigar bestemte 51 land seg for å skrive under FN-pakta. Pakta beskriv korleis landa kan sikre fred seg i mellom, og sikre alle menneske dei same rettane.

📷  Wilhelm Munthe Morgenstierne, ambassadør og norsk delegat, signerer FN-pakta ved ein seremoni i San Francisco 2. juni 1945.

Ein for alle – alle for ein

I 2022 har FN 193 medlemsland over heile verda. Med nokre få unntak er alle suverene statar i verda medlem. FN har hovudkontor i New York i USA. Alle toppleiarane i medlemslanda møtest i FN-bygningen kvart år. Målet er å bli einige om kva reglar som skal gjelde i internasjonal politikk. For å utrette noko må medlemslanda stå samla.

Samarbeid for ei tryggare verd

Verda kan verke farleg i våre dagar, men mange jobbar for å gjere verda tryggare. Det blir gjort utruleg mykje humanitært og fredsbevarande arbeid over heile verda. Humanitært arbeid handlar om å hjelpe menneske som er i naud.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Wilhelm Munthe Morgenstierne, ambassadør og norsk delegat, signerer FN-pakten ved en seremoni i San Francisco 2. juni 1945.
Wilhelm Munthe Morgenstierne, ambassadør og norsk delegat, signerer FN-pakten ved en seremoni i San Francisco 2. juni 1945.

Kva er eigentleg jobben til FN?

Det viktigaste målet til FN er å bevare internasjonal fred og tryggleik. FN har plikt til å bruke fredelege metodar, men i nokre tilfelle har dei opna for bruk av våpen. Eit eksempel er då FN godkjende bombing av Libya i 2011 for å frigjere befolkninga frå diktatoren Muammar al-Gaddafi. Det var NATO som tok oppdraget med angrepet. Norge var eitt av 15 land som deltok med bombefly.

FN har ikkje eigen hær

FN har ikkje eigne militære styrkar. FN er ein fredsbevarande organisasjon, men kan bruke soldatar frå medlemslanda for å sikre fred i ulike delar av verda. FN jobbar for fredelege løysingar i samarbeid med medlemslanda. FN og NATO kan samarbeide viss situasjonen krev ein militær aksjon. NATO er ein militærallianse som har eigne militære styrkar. 

Ikkje berre krig og fred

FN skal skape samarbeid for å løyse økonomiske, sosiale og humanitære problem i verda. Det betyr blant anna å utrydde fattigdom, stanse farlege sjukdommar og stoppe miljøøydeleggingar. FN passar også på at ingen bryt menneskerettane. For å nå desse måla må FN-landa jobbe saman. Og jobben må gjerast kvar einaste dag!

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
FN soldat står på en høyde og speider utover med en kikkert.
FN soldat står på en høyde og speider utover med en kikkert.

Plikter og rettar

Alle medlemsstatane i FN er suverene og likestilte. Ein suveren stat er eit land som bestemmer over seg sjølv i sitt geografiske område. FN skal ikkje blande seg inn i ein suveren stat før det førekjem brot på menneskerettar eller går mot krig.

Løyse konfliktar med fredelege middel

Alle medlemsstatar skal støtte FN sitt arbeid. Medlemsstatane er forplikta til å løyse internasjonal usemje utan å krenkje internasjonal fred og tryggleik.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Verdenskart der hvert land er fargelagt som sitt eget flagg.
Verdenskart der hvert land er fargelagt som sitt eget flagg.

FN er ein stor organisasjon

For å kunne jobbe effektivt og godt med alle saker, er FN inndelt i ulike grupper (organ). Kvar  gruppe har sine ansvarsområde.

FNs generalforsamling

FNs generalforsamling er saman med Tryggingsrådet det viktigste organet i FN. Der stiller alle medlemsstatane likt når dei skal stemme over viktige val. Mesteparten av det FN utfører blir vedtatt her. Generalforsamlinga møtest kvar haust i FNs hovudkvarter i New York.

FNs generalforsamling
FNs generalforsamling

Tryggingsrådet i FN

Tryggingsrådet  har plikt til å gripe inn når internasjonal fred og tryggleik er trua. Viss  det ikkje  løyser seg med fredelege middel, kan det brukast våpen. Alle medlemsland i FN må følgje det Tryggingsrådet bestemmer.

Medlemmar av Tryggingsrådet

15 land er medlemmar av Tryggingsrådet i FN. Frankrike, Kina, Russland, Storbritannia og USA er faste medlemmar. Dei ti resterande medlemmane blir valde av FNs generalforsamling for to år om gongen. Viss to eller fleire land hamnar i konflikt, kan Tryggingsrådet hjelpe til.

Ikkje alltid fleirtalet som bestemmer

Kvart medlem av Tryggingsrådet har éi stemme. Det trengst eit fleirtal på ni stemmer for å fatte eit vedtak, men kvar av dei fem faste medlemmane kan stemme imot. Dei har noko vi kallar vetorett. Noreg og andre land meiner at denne vetoretten bør justerast. Eitt vetoland bør ikkje kunne stanse hovudoppgåva til Tryggingsrådet: Å vedlikehalde fred og tryggleik.

Vetorett og brot på folkeretten

I krigen mellom Russland og Ukraina har Russland lagt ned veto mot innblanding av FN. Derfor kan ikkje FN gå til væpna angrep for å skape fred. I 2003 forsøkte USA å overtyde resten av FNs tryggingsråd om at Irak produserte atomvåpen, og at USA derfor måtte gå til krig mot Irak for å stanse dette. Tryggingsrådet stemte imot å gå til krig. USA gjikk likevel til krig og braut med folkeretten.

Nye land i FN må godkjennast

I tillegg til arbeidet for fred og tryggleik har Tryggingsrådet oppgåva med å foreslå ny generalsekretær. Det er eit anna namn på den øverste leiaren i FN. Generalforsamlinga bestemmer kven det blir. Nye medlemsland må også godkjennast av Tryggingsrådet. Rådet anbefaler dei vidare til Generalforsamlinga, som stemmer over det.

Forrige avsnitt

1 / 5

Neste avsnitt
FNs sikkerhetsråd
FNs sikkerhetsråd

Den internasjonale domstolen

FNs internasjonale domstol jobbar med juridiske spørsmål. Hovudoppgåva til domstolen er å hjelpe til å løyse konfliktar mellom to medlemsland. Domstolen kan gi råd til Tryggingsrådet og Generalforsamlinga. Domstolen ligg i Haag i Nederland og består av 15 dommarar. Ni av dommarane må vere einige for at Domstolen kan ta ei avgjerd. Dommarane er uavhengige, og dei skal ikkje opptre som representantar for sine land.

Den in ternasjonale domstolen i Haag sett utenfra.
Den in ternasjonale domstolen i Haag sett utenfra.

FN passar på verda

FN har som jobb å passe på heile verda. Passe på at alle har det dei treng for å leve godt, og unngå krig og brot med menneskerettar. For denne innsatsen har FN mottatt Nobels fredspris mange gongar.

📷  Bronserevolveren har tittelen «Non-Violence» og vart utforma i 1985 av den svenske kunstnaren Carl Fredrik Reuterswärd (1934–2016). Han har blitt eit symbol for fred rundt om i verda og står blant anna som skulptur utanfor FN-bygningen i New York.

Fredsbevarande styrkar

FN har sendt soldatar til fleire enn 70 fredsbevarande operasjonar. Desse soldatane jobbar for å bevare eller gjenopprette fred i mange ulike land.

Naud og fattigdom kan motverke fred

FN meiner at krig ofte startar på grunn av fattigdom og naud. FN jobbar derfor mykje med å skape gode levevilkår for alle. FNs høgkommissær for flyktningar gjer eit viktig arbeid med å hjelpe og støtte flyktningar. Høgkommisæren gjer eit viktig arbeid på vegner av eit land eller ein organisasjon.

FNs berekraftsmål

I 2015 vart FNs berekraftsmål vedtekne av Generalforsamlinga. Målet med berekraftsmåla er blant anna å bekjempe fattigdom. Mange av måla skal vere nådde innan 2030.

Klimaendringar

FN arbeider også for å bekjempe klimaendringane. Dei bidrar til at land lager klimaavtalar, som for eksempel Kyotoavtalen frå 1997 og Parisavtalen frå 2015. FNs klimapanel består av forskarar frå heile verda. Dei skriv rapportar som bidrar til internasjonal klimapolitikk.

Menneskerettar

Verdserklæringa om menneskerettar vart oppretta av FN i 1948. Hensikta er å unngå brot på menneskerettane. Dei som bryt desse, kan bli straffa. Dette gjeld for både enkeltpersonar og land.

Forrige avsnitt

1 / 6

Neste avsnitt
Skulptur av en pistol med knute på løpet.
Skulptur av en pistol med knute på løpet.

Noreg og FN

Noreg har heilt sidan 1945 vore ein stor bidragsyter i FN, og har deltatt aktivt for å få ei betre verd. Samtidig har den norske FN-politikken handla om å byggje eit positivt bilde av Noreg som ein fredsnasjon. I Noreg vil folk flest først og fremst forbinde FN med dei lyseblå hjelmane til dei fredsbevarande styrkane, men FN gjer så mykje meir enn det. Den første generalsekretæren i FN var norske Trygve Lie.

Bidrar med pengar og personell

Noreg bidrar med mykje pengar til FN, og bistår med soldatar til FN-operasjonar. Det er også mange nordmenn som har, eller har hatt jobb i FN. I 2017 låg Noreg på sjetteplass over land som bidrar til FN. Norge har deltatt med over 40 000 soldatar i 25 fredsbevarande operasjonar.

Skulane gjer eit viktig arbeid

Skular og barnehagar gjer eit viktig arbeid med å markere FN-dagen kvart einaste år. Då lærer dei om fred og menneskerettar og gir hjelp til fattige og flyktningar.

Gjennom denne markeringa veks barn og ungdom opp med ei forståing av at internasjonalt samarbeid hjelper, og at alle kan bidra. For at FN skal utvikle seg vidare, må nye generasjonar forstå kor viktige dei mange oppgåvene til FN er.  

Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt
Barnehagebarn som vifter med FN-flagg
Barnehagebarn som vifter med FN-flagg

Kva har FN eigentleg oppnådd?

Kvart år vert FN-dagen markert over heile verda, og vi har mykje å vere takksame for. Den innsatsen FN legg ned kvar einaste dag for å sikre fred, hjelpe flyktningar og gi mat og medisiner til fattige, er svært viktig.

Mange barn og vaksne er redde om dagen, og situasjonen i verda kan sjå temmeleg mørk ut. Men det finst håp der ute! Det er nokre som står på døgnet rundt heile året for å gjere verda til ein tryggare stad. Korleis hadde verda sett ut viss FN ikkje hadde gjort jobben sin?

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
FN-soldat snakker med tre barn.
FN-soldat snakker med tre barn.

Kjelder:

  • Knudsen, Olav Fagelund; Ravndal, Ellen Jenny; FN-sambandet: FN – Forente nasjoner i Store norske leksikon på snl.no.
    Henta 19. oktober 2022 frå  http://snl.no/FN_-_Forente_nasjoner
  • Knudsen, Olav Fagelund: stat i Store norske leksikon på snl.no.
    Henta
    18. oktober 2022 frå
  • https://snl.no/stat

Bilde- og videorettar:

    1. Offentlig eiendom
    2. UN Photo
    3. UN Photo / Yutaka Nagata
    4. UN Photo / Rick Bajornas
    5. UN Photo / Rick Bajornas
    6. Getty Images
    7. UN Photo / Eskinder Debebe
    8. FN-sambandet
    9. UN Photo / Eskinder Debebe