Kva er NATO?

NATO dukkar stadig opp i nyheitene når det er snakk om krigar og konfliktar verda over, men kva er eigentleg denne organisasjonen, kven er med, og kva for nokre oppgåver har organisasjonen?

Accessibility icon Kva er NATO?

Her signerer Noregs utanriksminister den viktige avtalen …

… og sidan denne augnblinken, den 4. april 1949, har Noreg vore medlem av NATO. Men kva er eigentleg NATO?

Utenriksminister Halvard Lange signerer Atlanterhavspakten på vegne av Norge

Kvifor vart NATO oppretta?

Etter andre verdskrigen hadde mange land eit stort behov for meir internasjonalt samarbeid, slik at ein kunne unngå nye, øydeleggjande krigar. Verda hadde også sett konsekvensane av atomvåpen etter at USA bomba dei japanske byane Hiroshima og Nagasaki. I tillegg frykta mange at mektige, kommunistiske Sovjetunionen skulle prøve å utvide seg til fleire land.

Dette førte til at 12 vestlege land, inkludert Noreg, gjekk saman om å opprette ein forsvarsallianse, og den 4. april 1949 skreiv dei under på Atlanterhavspakta. Denne avtalen forpliktar alle NATO-landa å følgje.

Det viktigaste i Atlanterhavspakta er artikkel 5. Der står det: «Eit væpna angrep mot éin eller fleire av dei tilslutta statane skal betraktast som eit angrep mot dei alle». Dette betyr at viss til dømes Noreg blir angripe, vil alle dei andre NATO-landa hjelpe Noreg.

Med jamne mellomrom har fleire land slutta seg til pakta, og i dag består NATO av 30 medlemsland. Fleire land vurderer NATO-medlemskap, mellom anna Sverige og Finland.

Flaggene til Natos medlemsland

Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt
4. april 1949 ble Nato stiftet i Washington D.C.
4. april 1949 ble Nato stiftet i Washington D.C.

Ønsker du å lese hele artikkelen?

Ved å logge inn får du full tilgang til artikkelen, samt Lærerrommet med engasjerende læringsstier og oppgaver du kan bruke i undervisningen.

Logg inn med Feide

Ønsker du å prøve ut fullversjonen av Skolerom?
Kontakt oss her!