Kva er grønvasking?

«Miljøvennleg», «berekraftig», «etisk» og «klimanøytral» er ord som blir klistra på alt frå tannbørstar til bilar. Vi vil jo gjerne ta berekraftige val når vi handlar. Men det er ikkje alltid påstandane om berekraft held det dei lovar.

Accessibility icon Kva er grønvasking?

Shoppe med god samvit? 

Du finn ei bukse du får sjukt lyst på. Ho er perfekt. Du tenkjer at ho vil gjere deg lykkeleg. Samtidig veit du at du har åtte andre bukser i skapet, og at dette kjøpet er skadeleg for miljøet, for klimaet, og for fattigdommen i verda. Men sjå, buksa er merkt «økologisk og etisk framstilt bomull». Då er det vel null stress?

Jente som sitter i sofaen og holder en jeans hun har pakket opp og kjøpt på nettet
Jente som sitter i sofaen og holder en jeans hun har pakket opp og kjøpt på nettet

Grønt er pop

Det såkalla «grøne skiftet» er kort forklart ei generell forandring i meir miljøvennleg retning basert på berekraftsmåla til FN. Folk ønskjer å vere meir medvitne som forbrukarar. Vi ønskjer å velje produkt som ikkje øydelegg klimaet eller skaper meir fattigdom i verda. Dette grøne skiftet har òg næringslivet, som lever av forbruket vårt, fått med seg. No blir det selt «grønare alternativ» som aldri før.

Kvifor? Jo, fordi berekraft sel. Og vi forbrukarar ønskjer å ta gode val. 

Kva er berekraftig utvikling? 

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Flere klær som henger på en stang og en lapp som leser 100% organisk
Flere klær som henger på en stang og en lapp som leser 100% organisk

Kor miljø- og klimavennlege er eigentleg produkta vi kjøper?

Undersøkingar viser at vage, overdrivne eller feilaktige påstandar om berekraft er eit utbreidd problem i heile Europa, også Noreg. Vi har ei streng marknadsføringslov som seier at det ikkje er lov å villeie forbrukaren.

Næringslivet har teke mange grøne grep, men dei er nøydde til å kunne dokumentere kva som gjer produktet klimavennleg. Elles blir det tomme ord. Dette blir òg kalla «grønvasking», som du skal få nokre døme på her.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Tre barn som bærer handleposer hjem
Tre barn som bærer handleposer hjem

Klede 

Ifølgje ein FN-rapport er det berre oljebransjen som slår klesindustrien i årlege utslepp, målt i prosent. I tillegg kjem andre miljøproblem som utslepp av mikrofiber og giftstoff. Såkalla «fast fashion» er ein klimaversting. Men bransjen har tilsynelatande teke grep. Mange klede er no merka med «conscious», «let’s clean up», «sustainable» og «recycled». Men det er dessverre ofte berre for å lure forbrukarane til å kjøpe meir klede med mindre dårleg samvit.

Masse fargerike klær på stativ og liggende på gulvet
Masse fargerike klær på stativ og liggende på gulvet

Fastfood 

Fastfood-kjedene er ei stor kjelde til forsøpling av naturen. Dei legg frå seg triste spor i grøftekantar og fortau nærast overalt. Plast i havet er eit veldokumentert problem. Nokre burgarkjeder oppfatta kjapt engasjementet til forbrukarane for ei tid tilbake og bestemte seg dermed for å slutte med plastsugerøyr. Altså før plast som innpakning vart forbode. Eit beundringsverdig tiltak og eit skritt framover. Rett nok eit museskritt, med tanke på dei enorme mengdene eingongsemballasje som bransjen produserer og forbruker og dermed belastar jordkloden med.

Engangskrus med lokk og sugerør som ligger på bakken
Engangskrus med lokk og sugerør som ligger på bakken

Kjøtt 

For ei stund sidan vart det oppdaga at svinekjøttprodusentar i Noreg selde svinekjøtt av grisar som vart dårleg behandla. Bilde av grisar som lei, vakte sterke reaksjonar. Etterpå vart store kampanjar lanserte, der produsentane forsikra forbrukarane at dyra har «hatt det bra», utan å nemne nokre konkrete tiltak for å rydde opp i skandalen. Det blir ei form for grønvasking ved at produsenten villeidde forbrukarane og appellerte til ønsket vårt om at dyra skal ha eit verdig og godt liv.

Fire griser som kikker ut bak et gjerde
Fire griser som kikker ut bak et gjerde

Fly 

Flytransport står for det aller største utsleppet av klimagassar. Billigreiser med fly er ei stor årsak til dette. Så når flyselskap som sel billige flyreiser, reklamerer med at dei er klimavennlege og «grøne», blir det vanskeleg å ta dei alvorleg. Her speler dei på det dårlege klimasamvitet vårt, og det er eit klassisk tilfelle av grønvasking.

Passasjerfly som tar av i solnedgang
Passasjerfly som tar av i solnedgang

Olje 

Olje er eit fossilt brennstoff og slik sett eit av hovudproblema når vi snakkar om klima og miljø. Likevel vil bransjen hive seg på den grøne bølgja. Dei nyaste norske oljefelta «har eit av dei lågaste CO2-utsleppa frå produksjon i verda», sidan plattformene blir drivne av vasskraft frå land.

Det er vel og bra, men det hjelper lite når sjølve oljen som blir opp pumpa i aukande tempo, er blant dei største grunnane til at klimaforskarane i verda roper høgt om klimakrise. Dette er det rare med Noregs bidrag i klimakampen. Vi er kanskje ein del av problemet og løysinga på ein gong.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Oljeplatform med vindmøller rundt
Oljeplatform med vindmøller rundt

Mange gjer mykje bra 

Dei industriane vi har nemnt no, bidreg òg positivt til det grøne skiftet. Klesbransjen har til dømes på kort tid begynt å fokusere mykje meir på gjenbruk og klimavennlege tekstilar. Fastfood-kjeder har bytt ut plastsugerøyra med pappsugerøyr – eit enormt framsteg, med tanke på kor mange av desse som endar i naturen. Mange av desse endringane har skjedd på grunn av nye lover og føreskrifter. Klima og berekraft er i ferd med å ta styringa for korleis vi skal oppføre oss som forbrukarar.

Mange papirsugerør i et glass
Mange papirsugerør i et glass

Alle kan bli meir medvitne 

Å vere klimasmart, grøn, berekraftig og økologisk er populært, og bra er det. Men når dette blir merkelappar utan innhald, vil orda miste betydning og kraft.

Alle handlingane våre som forbrukarar har innverknad. Ingen klarer å gjere alt rett heile tida og leve eit 100 prosent klimanøytralt liv. Men alle kan gjere litt, og det du gjer, er viktig.

 Berekraftsmåla til FN utfordrar deg! 

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Grønn hånd som holder et tre ved tørr jord og trestubber
Grønn hånd som holder et tre ved tørr jord og trestubber

Kjelder:

  • FN-sambandet (24. august 2021): FNs rapport: En alarm for menneskeheten.
    https://www.fn.no/nyheter/fns-klimarapport-en-alarm-for-menneskeheten

Bilde- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Getty Images
    3. FN-sambandet Norge – YouTube
    4. Getty Images
    5. Getty Images
    6. Getty Images
    7. Getty Images
    8. Getty Images
    9. Getty Images
    10. Getty Images
    11. Getty Images
    12. UNICEF Norge – YouTube