Kva er grønvasking?

«Miljøvennleg», «berekraftig», «etisk» og «klimanøytral» er ord som blir klistra på alt frå tannbørstar til bilar. Vi vil jo gjerne ta berekraftige val når vi handlar. Men det er ikkje alltid påstandane om berekraft held det dei lovar.

Accessibility icon Kva er grønvasking?

Kjøp med god samvit? 

Tenk deg at du finn ei bukse du får sjukt lyst på. Ho er perfekt. Du tenkjer at ho vil gjere deg lykkeleg. Samtidig veit du at du har åtte andre bukser i skapet, og at dette kjøpet er skadeleg for miljøet og for verdas fattige. Men sjå, buksa er merkt med «økologisk og etisk framstilt bomull». Då er det vel ikkje noko problem?

Jente som sitter i sofaen og holder en jeans hun har pakket opp og kjøpt på nettet
Jente som sitter i sofaen og holder en jeans hun har pakket opp og kjøpt på nettet

Grønt er pop

Det såkalla «grøne skiftet» handlar kort sagt om å forandre verda i ei meir miljøvennleg retning. Folk ønskjer å vere meir medvitne som forbrukarar. Vi ønskjer å velje produkt som ikkje øydelegg klimaet eller skaper meir fattigdom i verda.

Også dei som sel produkt av alle slag, har fått med seg ideen om det grønne skiftet. No blir det selt «grønare alternativ» som aldri før. Kvifor? Jau, fordi berekraft sel. Vi forbrukarar ønskjer jo å ta gode val.

Kva er berekraftig utvikling? 

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Flere klær som henger på en stang og en lapp som leser 100% organisk
Flere klær som henger på en stang og en lapp som leser 100% organisk

Kor miljøvennlege er eigentleg produkta vi kjøper?

I Noreg har vi strenge lover som seier at det ikkje er lov å lure forbrukaren. Likevel ser vi ofte overdrivne eller feilaktige påstandar om berekraft.

Dei som sel produkt, har teke mange grøne grep, men dei er nøydde til å ha bevis for kva som gjer produktet klimavennleg. Elles blir det tomme ord. Dette blir òg kalla «grønvasking», noko du skal få nokre døme på her.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Tre barn som bærer handleposer hjem
Tre barn som bærer handleposer hjem

Klede 

FN seier at det berre er oljebransjen som slår klesindustrien når det gjeld utslepp. I tillegg kjem andre miljøproblem som utslepp av mikrofiber og giftstoff. Såkalla «fast fashion» eller «rask mote» er ein klimaversting.

Samtidig kan det verke som bransjen har teke grep, og mange klede er no merka med «miljøvennleg» eller «berekraftig». Dessverre er dette ofte mest eit forsøk på å få forbrukarane til å kjøpe meir klede utan få dårleg samvit.

Masse fargerike klær på stativ og liggende på gulvet
Masse fargerike klær på stativ og liggende på gulvet

Hurtigmat

Hurtigmatkjedene er ei stor kjelde til søppel i naturen. All pappen og plasten blir liggande som triste spor i grøftekantar og på fortau nærast overalt. Plast i havet er eit kjent problem. Nokre burgar-kjeder merka raskt at dette er noko kundane er opptekne av, og bestemte seg for å slutte med plastsugerøyr. Det gjorde dei altså før slike eingongsprodukt faktisk vart forbodne. Dette er eit skritt framover, men det er likevel framleis mykje som kan gjerast betre.

Engangskrus med lokk og sugerør som ligger på bakken
Engangskrus med lokk og sugerør som ligger på bakken

Kjøtt 

For ei stund sidan vart det oppdaga at svinekjøttprodusentar i Noreg selde svinekjøtt av grisar som vart dårleg behandla. Bilde av grisar som hadde det vondt, gjorde mange sinte. Etterpå begynte produsentane å forsikre oss om at dyra har «hatt det bra», utan å nemne noko om kva dei gjorde for å rydde opp. Det blir ei form for grønvasking, fordi produsentane spelte på ønsket vårt om at dyra skal ha eit verdig og godt liv.

Fire griser som kikker ut bak et gjerde
Fire griser som kikker ut bak et gjerde

Fly 

Fly står for det aller største utsleppet av klimagassar. Billige reiser med fly er ei viktig årsak til dette. Når flyselskap som sel billige flyreiser, reklamerer med at dei er klimavennlege og «grøne», blir det altså vanskeleg å ta dei alvorleg. Her speler dei på det dårlege samvitet vårt, og det er eit klassisk døme på grønvasking.

Passasjerfly som tar av i solnedgang
Passasjerfly som tar av i solnedgang

Olje 

Olje er eit av hovudproblema når vi snakkar om klima og miljø. Likevel vil bransjen hive seg på den grøne bølgja. Det blir sagt at dei nyaste norske oljefelta har nokre av dei lågaste utsleppa i verda, sidan plattformene blir drivne av vasskraft frå land.

Det er jo fint, men det hjelper lite når sjølve oljen som blir pumpa opp, er blant dei viktigaste årsakene til klimakrisa i verda. Dette er det rare med Noregs rolle i klimakampen. Vi er både ein del av problemet og løysinga på ein gong.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Oljeplatform med vindmøller rundt
Oljeplatform med vindmøller rundt

Mange gjer mykje bra 

Sjølv om grønvasking er eit problem, er det òg mange som faktisk bidreg til det grøne skiftet. Dei som lagar klede, har til dømes begynt å fokusere mykje meir på gjenbruk og klimavennlege stoff. Hurtigmatkjeder har bytt ut plastsugerøyra med pappsugerøyr – eit viktig framsteg når vi tenkjer på kor mange av desse som endar i naturen. Mange av desse endringane har skjedd på grunn av nye lover og føreskrifter. Klima og berekraft påverkar korleis vi oppfører oss som forbrukarar.

Mange papirsugerør i et glass
Mange papirsugerør i et glass

Alle kan bli meir bevisste 

Å vere grøn, berekraftig og økologisk er populært, og bra er det. Men når dette blir merkelappar utan innhald, betyr ikkje orda noko lenger.

Alt vi gjer som forbrukarar, påverkar verda. Ingen klarer å gjere alt rett heile tida, men alle kan gjere litt, og det du gjer er viktig.

Berekraftsmåla til FN utfordrar deg! 

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Grønn hånd som holder et tre ved tørr jord og trestubber
Grønn hånd som holder et tre ved tørr jord og trestubber

Kjelder:

  • FN-sambandet (24. august 2021): FNs rapport: En alarm for menneskeheten.
    https://www.fn.no/nyheter/fns-klimarapport-en-alarm-for-menneskeheten

Bilde- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Getty Images
    3. FN-sambandet Norge – YouTube
    4. Getty Images
    5. Getty Images
    6. Getty Images
    7. Getty Images
    8. Getty Images
    9. Getty Images
    10. Getty Images
    11. Getty Images
    12. UNICEF Norge – YouTube