Ved første blikk

Du har allereie opplevd det. Då du opna auga for første gong, såg du inn i to andre auge som lyste av mors kjærleik. Du var fullstendig avhengig av han for å overleva. Hjartet til mor di var i ferd med å bli sprengt av denne kjensla – kjærleiken til deg. Bandet mellom mor og barn er ei av dei sterkaste kjenslene vi kjenner til.

Nybakt mamma med babyen hennes på sykehuset

Underleg

Kjærleik er ifølgje psykologien ei positiv kjensle, og ein tilstand som plutseleg fyller deg i møte med andre. Noko uventa komisk skjer i kassakøen på butikken, blikk blir veksla, og alle bryt ut i latter. Du gir bestevennen din ein god klem etter å ha vore borte lenge. Eller hunden din som kjem løpande mot deg i ekte gjensynsglede.

Border collie løper på en gresslette

Vedunderleg 

Når vi blir fylte av kjærleik, føler vi tryggleik og aksept. Du kjenner at du høyrer til noko som er større enn deg sjølv. Du er ein del av fellesskapet. Vi knyter oss til andre ved blikk og smil, og då kjenner vi oss kanskje elska – eller i alle fall at nokon tar vare på oss. 

To personer som holder hender under solnedgang

Viktig

Alt mennesket treng, er andre menneske. Forskarar er einige om at kjærleik er ein viktig suksessfaktor for at barn skal utvikla seg best mogleg. Det gir dei tryggleik og ro, noko kroppen faktisk treng for å utvikla seg normalt. Så når vi søker mot kvarandre, er det fordi vi frå naturen si side er flokkdyr. Vi er avhengige av kvarandre. Tenk på det neste gong du får eit smil av ein framand på bussen.

En person som holder et hjerte i hendene

Livsviktig

Kjærleik er ikkje berre viktig, men i nokre samanhengar heilt avgjerande for liv og helse. Eit eksempel er barneheimsbarna i Romania som blei utsette for forferdeleg omsorgssvikt. Dei fekk så vidt mat, klede og tak over hovudet, og elles blei dei stort sett overlatne til seg sjølve. Resultatet var at dei fekk store problem med utviklinga, særlig psykisk.

Då dei blei redda ut og fekk kjærleik og omsorg, fekk dei òg etter kvart ei normal utvikling. Barna hadde mangla det vennlege stroket over kinnet, og då dei fekk det, blomstra dei. Det er sterke teikn på at vi ikkje klarer oss utan kjærleg og fysisk berøring.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Gutt som sitter i et vindu og er lei seg

Heftig

Så er det kanskje derfor kjærleiken er ei så sterk kraft som skyl gjennom oss. Han får tida til å stå stille og jorda til å snurra. Kanskje har du allereie kjent på forelsking. Det er kjærleik på høggir, i konsentrert form. Forelsking er faktisk som ein rus for hjernen, og dei som er forelska, opplever han også slik. Det er svimlande godt og samtidig nesten vondt å vera forelska. Og har du ikkje opplevd det enno – berre vent.

Godteri formet som hjerter

Pinleg

Kjærleiken frå dei vaksne kan arta seg på mange måtar – og du synest kanskje det er både urettferdig og ufatteleg kleint. Som når du ikkje får lov til å dra på den festen, eller mamma dukkar opp framfor deg og vennene for å flossa litt. Hugs at dei meiner det som ei kjærleikserklæring!

Far og datter danser sammen i stua

All You Need is Love

To karar ved namn John og Paul sa det slik i ein gammal popsong: All You Need is Love – alt du treng er kjærleik. Og det er ganske riktig. Men er det så enkelt? Vi får det vi gir, blir det sagt. Så for kjærleikens skuld – gi eit lite smil til ein framand på bussen.

Rød bakgrunn med hjerter

Love is Love!

Fotballkompisane og venninnene dine kan forelska seg i kven dei vil, akkurat som du kan. For no veit vi at «kjærleiken utheld alt, trur alt, håpar alt, toler alt», som er eit sitat frå Bibelen. Kva betre superkraft enn kjærleik finst det for å møta verda?

Pride flag i en Pride parade

Kjelder:

  • Historie og vitenskap – 3 (2020):
    Orage Forlag AS
  • Vold, Jan Erik (2002): «Ta vare»
    I
    kykelipi. Gyldendal Norsk Forlag.

Bilet- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Getty Images
    3. Getty Images
    4. Getty Images
    5. Getty Images
    6. Getty Images
    7. Getty Images
    8. Getty Images / LyndenDavidHall4ever  YouTube
    9. Getty Images