Kva for draumar har du for framtida?

Korleis ser du for deg at livet skal bli? Kva val står du framfor, og i kva retning skal du gå?

Accessibility icon Kva for draumar har du for framtida?

Framtida

Det er vanskeleg å vite korleis framtida blir. Det einaste vi kan vere sikre på, er at framtida kjem. Nokon synest det er vanskeleg å tenkje på framtida. Vi kan enten grue eller glede oss til henne.

EN dame som sitter og ser utover sjøen
EN dame som sitter og ser utover sjøen

Framtidsønske

Kva vi drøymer om, endrar seg etter kvart som vi blir eldre. Små barn drøymer om noko heilt anna enn vaksne. Tenåringar drøymer kanskje om å bli forelska eller vinne gull i OL.

Kanskje drøymer du om kva slags jobb du vil ha, om kvar du vil bu, eller om at du får mykje pengar.

Jente som står å ser ut i luften og smiler
Jente som står å ser ut i luften og smiler

Å gjere val

Vi må ofte gjere val. Det er vanskeleg å vite om dei er rette eller galne. Moglegheitene er mange, men du kjem ikkje utanom.

Tenk over dette: Det handlar ikkje alltid om kva du vil bli. Du er allereie noko. Lev i augneblinken, for du er heile tida på veg inn i framtida.

Bilde av føtter med masse piler rundt
Bilde av føtter med masse piler rundt

Du kan alltid ta nye val

Vala vi tek, kan vere både kloke og dumme. Dei dumme vala kan òg vere bra for deg. Då lærer du noko nytt om deg sjølv. Val kan vere vanskelege, men dei er ikkje alltid avgjerande for resten av livet! Du kan alltid ta nye val. Ikkje planlegg heile livet her og no, men tenk på livet som etappar i ein stafett.

Dame som står med armene ut og sr utover byen
Dame som står med armene ut og sr utover byen

Bilde- og videorettar:

  1. Getty images
  2. Getty images
  3. Getty images
  4. Getty images