Korleis vel du ein karriereveg?

Det er viktig å hugse at ikkje alle jobbar passar for alle. Ein jobb som er perfekt for vennen din, er kanskje heilt feil for deg.

Her er nokre tips til korleis du kan velje ein jobb som passar for deg:

  • Kva liker du å gjere?: Kanskje du elskar å teikne, rekne eller hjelpe andre? Interessene dine kan vise deg vegen til den rette jobben.
  • Snakk med nokon du stolar på: Snakk gjerne med familie, venner eller lærarar. Dei kjenner deg godt og kan gi gode råd.
  • Vurder jobbmarknaden: Nokre yrke har større behov for folk enn andre. Kva slags jobbar vil vere viktige i framtida?
  • La deg inspirere av andre: Vi blir ofte påverka av menneska rundt oss, og det er fint, men hugs at du sjølv vel din eiga framtid.
  • Ver open for forslag: Kanskje andre ser talent hos deg som du ikkje har tenkt på sjølv? Ver open for nye idear.

Desse råda kan hjelpe deg å finne ein jobb som er spennande og som gir deg ein meiningsfylt kvardag. Det er viktig å finne ein jobb du vil trivast med!

Vi blir ofte påverka av andre når vi skal velje studiar eller jobb. Nokre gonger er det bra for oss, andre gonger får det oss til å tvile på eigne val. La oss sjå nærmare på kven som kan påverke oss og korleis. 

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
En jente flyr i luften
En jente flyr i luften

Familie og venner – din eigen heiagjeng!

Tenk på familie og venner som din personlege heiagjeng. Dei kjenner deg godt og kan foreslå jobbar som passar for deg, særleg viss dei sjølv har ein spennande jobb. Ver nysgjerrig – kanskje du får heilt nye idear!

Familie – dine første rådgivarar

Familien påverkar oss frå vi er små. Heile livet lærer vi ved å sjå på kva foreldra og søskena våre gjer. Viss nokon i familien er lege, advokat, eller handverkar, har du kanskje lyst til å jobbe med det same. Familien kan tipse oss om kva jobbar som er trygge og gode.

Venner viser oss  moglegheiter

Venner kan påverke deg enda meir enn familien din, spesielt når du er ung. Viss vennene dine gamar mykje, kan du til dømes bli interessert i ein jobb innan teknologi eller spelutvikling. Venner støttar og heiar på oss, men ein kan òg føle seg pressa til å velje same vegen som dei. 

Familie og venner kan hjelpe deg med å velje karriere ved å gi deg råd og inspirasjon, men hugs at du må velje ein veg du sjølv synest er spennande!

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Tre venninner smiler og klemmer
Tre venninner smiler og klemmer

Skulen – ditt oppdragssenter

Skulen er ein stad der du lærer matematikk og grammatikk, men han er òg til hjelp når du skal finne ein jobb som passar for deg. Liker du kunst, vitskap eller musikk? Faga du liker best, kan hjelpe deg å finne draumejobben.

Læraren som rettleiarar

Lærerne dine kan gi gode råd og hjelpe deg på vegen mot draumejobben. 

Ein god lærar kan vekkje interessa di for eit fag og hjelpe deg å velje rett utdanning.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
En gjeng unge sitter sammen med skolearbeid
En gjeng unge sitter sammen med skolearbeid

Media – verda inn i stova

Alt du ser på TV og  internett kan gi deg idear til nye jobbar. Du kan lære om å  jobbe som “miljøhelt” som bekjempar forureining, eller som “dataekspert” som utviklar ny teknologi.

Populærkultur

Media som TV, film, nyheiter og sosiale medium påverkar vala våre, og populærkultur viser oss kva som er trendy for tida. Populærkultur er til dømes musikk og filmar som mange menneske liker og delar. Det viser kva som er populært blant folk flest til kvar tid.

Til dømes førte filmen «Jurassic Park» til at fleire studerte paleontologi. Media påverkar oppfatninga vår av kva slags jobbar som er spennande.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
En stue
En stue

Samfunnet rundt deg –  verda di

Verda forandrar seg heile tida, og det gjer arbeidsmarknaden òg . Teknologi, miljøvitskap og helsearbeid er spesielt viktige jobbar akkurat no.

Samfunnet og kulturen vi lever i påverkar oss. Verdsøkonomien, nye oppfinningar og store hendingar som pandemiar påverkar kva slags jobbar som er viktige.

Når vi forstår dette, kan det bli lettare å vite kva slags jobbar vi bør velje.

En gutt går ute med et kart og sekk
En gutt går ute med et kart og sekk

Kva er du god til?

Alle har unike talent. Du kan vere god i matte eller flink til å teikne. Talenta dine viser deg kva slags jobbar du kan like.

Vel din eigen veg

Det er viktig å høyre på råd frå andre, som familie og lærarar, men det er òg viktig å tenkje på kva du sjølv liker og drøymer om. Vel noko som passar til akkurat deg og det du ønskjer å gjere i framtida.

Bruk talenta dine til å velje di eiga framtid. Talenta dine er superkrafta di!

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Tre ungdommer er sammen ute
Tre ungdommer er sammen ute

Lukke til på reisa

Tenk at du er som ein oppdagingsreisande på veg til å velje ein karriere. Mykje kan påverke valet ditt, til dømes familie, venner og sosiale medium, men det er du som må ta valet.

Lêr meir om ting du liker, og ver open for nye moglegheiter. Lykke til med å finne draumejobben din!

En gutt flyr over en åker
En gutt flyr over en åker