Flørting, kjensler og sosiale kodar

Kva betyr det eigentleg å flørte? Er det når du sender ein snap med hjarteemoji, eller når du tør å seie: «Du er søt» i skulegarden? Og korleis veit du om nokon verkeleg liker deg, eller om dei berre er hyggelege?

I denne artikkelen får du vite meir om flørting, kjensler og sosiale kodar, både om korleis det har vore før, om korleis det er i dag, og om korleis du kan forstå det betre. Vi tek opp alt frå pingvinar som gir gåver til kvarandre, til korleis du kan setje grenser og vere trygg på deg sjølv.

Kurtiseringa sine røter – eit historisk tilbakeblikk

Flørting eller kurtisering, som det vart kalla før, har eksistert i alle tider. Menneske har alltid hatt behov for å vise interesse for kvarandre, og måten vi gjer det på, har endra seg med tid og kultur.

I gamle dagar var flørting ofte meir formell og styrt av reglar. På 1700- og 1800-talet kunne ein ung mann vise interessa si ved å sende eit handskrive dikt med bod, gi ein blomst eller be om å få spasere med ei ung kvinne i hagen, gjerne med foreldra som tilskodarar. Ein gut og ei jente var aldri åleine saman, og skulle ein møtast, så måtte ein ha anstand. Det vil seie at det alltid var nokre andre til stades.

Rolla til kvinna var ganske passiv. Ho kunne svare med eit diskret smil, eit nikk eller eit blikk, men det var sjeldan ho tok initiativ sjølv.

I overklassen var kurtisering ein del av eit større sosialt spel. Det handla ikkje berre om kjensler, men også om  å få status og forventingar om eit betre liv med meir respekt.

I nokre kulturar brukte kvinner vifter for å sende hemmelege signal – éi rørsle kunne bety «eg liker deg», ei anna «gå bort». I riddarkulturen song trubadurar kjærleiksballadar til sine utkåra, og kjærleiken vart ofte framstilt som noko høgtideleg og nesten uoppnåeleg. Det var ikkje uvanleg at kjærleiken vart idealisert som noko ein lengta etter, men kanskje aldri fekk, for dei fleste ekteskap var organiserte av foreldra.

Kurtisering var altså ikkje berre romantisk. Det kunne også vere strategisk. Å velje rett partnar kunne bety økonomisk tryggleik, sosial klatring eller politiske alliansar. Flørting var derfor både kjensler og taktikk, og ein viktig del av kulturen i mange samfunn.

Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt

Ønsker du å lese hele artikkelen?

Ved å logge inn får du full tilgang til artikkelen, samt Lærerrommet med engasjerende læringsstier og oppgaver du kan bruke i undervisningen.

Logg inn med Feide

Ønsker du å prøve ut fullversjonen av Skolerom?
Kontakt oss her!

 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
Close Icon

Loading...