Puppar
Puppane veks
Det begynner med ein litt vond og hard klump bak brystvortene, kanskje berre i den eine puppen først. Så begynner puppane å vekse. Når puppane veks, kan dei vere litt ømme og vonde.
Det er hormonet østrogen som gjer at puppane begynner å vekse.
Ei verd av ulike puppar!
Formen puppane får er veldig ulikt, og det same er utsjånaden på brystvortene. Det finst små, store, lange, runde, spisse, faste og slappe puppar. Nokon har to ganske like puppar, og andre har to litt ulike puppar. Brystvorter kan vere store, små, mørke og lyse. Alt er fint, og alt er heilt naturleg.
Visste du at også ein del gutar kan få ømme puppar, eller ein klump i den eine eller begge puppane, under puberteten? Det går som regel tilbake av seg sjølv.
Har du spørsmål om dette, snakk med legen din eller ein helsesjukepleiar.
Mjølk i puppen
Puppane består av mjølkekjertlar, feittvev og bindevev som skal halde alt saman. Det er feittvevet som bestemmer forma på puppane. Mjølkekjertlane skal lage mjølk om ein skal amme eit barn ein gong i framtida. Det er først etter at ein har fødd eit barn at puppane begynner å produsere mjølk.
Nokon trur at ein kan trene seg til større puppar, men det stemmer ikkje. Puppane har ingen muskulatur, då det vi kallar brystmusklane ligg under puppane.
Ver glad i puppane dine – anten dei er store eller små, runde eller lange! Éin dag skal dei kanskje gjere ein veldig viktig jobb, nemleg lage mjølk til ein baby.