Kjønnsorgana veks
Både pung, penis og vulva veks og endrar farge når ein kjem i puberteten fordi dei får nye oppgåver.
Vulva
Vulva består av indre og ytre kjønnslepper, klitoris, skjedeopninga og det vi kallar venusberget – altså den hårete delen framme på kjønnsorganet.
Dei ytre kjønnsleppene er dekte av vanleg hud med hår på. Dei indre kjønnsleppene har fuktige slimhinner.
Klitorishovudet sit der kjønnsleppene møtest. Det er veldig kjenslevart, og det kjennest herleg når du kiler eller gnir på det.
Alle vulvaer er ulike! Storleik, form og farge på kjønnsleppene varierer veldig. Dei indre kjønnsleppene kan vere synlege eller skjulte, og ofte er høgre og venstre side ulike.
Pung og testiklar
Både pungen og penisen blir endra i puberteten, både på utsida og innsida. Det første som skjer er at huda på pungen blir litt tynnare og meir raudleg.
Inne i pungen ligg testiklane. Det er to eggforma kuler, og desse veks frå å vere som to små klinkekuler til å bli som to valnøtter. Når ein har vorte kjønnsmoden og kan få barn, lagar testiklane sædceller heile tida.
Når ein får ereksjon ,onanerer eller har våte draumar, kan ein få utløysing. Då kjem det ut sæd av penis, og det kjennest godt. Sæd er ein kvitleg, litt tjukk væske som det er sædceller i.
Penis
Hormonet testosteron blir laga i testiklane og får penis til å vekse. Det finst penisar i mange storleikar og fasongar. Kor lang eller kort penis er i slapp tilstand, seier lite om storleiken på penis når han er stiv. Penis kan peike oppover eller nedover, eller ha ein bøyg til høgre eller venstre. Dette er heilt normalt.
Forhuda strekkjer seg i puberteten og kan trekkjast tilbake over penishovudet. Du bør trekkje forhuda tilbake og skylje penishovudet når du dusjar. Ikkje bruk såpe, berre vatn. Viss forhuda er trong, kan du snakke med legen din om det.
Nokon fjerna forhuda då dei var små. Då er penishovudet synleg heile tida.
Svamplekamar og ereksjon
I penis og klitoris er det noko som heiter svamplekamar. Dei blir fylte med blod og blir større og hardare når ein blir kåt. Av og til blir dei stive sjølv om ein eigentleg ikkje har lyst på sex.
Klitorishovudet er berre ein liten del av klitoris. Klitoris strekkjer seg inn i kroppen, på kvar side av skjeden. Klitoris svulmar opp når ei kvinne blir kåt. For både penis og vulva blir dette kalla ein ereksjon.