Kjønnsorgana veks
Både pung, penis og vulva endrar seg når ein kjem i puberteten. Dei veks, endrar farge og får nye oppgåver.
Vulva
Vulva er den delen av kjønnsorganet til jentene som er synleg, altså utanpå kroppen. Vulva består av indre og ytre kjønnslepper, klitoris, skjedeopninga og det vi kallar venusberget – altså framme på kjønnsorganet der ein får hår i ei trekant-form. Dei ytre kjønnsleppene består av vanleg hud med hår på. Dei indre kjønnsleppene består av fuktige slimhinner og kjennest glatte.
Der kjønnsleppene møtest, finn du klitorishovudet. Det er veldig kjenslevart når du tek på det, og det kjennest herleg når du kiler eller gnir på det. Det er ikkje mogleg å seie korleis ein typisk vulva ser ut, for alle er ulike! Storleik, form og farge på kjønnsleppene varierer veldig. Hos nokon ser ein dei indre kjønnsleppene, hos andre er dei skjulte. Kjønnsleppene er også ofte ulike på kvar side.
Pung og testiklar
Både pungen og penisen blir endra i puberteten, både på utsida og innsida. Det første som skjer er at huda på pungen blir litt tynnare og meir raudleg.
Inne i pungen ligg testiklane – to eggforma kuler. I løpet av puberteten veks testiklane frå å vere på storleik med to små klinkekuler til å bli på storleiken med to valnøtter. Så fort ein har vorte kjønnsmoden – altså kan lage barn – lagar testiklane sædceller heile tida.
Når ein får ereksjon, onanerer eller har våte draumar, kan ein få utløysing. Då kjem det ut sæd av penis, og det kjennest godt. Sæd er ei kvitleg, litt tjukk væske som det er sædceller i.
Penis
Hormonet testosteron blir laga i testiklane. Dette hormonet får penis til å vekse. Penisar er like ulike som nasar til dømes er: nokon er større og nokon er mindre, nokon er rette og nokon er skeive. Kor lang eller kort penis er i slapp tilstand, seier lite om storleiken på penis i erigert tilstand – altså stiv penis. Då kan nokre penisar peike oppover og andre nedover. Nokon har ein bøyg til høgre eller venstre. Dette er også heilt normalt.
Forhuda strekkjer seg også i puberteten, og kan trekkjast tilbake over penishovudet. Det er viktig å trekkje forhuda tilbake og skylje penishovudet når ein dusjar. Ikkje bruk såpe, berre vatn. Dersom forhuda er trong, kan du snakke med legen din. Nokon har fjerna forhuda då dei var små. Då er penishovudet synleg heile tida.
Svamplekamar og ereksjon
I både penis og klitoris er det noko som heiter svamplekamar. Dei blir fylte med blod og blir større og harde når nokon tek på dei eller når ein blir kåt. Desse svamplekamane kan bli stive sjølv om ein eigentleg ikkje har lyst på sex.
Klitorishovudet – det vi kan sjå – er berre ein liten del av klitoris. Klitoris strekkjer seg inn i kroppen, bak vulva, på kvar side av skjeden. Også klitoris blir fylt med blod og svulmar opp når han blir teke på eller ein blir kåt. For både penis og vulva blir dette kalla ein ereksjon.