Kjønnsorgana veks
Både pung, penis og vulva endrar seg og får nye oppgåver i puberteten.
Vulva
Vulva består av indre og ytre kjønnslepper, klitoris, skjedeopninga og venusberget – altså den hårete delen framme på kjønnsorganet.
Dei ytre kjønnsleppene er dekte av vanleg hud og hår. Dei indre kjønnsleppene har fuktige slimhinner.
Klitorishovudet sit der kjønnsleppene møtest. Det kjennest herleg når du kiler eller gnir på det.
Alle vulvaer har ulik storleik, form og farge. Dei indre kjønnsleppene kan vere synlege eller skjulte, og ofte er høgre og venstre side ulike.
Pung og testiklar
Pungen og penis blir endra i puberteten. Huda på pungen blir tynnare og meir raudleg.
Inne i pungen ligg testiklane. Desse veks frå å vere som to små klinkekuler til å bli som to valnøtter. Etter puberteten lagar testiklane sædceller heile tida.
Når ein onanerer eller har våte draumar, kan ein få utløysing. Då kjem det ei kvitleg, litt tjukk væske, som det er sædceller i, ut av penis, og det kjennest godt.
Penis
Hormonet testosteron blir laga i testiklane og får penis til å vekse. Storleiken på penis i slapp tilstand seier lite om kor stor han er når han er stiv. Det finst penisar i mange ulike storleikar og fasongar.
Forhuda strekkjer seg i puberteten. Når du dusjar, bør du trekkje henne tilbake og vaske penishovudet med reint vatn, ikkje såpe. Viss forhuda er trong, kan du snakke med legen din om det.
Nokre fjerna forhuda då dei var små. Då er penishovudet synleg heile tida.
Svamplekamar og ereksjon
I penis og klitoris er det noko som heiter svamplekamar, som blir fylte med blod og svulmar opp når ein blir kåt. Dette kan skje sjølv om ein ikkje har lyst på sex.
For både penis og vulva blir dette kalla ein ereksjon.