Hårvekst
Meir hårete med åra?
Vi får faktisk ikkje fleire hårstrå på kroppen i puberteten, men håret endrar seg frå tynt og fint hår, til kraftigare og meir synleg hår. Det er hormonet testosteron som gir meir hårvekst i puberteten. Sidan gutar har meir testosteron enn jenter, får dei også kraftigare hårvekst.
Alle får hår under armane, og dei fleste får meir hår på beina og armane. Nokon får meir hår på magen òg, gjerne som ei stripe frå trusekanten og opp mot navlen. Gutar og menn kan få hår på brystet, skuldrene og ryggen i tillegg. Det varierer kvar og kor sterk hårvekst ein får på kroppen.
Skjegg
Gutar og menn får skjegg.
Nokon får mykje skjegg, og andre mindre. Skjegg finst i ulike fargar, akkurat som håret på hovudet. Nokon vel å barbere bort skjeggvekst, medan andre vel å la skjegget gro – kanskje trimme på ein spesiell måte.
Skjegg kan også vere moteriktig! Kanskje du skal ha kinnskjegg, fyldig heilskjegg, bart eller ein liten goatee når du blir stor?
Kjønnshår
Alle får kjønnshår rundt kjønnsorgana. Det veks på kjønnsleppene, på ballane og ovanfor og rundt penis. Dei fleste får også hår i rumpesprekken. Kjønnshåra er ofte litt tjukkare og grovare enn hår ein har på hovudet.
Vi har kjønnshår fordi det held på lukt frå kjønnsorgana, hjelper til med at ein ikkje skal fryse eller sveitte og hindrar gnissing. Hårsekkane som kjønnshåret sit fast i, har også nerveceller som merkar rørsle, noko som kan kjennast godt når ein har sex.
Barbere bort kjønnshår?
Mange lurer på om dei skal barbere bort kjønnshåra.
Både reklame og porno viser stort sett kroppar utan kjønnshår, og då kan ein tru at dette er det normale. Nokon kan kjenne seg pressa til å barbere seg nedantil, anten rundt «bikinilinja» eller å barbere bort alt.
Å barbere seg på og rundt kjønnsorganet kan gi små kutt og betente hårsekkar. Det er vanleg å få raude nuppar, og nokon får små kviser.
Det klør når håret veks ut igjen, og det kan vere ubehageleg fordi huda kan bli tørr og sår.
Å barbere seg er valfritt, og ingen skal kjenne seg pressa til noko dei eigentleg ikkje har lyst til. Mange vel heller å frisere håret – altså klippe det litt, medan andre vel å la det vere som det er.
Her kan du sjå ein film der Line på Newton fortel meir om håra på kroppen:
https://tv.nrk.no/serie/newton-pubertet/sesong/1/episode/DMPV74100415#t=27s
Du kan lese meir om å barbere seg nedantil, såkalt intimbarbering, på Sex og samfunn og Ung.no. Her kan du også lese om andre måtar å fjerne kroppshår på.
https://sexogsamfunn.no/kropp/intimbarbering/
https://www.ung.no/kropp/2723_Skal_du_fjerne_hår_eller_ikke.html