Sex i mente | Kva skjer i puberteten?

Voice-crack og kviser

Voice-crack og kviser. Pinleg og flaut?! Heldigvis er det heilt normalt og inga krise. 

Dette er artikkel 4 i artikkelserien «Kva skjer i puberteten?» Det er i alt fem korte artiklar i serien som tek for seg sentrale endringar unge gjennomgår i puberteten.

Stemmeskiftet

Å gå frå høg og lys barnestemme til djupare vaksenstemme er ein del av puberteten. Under endringa opplever mange at stemma plutseleg sprekk – ein voice-crack – så ho plutseleg blir høg og skingrande midt i ei setning. Litt flaut der og då, men heilt normalt og ikkje noko å bry seg om.

Både gutar og jenter kjem i stemmeskiftet

Strupehovudet er ein slags stemmeboks som er ein viktig del av stemma di. Dette «hovudet» blir også kalla adamseplet hos gutar. I puberteten forandrar strupehovudet seg.

Når kroppen din går gjennom puberteten, veks strupehovudet og blir tjukkare. Dette skjer både hos gutar og jenter, men det er tydelegare hos gutar.

Korleis blir stemma laga?

Strupehovudet er viktig for korleis stemma di høyrest ut.

Over strupehovudet er det to musklar  som blir kalla stemmeband. Dei kan minne om to gummistrikkar. Når du snakkar, strøymer luft frå lungene og forbi stemmebanda, og dette gjer at dei vibrerer.

Viss stemmebanda er stramme, blir tonen på stemma høg, og viss stemmebanda er meir slakke, blir tonen djup. Prøv med ein gitar, og stram og slakk på strengane!

Før puberteten er strupehovudet ganske lite, og stemmebanda er små og tynne. Derfor er stemma lys. Men under puberteten veks strupehovudet og blir større, og stemmebanda blir lengre og tjukkare. Dette gjer at stemma blir djupare.

Når strupehovudet veks, forandrar det vinkelen inne i halsen, og adamseplet stikk ut så det synest framme på halsen. Jenter får ikkje eit like stort adamseple fordi strupehovudet deira ikkje veks like mykje som hos gutar.

Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt

Kviser og hudormar

Mange får kviser og hudormar i puberteten. Kviser er små, raude kuler i huda som er fulle av puss. Dei kan gjere litt vondt. Hudormar er bitte små, svarte prikkar i huda.

Talgkjertlar

I huda har vi små kjertlar som lagar talg. Talg er ein type feitt som vernar huda. Kjertlane er vanlegvis opne, slik at talga kjem ut. Viss ein talgkjertel blir tett, blir kjertelen fylt med talg. Tette talgkjertlar blir kalla for hudormar.

Av og til får ein betennelse i ein tett talgkjertel. Kjertelen blir då hoven og raud, som ein liten, raud kul. Etter kvart får vi gult puss i kulen. Det er dette som er ei kvise.

Hormona har skulda

Grunnen til at dei fleste får kviser og hudormar i puberteten, er at hormon får kjertlane til å lage meir talg. Då får ein feitare hud. Når kjertlane lagar meir talg, er det større sjanse for at kjertlane blir tette og blir til hudormar eller kviser.

Kviser og hudormar er heilt normalt

Det er viktig å hugse at kviser ikkje smittar. Det er heller ikkje slik at ein får kviser fordi ein er ureinsleg eller et feil mat. Kviser kjem av hormon som påverkar huda i puberteten.

Dei aller fleste ungdommane får kviser, nokon får få, og nokon får mange. Når ein blir eldre, forsvinn vanlegvis kvisene.

Ikkje klem på kvisene

Det kan vere freistande å poppe kviser eller klemme ut innhaldet i hudormar. Eit godt råd er å ikkje falle for freistinga. Å klemme på kviser og hudormar aukar nemleg risikoen for å få arr og infeksjonar.

Kva kan du gjere?

Dersom du er plaga med mykje kviser, og om dei gjer vondt, kan du få hjelp hos legen. Legen kan skrive ut resept på medisinar mot kviser. Ein kan også få hjelp og gode reinsekremar på apoteket.

Forrige avsnitt

1 / 6

Neste avsnitt

Her kan de sjå korleis Ziggy på PubertetsCamp taklar å få ei «kvisekrise»:

https://tv.nrk.no/serie/pubertetscamp/sesong/1/episode/MSUB60001219

Kjelder:

https://lille.snl.no/kviserhttps://www.ung.no/kropp/pubertet/1058_Kviser_%E2%80%93_akne.html

Bilde- og videorettar:

    1. Helene Brox

    2. Adobe Stock

    3. www.nrk.no
Close Icon

Loading...