Sex i mente | Kva skjer i puberteten?

Voice-crack og kviser

Voice-crack og kviser. Pinleg og flaut?! Heldigvis er det heilt normalt og inga krise. 

Dette er artikkel 4 i artikkelserien «Kva skjer i puberteten?» Det er i alt fem korte artiklar i serien som tek for seg sentrale endringar unge gjennomgår i puberteten.

Stemmeskiftet

Det er vanleg å gå frå høg og lys barnestemme til djupare vaksenstemme i puberteten. Mange opplever at stemma plutseleg sprekk og blir høge og skingrande midt i ei setning. Litt flaut, men heilt normalt og ikkje noko å bry seg om.

Både gutar og jenter kjem i stemmeskiftet

Strupehovudet er ein slags stemmeboks og ein viktig del av stemma. Hos gutane blir det kalla adamseplet. 

I puberteten veks strupehovudet og blir tjukkare. Dette skjer både hos gutar og jenter, men det er tydelegast hos gutar.

Korleis blir stemma laga?

Stemma blir laga i strupehovudet.

Det ligg to musklar over strupehovudet som blir kalla stemmeband og kan minne om to gummistrikkar. Når du snakkar, får luft frå lungene stemmebanda til å vibrere.

Viss stemmebanda er stramme, får du lys stemme, og viss stemmebanda er slakkare, blir stemma mørk.

Før puberteten er strupehovudet ganske lite, og stemmebanda er små og tynne. Derfor er stemma lys. Under puberteten veks strupehovudet, og stemmebanda blir lengre og tjukkare. Derfor blir stemma djupare.

Når strupehovudet veks, forandrar det stilling og stikk ut så det synest framme på halsen. Hos jenter veks ikkje strupehovudet like mykje som hos gutar.

Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt

Kviser og hudormar

Mange får kviser og hudormar i puberteten. Kviser er små raude kuler i huda som er fulle av puss. Dei kan gjere litt vondt. Hudormar er bitte små, svarte prikkar i huda.

Talgkjertlar

Vi har små kjertlar i huda som lagar talg. Talg er ein type feitt som vernar huda. Viss ein talgkjertel blir tett, blir kjertelen fylt med talg, og då blir han kalla ein hudorm.

Av og til blir ein tett talgkjertel betent. Då blir han hoven og raud og blir fylt med gult puss. Det er dette som er ei kvise.

Hormona har skulda

Dei fleste får kviser og hudormar i puberteten fordi hormon får kjertlane til å lage meir talg. Då får ein feitare hud, og sjansen er større for at kjertlane blir tette og blir til hudormar eller kviser.

Kviser og hudormar er heilt normalt

Hugs at kviser ikkje smittar, og at kviser ikkje kjem av at ein er ureinsleg eller et feil mat. Kviser kjem av hormon som påverkar huda i puberteten.

Dei fleste får kviser i puberteten – nokon får fleire enn andre, men dei forsvinn som regel når ein blir eldre.

Ikkje klem på kvisene

Det kan vere freistande å klemme på kviser og hudormar, men du bør ikkje gjere det. Då aukar nemleg risikoen for å få arr og infeksjonar.

Kva kan du gjere?

Legen kan hjelpe deg viss du har mange og plagsame kviser. Ein kan også få hjelp og gode reinsekremar på apoteket.

Forrige avsnitt

1 / 6

Neste avsnitt

På PubertetsCamp får de sjå korleis Ziggy taklar kvisekrisa si:

https://tv.nrk.no/serie/pubertetscamp/sesong/1/episode/MSUB60001219

Kjelder:

https://lille.snl.no/kviserhttps://www.ung.no/kropp/pubertet/1058_Kviser_%E2%80%93_akne.html

Bilde- og videorettar:

    1. Helene Brox

    2. Adobe Stock

    3. www.nrk.no
Close Icon

Loading...