Sex i mente | Kva skjer i puberteten?

Voice-crack og kviser

Voice-crack og kviser. Pinleg og flaut?! Heldigvis er det heilt normalt og inga krise. 

Dette er artikkel 4 i artikkelserien «Kva skjer i puberteten?» Det er i alt fem korte artiklar i serien som tek for seg sentrale endringar unge gjennomgår i puberteten.

Stemmeskiftet

I puberteten går ein frå høg og lys barnestemme til djupare vaksenstemme. Då kan stemma sprekke og bli høg og skingrande midt i ei setning – det er heilt normalt!

Både gutar og jenter kjem i stemmeskiftet

Strupehovudet er ein viktig del av stemma. Hos gutane blir det kalla adamseplet. 

I puberteten veks strupehovudet og blir tjukkare. Dette er meir tydeleg hos gutar.

Korleis blir stemma laga?

Over strupehovudet ligg stemmebanda som kan minne om to gummistrikkar. Når du snakkar, får luft frå lungene stemmebanda til å vibrere.

Stramme stemmeband gir lys stemme, og slakkare stemmeband gir mørkare stemme.

Før puberteten er stemma lys fordi strupehovudet er ganske lite, og stemmebanda er små og tynne. Når strupehovudet og stemmebanda veks i puberteten, blir stemma djupare.

Når strupehovudet veks, snur det seg litt, slik at det synest framme på halsen. Strupehovudet veks mest hos gutar.

Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt

Kviser og hudormar

Mange får kviser og hudormar i puberteten. Kviser er små raude kuler i huda som er fulle av puss. Dei kan gjere litt vondt. Hudormar er bitte små, svarte prikkar i huda.

Talgkjertlar

I huda har vi små talgkjertlar. Når ein talgkjertel blir tett, blir han fylt med talg, og då blir han kalla ein hudorm.

Av og til blir ein tett talgkjertel betent og blir fylt med gult puss, og då blir han kalla ei kvise.

Hormona har skulda

Dei fleste får kviser og hudormar i puberteten fordi hormon får kjertlane til å lage meir talg. Huda blir feitare, og kjertlane blir lettare tette og betente.

Kviser og hudormar er heilt normalt

Hugs at kviser ikkje smittar, og at kviser ikkje kjem av at ein er ureinsleg, eller et feil mat. Kviser kjem av hormon som påverkar huda i puberteten.

Dei får fleire kviser i puberteten enn andre. Vanlegvis forsvinn dei når ein blir eldre.

Ikkje klem på kvisene

Det kan vere freistande å klemme på kviser og hudormar, men viss du gjer det, aukar risikoen for å få arr og infeksjonar.

Kva kan du gjere?

Snakk med legen eller personalet på apoteket viss du har mange og plagsame kviser.

Forrige avsnitt

1 / 6

Neste avsnitt

På PubertetsCamp får de sjå korleis Ziggy taklar kvisekrisa si:

https://tv.nrk.no/serie/pubertetscamp/sesong/1/episode/MSUB60001219

Kjelder:

https://lille.snl.no/kviserhttps://www.ung.no/kropp/pubertet/1058_Kviser_%E2%80%93_akne.html

Bilde- og videorettar:

    1. Helene Brox

    2. Adobe Stock

    3. www.nrk.no
Close Icon

Loading...