Kva skjer med bilar når dei døyr?

Sjå deg rundt i klasserommet. Ser du noko som er laga av metall? Kanskje beina på pulten? Eller stolbeina? Er dørklinka på døra inn til klasserommet laga av metall? Det metallet kan vere frå ein gammal bil. No skal vi vise deg korleis metall frå gamle bilar kan bli til nye ting, og kvifor det er viktig å gjenvinne kasserte bilar.

Et klasserom der vi ser bena til n oen elever og stolene de sitter på.
Et klasserom der vi ser bena til n oen elever og stolene de sitter på.

Når bilane blir ubrukelege

I Noreg har vi reglar om at alle kasserte bilar skal bli gjenvunne. Det er EU og Klima- og miljødepartementet som bestemmer desse reglane. Dei som lagar bilar, bilprodusentene, må følgje desse reglane for å få lov til å selje bilane sine i Noreg.

Parkeringsplass med veldig mange biler sett ovenfra.
Parkeringsplass med veldig mange biler sett ovenfra.

Kvifor gjenvinn vi bilar?

Kan ikkje bilane berre ruste bort, då? Så enkelt er det ikkje. Ressursane på jorda er begrensa. Derfor må materialar brukast om igjen. I ein bil er det mykje jern, stål og aluminium. Det er metall som enkelt kan brukast på nytt. I dag blir nesten alt metallet frå norske vrakbilar brukte til noko nytt. Når gamle materialar blir brukte til noko nytt, seier vi at dei blir ein del av sirkulærøkonomien.

Sirkulærøkonomi

I sirkulærøkonomien må tinga vi lagar, vare lenge. Vi må reparere dei eller bruke tinga om igjen. Når bilane ikkje kan køyrast på vegane lenger, kan vi bruke materiala til nye ting. Då sparer vi ressursane på jorda. Heilt motsett av at bilane berre rustar bort.

Berekraftsmåla til FN

Når vi brukar materiala om igjen, sparer vi ressursane til dei som skal leve etter oss. Det blir mindre forureining, som gjer at naturen beheld eit mangfald av dyr og plantar. Sirkulærøkonomi er derfor viktig for å klare å nå berekraftsmåla til FN.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Bil som står og ruster bort i skogen.
Bil som står og ruster bort i skogen.

Litt som å pante flasker

I 1978 bestemte Noreg at alle gamle bilvrak skulle samlast inn. Mange av bilane stod ute i naturen og rusta. Derfor innførte Noreg vrakpant. Det er litt som å pante flasker. Ein får igjen pengar for å levere noko til gjenvinning. Vrakpanten gjorde at fleire leverte bilen til gjenvinning. I 2022 får alle 3000 kroner for å levere inn den utslitne bilen sin til gjenvinning.

Millionar av bilar

Kvart år vert det samla inn cirka 140 000 vrakbilar. I Noreg har vi samla inn over 3 millionar rustne, gamle vrakbilar sidan 1996! Vi er verdsmeistrar i å pante flasker. Kanskje vi kan bli best i verda til å gjenvinne bilar òg?

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Bilbransjen tok ansvar!

For at vi skulle bli skikkeleg gode på å gjenvinne bilar, måtte den norske bilbransjen gjere noko smart. Dei etablerte Autoretur AS i 2007. Der kan vi levere bilane våre til gjenvinning. Bilbransjen må gjenvinne minst 95 prosent av kvar einaste bil. Autoretur har klart å gjenvinne over 97 prosent! Materiala blir brukte i nye produkt og vernar om jordas naturressursar.

Bilopphoggeriet plukkar bilane frå kvarandre

Over heile landet finst det stader som tek imot vrakbilar. Desse stadene kallar vi  gjerne bilopphoggeri eller biloppsamlingsplassar (BOP). Det er meir enn 140 BOPar i Noreg. Dei som jobbar her, er mekanikarar, lastebilsjåførar og gravemaskinførarar.

Her blir alt farleg avfall fjerna

BOPane fjernar alt farleg avfall frå bilane: batteri, olje, bremsevæske, bensin, diesel, spylevæske og airconditionvæske. Alt dette kan skade naturen viss det berre renn ut. Nokre stader blir dei delane som er brukbare, selde.

Frå bildekk til sprengingsmatter

BOPane fjernar òg batteri frå elbilar og hybridbilar. Dei tek òg av dekka på alle bilar. Gummidekka går til eiga gjenvinning. Noko av gummien blir brukt til å lage sprengingsmatter. Dei blir mellom anna brukte når ein byggjer vegar, når delar av eit fjell må sprengjast bort. Då blir det lagt slike matter over den staden som skal sprengjast, for å unngå spreiing av lause steinar. Kva anna kan gamle bildekk brukast til?

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Store mengder bildekk som ses ovenfra.
Store mengder bildekk som ses ovenfra.

Bilane blir knuste!

Når alle dei farlege og giftige tinga i bilen er fjerna, blir han pressa flat og send med lastebil til eit fragmenteringsverk. Her blir bilen riven frå kvarandre i mindre og mindre delar – fragment. Delane blir sorterte og kan brukast til mange nye ting. Nokre fragment er berre nokre millimeter store.

Frå bil til metallstøv!

I denne filmen vil du følgje ein bil heile vegen gjennom eit fragmenteringsverk. Inne i fragmenteringsverket er det mange kverner som knekkjer og riv bilen i mindre og mindre bitar. Til slutt er det smådelar og metallstøv igjen.

Lagar nye ting av brukt metall

Alle metall blir utvunne frå gruver djupt under jorda eller inne i fjellet. Slike gruver er ofte skadelege for miljøet. Metall må oftast blandast med noko for at vi skal kunne bruke det. Dette blir kalla legering. Vi legerer metalla, slik at dei skal verke slik vi ønskjer. Det kallar vi å gi metalla dei rette eigenskapane.

Vrakmetall er allereie legert

Sidan vi uansett må legere metall for å kunne bruke det, er det betre for miljøet at vi brukar vrakmetall. Slikt metall er allereie legert. Då slepp vi å utvinne nytt metall heile tida. Dei fleste som støyper ting i metall, kjøper brukt metall for å produsere noko nytt.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Oversiktsbilde av en gruve i goldt landskap.
Oversiktsbilde av en gruve i goldt landskap.

Flytande metall gir nytt liv

Sjå ein gang til under pulten din. Sjå på beina til pulten eller på metallet under stolen din. Dei er støypte på eit støyperi og heilt sikkert laga av vrakmetall. I eit støyperi lagar ein ting av smelta og flytande metall. Slike støyperi finst over heile verda, og vi har mange av dei i Noreg.

Nokre støyperi brukar aluminiumsfelgar frå vrakbilar til å lage nye ting. Dei lagar mellom anna motorar til elbilar, nye bildelar, påhengsmotorar til båtar, stolbein og skrivebordsunderstell. Nokre støyperi brukar skrapmetall for å lage betongarmering som blir brukt for å byggje ting i betong. Til dømes ny terrasse. Då blir det lagt armeringsjern ned i betongen for å gjere han meir haldbar.

På Ulefos i Telemark brukar dei jern og stål frå vrakbilar til å lage kumlokk. Andre jernstøyperi brukar vrakmetall til å lage omnar, vaskar, gryter, lyktestolpar, handlekorger, vindmøller, teltstenger, grillar og syklar.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt

Nesten heile bilen blir brukt om igjen

Vi blir flinkare og flinkare til å gjenvinne vrakbilar. EU har bestemt at minst 95 prosent av kvar kasserte bil skal bli gjenvunnen. Dette talet kallar vi gjenvinningsgrad. I 2021 var gjenvinningsgraden i Noreg på 97,8 prosent.

📷   Graf som viser gjenvinningsgraden. Autoretur AS.
Graf som viser gjenvinningsgraden fra 2007 til 2021.
Graf som viser gjenvinningsgraden fra 2007 til 2021.

Elbilar må òg bli gjenvunne

Ingen land i verda har fleire elbilar per innbyggjar enn Noreg. I starten av mai 2021 var det registrert cirka 370.000 elbilar. Det tilsvarer 13 prosent av norske bilar. Elbilar er veldig populære, og fleire og fleire kjøper det. Men desse bilane må òg  gjenvinnast, men på en litt annan måte enn andre bilar.

Gjenvinning av batteri

Elbilar går på batteri, og desse må bli gjenvunne på ein spesiell måte. I Noreg er det Batteriretur som tar seg av det. Her blir batteria sjekka og plukka frå kvarandre. Metall og plast blir sortert og gjenvunne på vanleg måte. Det innerste i batteria, battericellene der straumen blir lagra, blir pakka og sendt til spesialfabrikkar.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Rød el-bil som står til lading.
Rød el-bil som står til lading.

Karantene

Viss eit elbilbatteri er øydelagt, kan det begynne å brenne. Når elbilen blir levert inn til gjenvinning, må batteria bli sjekka med ein gong. Elbilen blir plassert ute i nokre dagar for å sjå at batteria ikkje er skada. Vi kallar dette karantene.

Spesiell utdanning

Viss batteria ikkje er skada, blir dei tømde for straum. Så tek ein dei forsiktig ut av bilen og sender dei av garde med ekstra sikker transport. Batteria har så mykje straum i seg at dei kan drepe eit menneske. Derfor er det berre dei med spesiell utdanning som får lov til å gjere noko med batteriet.

Sjeldne metall

Battericellene inneheld sjeldne og kostbare metall. I framtida blir det nok meir og meir vanleg at alt i elbilbatteria blir gjenvunne. Også dei sjeldne og dyre metalla. I mange land er det fabrikkar som gjenvinn dei sjeldne metalla, slik at dei kan brukast om igjen.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Medarbeider jobber med å demontere elbilbatterier.
Medarbeider jobber med å demontere elbilbatterier.

Tenk på alt som er laga av returmetall!

Det er jo heilt fantastisk at vi kan gjenbruke nesten 100 prosent av dei gamle bilane våre. Med det gjer vi ein stor innsats for miljøet. Og det kan alle som har bil, vere med på.

Eit samarbeid mellom:

Kjelder:

  • LOOP – Stiftelsen for Kildesortering og Gjenvinning; Lystad, Henrik; Nordal, Ola: gjenvinning i Store norske leksikon på snl.no. Henta 14. juni 2022 frå https://snl.no/gjenvinning

Bilde- og videorettar:

    1. Autoretur Skolerom
    2. Autoretur Skolerom
    3. Getty Images
    4. Getty Images
    5. Getty Images
    6. Getty Images
    7. Getty Images
    8. NG-metall
    9. Getty Images
    10. Getty Images
    11. Autoretur AS
    12. Autoretur Skolerom
    13. Autoretur Skolerom
    14. Autoretur Skolerom