Kva skjer med bilar når dei døyr?
Sjå deg rundt i klasserommet. Ser du noko som er laga av metall? Kanskje beina på pulten? Eller stolbeina? Er dørklinka på døra inn til klasserommet laga av metall? Det metallet kan vere frå ein gammal bil. No skal vi vise deg korleis metall frå gamle bilar kan bli til nye ting, og kvifor det er viktig å gjenvinne kasserte bilar.
Et klasserom der vi ser bena til n oen elever og stolene de sitter på.
Når bilane blir ubrukelege
Når bilane våre er øydelagde, skal dei gjenvinnast. I Noreg har vi reglar om at alle kasserte bilar skal gjenvinnast. Det er EU og Klima- og miljødepartementet som bestemmer reglane. Dei som lagar bilar, bilprodusentane, må følgje desse reglane for å få lov til å selje bilane sine i Noreg.
Parkeringsplass med veldig mange biler sett ovenfra.
Bil som står og ruster bort i skogen.
Bilbransjen tok ansvar!
For at vi skulle bli skikkeleg gode på å gjenvinne bilar, måtte den norske bilbransjen gjere noko smart. Dei etablerte Autoretur AS i 2007, og der kan vi levere bilane våre til gjenvinning. Bilbransjen er pålagt å gjenvinne minst 95 prosent av kvar enkelt bil. Autoretur har klart å gjenvinne over 97 prosent! Dei sørgjer dermed for ei klimavennleg handtering av miljøfarlig avfall. Råvarene blir brukte i nye produkt og vernar om jordas naturressursar.
Store mengder bildekk som ses ovenfra.
Bilane blir knuste!
Når alle dei farlege og giftige tinga i bilen er fjerna, blir bilen pressa flat og send med lastebil til eit fragmenteringsverk. Her blir den flatklemte bilen lagt på eit samleband. Undervegs på samlebandet blir bilen riven frå kvarandre i mindre og mindre delar – fragment. Delane blir sorterte og kan brukast til mange nye ting. Nokre fragment er berre nokre millimeter store.
Frå bil til metallstøv!
I denne filmen vil du følgje ein bil heile vegen gjennom eit fragmenteringsverk. Inne i fragmenteringsverket er det mange kverner som knekkjer og riv bilen i mindre og mindre bitar. Til slutt er det smådelar og metallstøv igjen.
Oversiktsbilde av en gruve i goldt landskap.
Nesten heile bilen blir brukt om igjen
Vi blir flinkare og flinkare til å gjenvinne vrakbilar. EU har bestemt at minst 95 prosent av kvar kasserte bil skal bli gjenvunnen. Dette talet kallar vi gjenvinningsgrad. I 2021 var gjenvinningsgraden i Noreg på 97,8 prosent.
📷 Graf som viser gjenvinningsgraden. Autoretur AS.
Graf som viser gjenvinningsgraden fra 2007 til 2021.
Rød el-bil som står til lading.
Medarbeider jobber med å demontere elbilbatterier.
Tenk på alt som er laga av returmetall!
Det er jo heilt fantastisk at vi kan gjenbruke nesten 100 prosent av dei gamle bilane våre. Med det blir kan vi gjere ein stor innsats for miljøet. Og det kan alle som har bil, vere med på.
Eit samarbeid mellom:
Kjelder:
- autoretur.no (17.06.2022): https://autoretur.no/
- LOOP – Stiftelsen for Kildesortering og Gjenvinning; Lystad, Henrik; Nordal, Ola: gjenvinning i Store norske leksikon på snl.no. Henta 14. juni 2022 frå https://snl.no/gjenvinning
- regjeringen.no (17.06.202): Klima- og miljødepartementet
https://www.regjeringen.no/no/dep/kld/id668/
- skatteetaten.no (17.06.2022): Vrake bil og andre kjøretøy
https://www.skatteetaten.no/person/avgifter/bil/vrake/
- ssb.no (17.06.2022): Avfall frå samferdsel
https://www.ssb.no/natur-og-miljo/avfall/artikler/avfall-fra-samferdsel
- regjeringen.no (17.06.2022): Norge er elektrisk
https://www.regjeringen.no/no/tema/transport-og-kommunikasjon/veg_og_vegtrafikk/faktaartikler-vei-og-ts/norge-er-elektrisk/id2677481/
Bilde- og videorettar:
-
-
Autoretur Skolerom
-
Autoretur Skolerom
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
NG-metall
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Autoretur AS
-
Autoretur Skolerom
-
Autoretur Skolerom
-
Autoretur Skolerom
-