Gammelt gulnet skattekart der en rød x markerer hvor skatten er.
Kart over verden med markerte bredde- og lengdegrader
71° nord
Du har kanskje sett TV-programmet “71° nord”? Tittelen peikar på at finalen finn stad på Nordkapp, som ligg på den 71. breiddegrada på den nordlege halvkula.
Her er breiddegradene til nokre norske byar:
- Kristiansand 58,14° N
- Oslo 59,91° N
- Bergen 60,39° N
- Trondheim 63,43° N
- Tromsø 69,65° N
Den kjente globusen på Nordkapp med fargesprakende solnedgang i bakgrunnen.
Koordinatsystem i matematikk
Vi brukar òg koordinatar i matematikken. Då kan vi angi kvar ulike punkt er og rekne ut avstanden mellom dei.
Eit koordinatsystem vil vi vanlegvis teikne med to aksar – ein x-akse (vassrett) og ein y-akse (loddrett). Aksane står vinkelrett på kvarandre. Punktet der dei møtest, blir kalla origo. Verdiane vi set på aksen, bestemmer vi sjølve ut frå kva slags punkt vi skal setje inn i koordinatsystemet.
Vi angir punkt i koordinatsystem gjennom å gi to talverdiar – ein for kvar vi treffer kvar av aksane når vi trekkjer ein vinkelrett strek mot høvesvis x og y-aksen. Vi angir koordinatane som (x,y). Origo har alltid koordinatane (0,0).
Ruteark
Frå funksjon til graf
Men i eit koordinatsystem kan vi òg setje inn verdiane frå ein funksjon og gjere dette om til ein graf. Eit enkelt døme er funksjonen f(x) = x + 3. Det betyr at for å finne y, må vi ta verdien av x og leggje til 3. I ein tabell vil det sjå slik ut:
x | 0 | 1 | 2 | 3 |
y | 3 | 4 | 5 | 6 |
Desse koordinatane kan vi setje inn i eit koordinatsystem, og når vi trekkjer ei linje gjennom dei, får vi ein graf.
Grafen er teikna med grafteiknaren til Geogebra.
Ruteark
Kjelder:
- koordinatsystem i Store norske leksikon på snl.no.
Henta 10. februar 2022 frå
https://snl.no/koordinatsystem
- Hofstad, Knut: breddegrad i Store norske leksikon på snl.no.
Henta 10. februar 2022 frå
https://snl.no/breddegrad
- Hofstad, Knut: lengdegrad i Store norske leksikon på snl.no.
Henta 10. februar 2022 frå
https://snl.no/lengdegrad
Bilde- og videorettar:
-
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-