Kven bestemmer kva i Noreg?

I Noreg er det mange som bestemmer. Men kven bestemmer eigentleg kva? Dommaren i ein fotballkamp bestemmer, og dommaren i ein rettssal bestemmer. Kongen bestemmer noko. Stortinget bestemmer mykje. Rektoren på skulen bestemmer, og du kan bestemme ein god del over ditt eige liv.

Accessibility icon Kven bestemmer kva i Noreg?

Kven bestemmer
kva i Noreg?

I Noreg har vi demokrati. Det vil seie at folket vel kven som skal bestemme. Og folket er mange! Derfor kaller vi det folkesuverenitet.

Kvart fjerde år kan alle over 18 år stemme. Dei politiske partia som får flest stemmer, får flest plassar på Stortinget. Politikarar på Stortinget kaller vi folkevalde. Dei bestemmer ganske mykje over korleis det er å bu i Noreg.

Tenk litt over kvifor aldersgrensa for å stemme er 18 år. Burde barn også få stemmerett?

Norge med små mennesker
Lys varm bakgrunn
Lys varm bakgrunn

Kongen øvst, eg nedst

Sjå for deg Noreg som ein stige. Øvst sit kongen. Han er statsoverhovudet  i Noreg, men han bestemmer eigentleg ikkje så veldig mykje. På steget under kongen sit stortingspresidenten. På det neste steget sit Stortinget, og under der igjen finn vi regjeringa. Du lærer meir om desse etter kvart som du les vidare.

Vidare nedover stigen er det mange som bestemmer ulike ting.

Nedst på stigen finn vi oss sjølve. Vi kan bestemme ganske mykje over vårt eige liv. Ønskjer du å bestemme meir, må du klatre oppover i stigen.

Karrierestige
Karrierestige

Kva bestemmer eigentleg kongen?

Kongen bestemmer ikkje så mykje når det gjeld politikk, men det er eitt unntak. Kvar fredag klokka 11.00 møtest kongen og regjeringa på slottet. Det kallar vi statsråd. Der fortel regjeringa om lover som Stortinget har bestemt. Kongen er som oftast einig, men han kan nekte å godkjenne det Stortinget har bestemt.

Illulstrert tradisjonell konge
Lys varm bakgrunn
Lys varm bakgrunn

Tenk litt på dette …

  • Har ikkje kongen ganske mykje makt viss han kan nekte å godkjenne ei lov? Kva skjer om han gjer det?
Lys varm bakgrunn
Lys varm bakgrunn

Kva med Stortinget og regjeringa?

På Stortinget sit dei folkevalde og regjeringa, og dei bestemmer veldig mykje. Med tanke på alt dei bestemmer, burde Stortinget ha site på det øvste steget av stigen, men der sit kongen frå før.

Det er dei som sit på Stortinget, som kjem med framlegg til lover. Stortinget stemmer over forslaga, og fleirtalet bestemmer om lova skal vedtakast eller ikkje.

Stortinget bestemmer blant anna over politiet, militæret og sjukehusa. Og dei har ansvar for hovedvegane våre. Men kvifor skjer det då trafikkulukker? Kvifor tek ikkje politiet fleire skurkar? Er det noko du kan gjere med det?

Stortinget bestemmer kor mykje pengar som skal fordelast til ulike delar av landet. Mange synest denne fordelinga er urettferdig. Kvifor kan ikkje alle berre få akkurat det dei vil? Hadde ikkje det vore best for alle?

Så skal vi ikkje gløyme stortingspresidenten. Det er personen som styrer Stortinget, og som passar på at alle reglar blir følgde. Denne jobben er svært viktig.

Forrige avsnitt

1 / 5

Neste avsnitt
Stortinget på lys bakgrunn
Stortinget på lys bakgrunn

Kva bestemmer fylkeskommunen?

Først må du vite kva ein fylkeskommune er. Landet er delt inn i elleve fylke, også kalt fylkeskommunar. Dei har blant anna ansvar for vidaregåande skular, tannhelsetenesta og fylkesvegar.

Når du skal velje vidaregåande skule, er det derfor fylkeskommunen du sender søknaden til. Fram til du er 18 år, får du gratis tannlege av fylkeskommunen.

Kven klagar du til viss skulebussen køyrer på humpete og holete vegar? Eller viss kulturhuset der du bur, skal leggjast ned?

Atlanterhavsveien
Lys varm bakgrunn
Lys varm bakgrunn

Kva bestemmer kommunen?

Vi har 356 kommunar i Noreg. Kommunen bestemmer veldig mykje som betyr noko for deg og familien din. Kommunen har blant anna ansvar for barnehage og grunnskule, fritidsklubbar og søppeltømming.

Kva kan du gjere viss fritidsklubben du går på, skal leggjast ned? Kva om søppelkassene ikkje blir tømde, eller om skulen manglar vikarar? Er det noko vi kan gjere då?

Bakgrunn med nordnorsk idyll
Bakgrunn med nordnorsk idyll

Kva bestemmer ordføraren?

Mange trur nok at ein ordførar bestemmer veldig mykje. Ordføraren leier møta i kommunestyret, men det er fleirtalet i kommunestyret som bestemmer. Kor viktig er då ein ordførar?

Ordfører på lys bakgrunn
Ordfører på lys bakgrunn

Kva bestemmer elevrådet?

Ja, kva bestemmer eigentleg elevrådet på skulen din? Alle elevar har rett til å bli høyrde, og dei har rett til å delta for å gjere skulen best mogleg for alle. Men får elevrådet eigentlig gjort så mykje, utover å meine mykje og vedta innkjøp av skulegenserar?

Tegnet klasserom
Tegnet klasserom

Kva bestemmer familien?

Dei vaksne bestemmer veldig mykje i ein familie, men barn og ungdom bør ha rett til å bestemme, dei også. Kva bestemmer du?

Mange barn opplever at foreldra skil seg, og då kan barna få to familiar. Då kan det vere ulike reglar i dei ulike heimane. Uansett har alle i ein familie rett til å bli høyrde og til å ha det bra. Men får vi det akkurat slik vi vil?

Illustrert familie
Lys varm bakgrunn
Lys varm bakgrunn

Kva bestemmer du?

Du kan bestemme mykje over ditt eige liv. Kva du skal ha på deg, kva fritidsaktivitetar du vil gå på, eller kva for venner du vil hengje med. Men dei vaksne bestemmer ganske mykje fram til du sjølv blir vaksen.

Viss du vil vere med å bestemme noko der du bur, bør du engasjere deg i frivillig arbeid. Det kan vere Speidaren, Raudekrossen eller Naturvernforbundet. Du bestemmer!

Gutt med solbriller
Gutt med solbriller

Kjelder:

  • Thorsnæs, Geir; Berg, Ole T.: kommune i Store norske leksikon på snl.no.
    Henta 2021 M08 13 frå https://snl.no/kommune

Bilet- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Getty Images
    3. Getty Images
    4. Getty Images
    5. Getty Images
    6. Getty Images
    7. Getty Images
    8. Håkon Steinmo / Tromsø kommune
    9. Getty Images
    10. Getty Images
    11. Getty Images