CHRISTINA SNAKKAR OM FORELSKELSE:

Sommarfuglar i magen?

Har du vore forelska? Kjent at det kriblar i kroppen når du er i nærleiken av den personen? Hjartet bankar, og hendene sveittar. Kanskje du raudnar litt og ikkje veit kva du skal seie?

Seksuell legning

Liker du jenter eller gutar? Eller bryr du deg ikkje om kjønn? Den seksuelle legninga di handlar om kven du blir forelska i og vil ha sex med. Somme finn det fort ut. Andre bruker meir tid. Kjenner du deg forvirra? Du er ikkje åleine! Dei fleste kjenner det sånn ein eller annan gong.

To illustrerte figurer med rødmende kinn holder hender. Ene figuren har et skateboard under armen.
To illustrerte figurer med rødmende kinn holder hender. Ene figuren har et skateboard under armen.

Du bestemmer korleis
du definerer deg!

Heterofil eller homofil? Mange er heilt sikre på kva dei er. Er du sikker på kva du er? Kva kjennest rett for deg? Det er berre du sjølv som kan finne ut av det.

Alle er ikkje vane med  å snakke om alt

Snakkar de om dette heime? Somme gjer det, andre ikkje. Ingen familiar er like. Derfor har alle ulike opplevingar med seg heimanfrå.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Illustrert smågodthylle med fargerikt godteri for enhver smak. I den ene hyllen ligger det en blå skje og hver boks har en gul tape på seg.
Illustrert smågodthylle med fargerikt godteri for enhver smak. I den ene hyllen ligger det en blå skje og hver boks har en gul tape på seg.

Kven gir deg sommarfuglar i magen?

I 2016 sa kong Harald dette på ein hagefest i Slottsparken: «Nordmenn er jenter som er glade i jenter. Gutar som er glade i gutar. Og jenter og gutar som er glade i kvarandre.»

Kven er du tiltrekt av?

Vi forelskar oss i ulike menneske. For nokre speler det inga rolle om det er same kjønn. Andre kan bli veldig overraska over nettopp dette, men kjærleik er fint uansett kven du blir forelska i.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Magesekken illustrert med sommerfugler i flere farger inni den.
Magesekken illustrert med sommerfugler i flere farger inni den.

Seksualitet

Er du anten hetero eller homo? Nei, sjølvsagt ikkje. Det finst fleire seksuelle legningar enn det. Og det er plass til alle. Seksualiteten din kan endre seg gjennom livet.

Bli kjend med din eigen seksuelle identitet

Å kjenne sin eigen seksualitet skaper tryggleik. Det blir lettare setje grenser og seie kva du liker. Å vere ærleg kan koste litt. Når ein er to, skaper det tryggleik å snakke saman og lytte til kvarandre.

Må du definere deg
med eit fil-omgrep?

Alle har behov for å passe inn. Men er det alltid så lett å passe inn med den seksuelle legninga du har? Er du panfil, lesbisk eller heterofil? Det er så mange ord du kan bruke. For enkelte kan slike ord vere ei hjelp for å vite kva ein er.

Du ikkje passe inn i ei fil

Du bestemmer sjølv om du passar inn i ei fil. Det viktigaste er at du føler deg trygg i din eigen seksualitet.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Et skilt med flere veivalg der tekstene er lesbisk, hetero og bifil.
Et skilt med flere veivalg der tekstene er lesbisk, hetero og bifil.

Kva er eigentleg vanleg?

Dei fleste av oss vil vere som alle andre. Det å kjenne seg «uvanleg» kan vere vanskeleg. På film og i seriar har det vore mest vanleg å vise heterofile forhold. Mange var redde for å stå fram med ei anna legning. Dei siste åra har fleire stått fram som «skeive». Det er eit omgrep som ofte blir brukt om alle som ikkje er hetero.

La oss gjere eit tankeeksperiment: Kva om dei skeive ikkje hadde vorte undertrykte gjennom hundrevis av år? Då hadde det kanskje vore heilt vanleg å få lov til å berre vere seg sjølv.

LHBTQ+

Vi forandrar oss heile tida. Det gjer òg LHBTQ+ – omgrepet. Det finst stadig betre måtar å forklare legningar på. Les gjerne meir om dette på nettet.

Bruk omgrepa viss du blir tryggare i seksualiteten din. Ikkje bruk dei dersom du berre blir forvirra av det.

Dei mest brukte omgrepa om seksuell legning og kva dei betyr:

  • Skeiv er felles for alle som ikkje er heterofile (queer på engelsk).
  • Heterofil er jenter som liker gutar, og gutar som liker jenter.
  • Homofil er jenter som liker jenter, og gutar som liker gutar.
  • Lesbisk er jenter som liker jenter. Somme seier lesbisk. Andre seier homofil.
  • Bifil er når ein liker både jenter og gutar. Ordet «bi» betyr ‘to’ på latinsk.
  • Panfil er når ein forelskar seg i korleis mennesket er. Utan å tenkje på kva slags kjønn det er.
En illustrert figur med grønn hettegenser, blå jakke og en regnbuebutton på jakka.
En illustrert figur med grønn hettegenser, blå jakke og en regnbuebutton på jakka.

Vil du vite meir?

Skeiv Ungdom har laga ei liste for å forklare ein del ord. Lista finn du på Skeiv fra A-Å.

Treng du nokon å snakke med? På ung.no finn du liste over gratis chat og telefontenester. Du kan velje å vere anonym, det vil seie at du ikkje treng å fortelje kven du er. Hugs; du ikkje vere noko bestemt. Det viktigaste er å kjenne deg trygg i å vere deg. ❤️

 

Skrive av Christina Fraas

Illustrasjonar: Helene Brox
Redaktør: Stine Isdahl Solberg

Kven er Christina Fraas?

Christina er samfunnsengasjert og kjem med konkrete tips om korleis du kan vere meir berekraftig i kvardagen, samtidig som du lever ditt beste liv. Ho vart nominert til Plan sin Jentepris i 2019, 2020 og 2022 for bidraget sitt i kampen om rettane til kvinner, og ho vart semifinalist i VIXEN Influencer awards for «årets sterke meining» i 2019 og 2021. Ho står òg   bak prosjektet 1000historier på Instagram.