Kvifor betaler vi skatt?

Skatt er ei innbetaling frå innbyggjarane i landet til staten. Desse pengane skal brukast til det beste for fellesskapet. Kor lenge har vi betalt skatt i Noreg? Kor mykje skal vi betale, og kven bestemmer beløpet? På kva slags måte kan skatt påverke eit demokrati?

Accessibility icon Kvifor betaler vi skatt?

Kva er skatt?

Alle som jobbar, betaler skatt til staten og kommunen. Pengane gjer at vi mellom anna har gratis grunnskule og gratis behandling på sjukehus.

Dei fleste som jobbar, må ha eit skattekort. Skatten blir betalt gjennom heile året. Alle må betale rett skatt. I april året etter får vi vite om vi har betalt for mykje eller for lite skatt. Dette kallar vi skatteoppgjeret.

Norske sedler
Norske sedler

Leidang

På 1100-talet måtte alle vaksne i Noreg hjelpe til med å forsvare landet. Skip, soldatar og våpen var dyrt. Alle måtte betale litt av det dette kosta. Leidang er derfor det eldste skattesystemet vi har i Noreg.

Tiend

På 1100-talet måtte alle betale 10 prosent av lønna si til kyrkja. Folk kunne anten betale med pengar eller med matvarer. Tienda vart delt mellom kyrkjene, prestane og dei fattige.

Koppskatt

På 1600-talet fekk vi koppskatt. Ordet kjem frå tysk Kopfschatz. Kopf er hovud, og schatz er skatt. Kvar person, eller kvart hovud, skulle betale skatt.

Alle over 12 år skulle betale det same. Dei som var i militæret, slapp å betale.

Skattar og avgifter

Frå vikingtida og fram til vår tid har folket betalt ulike skattar. Mange av skattane har blitt gitt til militæret og kyrkja.

Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt
Halfdan Egedius: Illustration for Magnus den godes saga
Halfdan Egedius: Illustration for Magnus den godes saga

Ønsker du å lese hele artikkelen?

Ved å logge inn får du full tilgang til artikkelen, samt Lærerrommet med engasjerende læringsstier og oppgaver du kan bruke i undervisningen.

Logg inn med Feide

Ønsker du å prøve ut fullversjonen av Skolerom?
Kontakt oss her!