Kvifor betaler vi skatt?

Skatt er ei innbetaling frå innbyggjarane i landet til staten. Desse pengane skal brukast til det beste for fellesskapet. Kor lenge har vi betalt skatt i Noreg? Kor mykje skal vi betale, og kven bestemmer beløpet? På kva slags måte kan skatt påverke eit demokrati?

Accessibility icon Kvifor betaler vi skatt?

Kva er skatt?

Skatt er økonomiske ytingar, eller ei avgift, som stat og kommune krev inn av innbyggjarane. Gjennom å betale skatt, anerkjenner vi staten som ein organisasjon som forvaltar desse pengane til beste for fellesskapet.

Dei fleste som har arbeid, må ha eit skattekort. Kvar og ein har ansvar for at vi betaler rett skatt. Året etter får vi vite om vi har betalt for mykje eller for lite skatt. I skatteoppgjeret får du anten pengar tilbake, eller du må betale restskatt.

Norske sedler
Norske sedler

Leidang og veitsle 

På 1100-talet vart Noreg inndelt i område for å forsvare landet mot fiendar. Heile befolkninga måtte bidra til desse utgiftene. Kvart område hadde plikt til å bidra med skip, mannskap, mat og anna utstyr. Leidang er derfor det eldste skattesystemet vi har i Noreg.

Veitsle var at kongen hadde rett til mat, drikke og overnatting når han reiste rundt i landet.

Tiend

På 1100-talet påla kyrkja at alle skulle betale 10 prosent av inntekta si. Folk kunne anten gi pengar eller råvarer i form av korn, fisk eller pels. Dette vart grunngitt gjennom bibelske tradisjonar. Tienda vart delt mellom kyrkjene, prestane, biskopen og dei fattige.

Etter reformasjonen på 1500-talet var det kongen som fekk heile tienda. Han skulle fordele skatten til dei som trong det, men tok truleg det meste sjølv.

Koppskatt

Utover på 1600-talet fekk vi koppskatt. Ordet kjem frå tysk Kopfschatz. Kopf er hovud, og schatz er skatt. Kvar person, eller kvart hovud, skulle betale skatt.

Dette gjaldt alle over 12 år, men ikkje dei som var i milliæret. På 1700-talet vart det delvis frivillig å betale koppskatt. Kvar og ein skulle betale etter evne.

Skattar og avgifter

Frå vikingtida og fram til i dag  har norske styresmakter kravd inn mange ulike skattar og avgifter. Mange av skattane har blitt gitt til forsvaret og kyrkja.

Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt
Halfdan Egedius: Illustration for Magnus den godes saga
Halfdan Egedius: Illustration for Magnus den godes saga

Ønsker du å lese hele artikkelen?

Ved å logge inn får du full tilgang til artikkelen, samt Lærerrommet med engasjerende læringsstier og oppgaver du kan bruke i undervisningen.

Logg inn med Feide

Ønsker du å prøve ut fullversjonen av Skolerom?
Kontakt oss her!