Kva er ein krig?

«Grupper av menneske som bruker våpen for å skade eller drepe motparten 

snl.no

Evne og vilje til krig 

Mange menneske både kan og vil slåst. Måten ein har slegest på, har forandra seg mykje gjennom historia. Ikkje minst på grunn av utvikling av nye og betre våpen.

Ein væpna konflikt

Ein væpna konflikt er litt meir enn å berre vere usamd. I ein slik konflikt blir det brukt våpen, og det kan ta lang tid før konflikten løyser seg.

Alle menneske har rett til å leve trygt og godt i sitt eige land. Er det nokon som truar denne tryggleiken, kan det bli ein konflikt eller krig.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Kain og Abel

Kain og Abel

I litteraturen finn vi det første drapet i historia. Det var ikkje krig, men to brør som hadde ein konflikt seg imellom. Forteljinga om Kain og Abel finn vi i Første Mosebok.

Kain var den eldste broren, og han var bonde. Abel var sauegjetar. Begge bar fram gåver til Gud, for å vise takksemda si. Historia fortel at Gud vart meir glad for gåva til Abel. Då vart Kain sjalu på broren og slo han i hel.

Kva kan vi lære av denne forteljinga? Det kan oppstå konfliktar i nær familie. Oppgåva vår er å løyse den konflikten best mogleg for alle – utan vald.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Papirbakgrunn 8
Papirbakgrunn 8

Krig i oldtida

Jordbruket vart funne opp for fleire tusen år sidan. Då kunne folk produsere meir mat, og befolkninga voks. Nokre produserte meir enn andre, og dei fekk stor makt. For å forsvare seg mot fiendar, var det nokon som vart trena opp til å vere krigarar.

Krut og kanonar

På 1500-talet begynte ein å krige med krut og kanonar. Krigane gjorde større skade enn før på byar og menneske. Seinare utvikla både våpen og uniformer seg. Det vart viktig å ha betre våpen og fleire gode soldatar enn fienden.

Dette klippet frå filmen «War Horse» inneheld sterke scener og har aldersgrense 11 år.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Kvifor blir det krig?

Ofte startar krig mellom to land på grunn av vatn, olje, religion eller ønske om større makt. Andre gongar kan det oppstå borgarkrig viss folk er misnøgde med måten landa blir styrte på.

Dei som krigar, vil som regel vere usamde om kva krigen eigentleg handlar om. Det er vanskeleg å vite kvifor det blir krig.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Kvifor?

Den amerikanske borgarkrigen: USA er delt inn i mange statar. På 1800-talet var statane usamde om to ting: Nokre ønskte å lausrive seg frå USA og vere eit eige land i staden. Mange statar i nord ønskte å fjerne slaveri. Sørstatane var avhengige av slavar for å drive gardane sine.

Etter at Abraham Lincoln vart president i 1860, melde fleire av dei sørlege statane seg ut av unionen USA. Dette kunne ikkje presidenten tillate, og då vart det borgarkrig. Lincoln og statane i nord ville òg gjere slutt på slaveriet i sør. Dette kunne ikkje gardeigarane i sør gå med på.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Abraham Lincoln under borgerkrigen
Abraham Lincoln under borgerkrigen

Kvifor?

Israel og Palestina: Konflikten mellom Israel og Palestina blir ofte kalla Midtausten-konflikten. I 1948 vart landet Palestina delt i to fordi jødane skulle få sitt eige land – Israel.

Mange jødar vart arresterte og drepne under 2. verdskrigen. Etter krigen fekk jødane sitt eige land, mellom anna som erstatning for dette.

Palestinarane som budde i området, vart tvangsflytta, og det oppstod væpna konflikt. FN har prøvd å dele området mellom dei to folkeslaga, men det har vore ein vanskeleg konflikt i mange år. I 2021 har det blitt verre igjen, og ingen veit korleis dette vil halde fram.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Gutt på Gazastripen
Gazastripen
Gazastripen
Gazastripen
Gazastripen

Barn om krig

Sjølv små barn veit kva slåsting, våpen og skyting handlar om. Dei lærer det gjennom dataspel og filmar. Barn kan ikkje forstå kor alvorleg ein krig er, men likevel er dei ikkje store før dei leikar krig. Det kan begynne allereie før dei startar i barnehagen. Men kva veit eigentleg barn om krig?

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Fredelege løysingar

Krig handlar som regel om å gjere motstandaren forsvarslaus. Konfliktar og krig vil sannsynlegvis aldri ta slutt. Men vi må aldri gi opp kampen for fred.

Nobels fredspris

Det er mange som jobbar med fredelege løysingar, og Alfred Nobel ønskte å heidre desse med ein fredspris. Sidan 1895 har Nobels fredspris blitt delt ut. Det er ein av dei viktigaste prisane som blir delte ut i verda.

Kjelder:

  • Høiback, HaraldKrigskunstens historie – Fra 1500 til i dag.
    Cappelen Damm AS (2014)
  • Høiback, Harald; Cooper, Camilla Guldahl: krig i Store norske leksikon på snl.no.
    Henta 8. desember 2020 frå https://snl.no/krig
  • Steen, Tone: Sparta i Store norske leksikon på snl.no.
    Henta 8. desember 2020 frå https://snl.no/Sparta
  • Arntzen, Jon Gunnar; Mæhlum, Lars: Nobelprisen i Store norske leksikon på snl.no.
    Henta 8. desember 2020 frå https://snl.no/Nobelprisen
Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Bilet- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Getty Images
    3. Getty Images
    4. Getty Images
    5. Getty Images
    6. Getty Images
    7. Bundesarchiv (CC-BY-SA 3.0) 
    8. NARA
    9. Hosny Salah (Pixabay)
    10. NRK Skole
    11. Getty Images / Røde Kors – YouTube
    12. Pete Souza (The White House)