Kvifor er det viktig å jobbe?

Det er viktig å ha ein jobb. Ikkje berre for deg personleg, men òg for samfunnet du lever i. Når du jobbar, tener du pengar som du kan bruke til å kjøpe det du treng og ønskjer deg, som mat, klede, og kanskje spel eller kinobillettar. Pengane du brukar, hjelper butikkar og bedrifter til å vekse, og det kan skape fleire jobbar for andre menneske.

Men jobben gir deg meir enn berre pengar. Han gir deg òg ei kjensle av å vere nyttig og stolt over å klare deg sjølv. Du lærer mykje nytt og møter nye menneske, og det kan gjere deg meir sjølvtrygg og lykkeleg.

Det er viktig for samfunnet at flest mogleg jobbar. Når mange jobbar og betaler skatt, blir det meir pengar til fellesskapet. Desse pengane blir brukte til å byggje skular, sjukehus og vegar, og til å hjelpe dei som ikkje kan jobbe. Eit samfunn kor mange jobbar, er vanlegvis eit trygt samfunn der det er plass til alle, og der folk kan få hjelp når dei treng det.

Når du har ein jobb, får du òg ei kjensle av å høyre til ein stad. Du får ein betre rutine i kvardagen og føler at du er ein del av eit fellesskap. Når du jobbar saman med andre, blir du ein del av eit team, og saman kan de oppnå noko som kjennest viktig.

Det er altså mange gode grunnar til å jobbe. Du veks som menneske, samtidig som du bidreg til at økonomien veks og at samfunnet blir tryggare for alle.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
En gutt svømmer i vannet med pengesedler
En gutt svømmer i vannet med pengesedler

Kva er utanforskap i arbeidslivet?

Tenk om enkelte ikkje får jobb eller blir stengde ute frå teamet fordi dei er annleis, eller fordi andre ikkje trur dei kan bidra. Dette blir kalla utanforskap i arbeidslivet. Nokre kan bli utestengde fordi dei har ei funksjonshemming, er frå eit anna land, eller fordi folk dømmer dei av andre grunnar.

Kva skjer viss nokon kjenner seg utanfor?

Viss ein kjenner seg utanfor, kan ein bli veldig trist og einsam. Viss ein ikkje får seg jobb, blir det vanskeleg å kjøpe det ein treng, som mat og ein stad å bu.

Tenk på kva du ville ha kjent viss du aldri vart invitert i bursdag, eller viss du ikkje hadde nokon venner. Det hadde nok ikkje kjendest så veldig godt. Sånn kan det kjennast viss ein blir halden utanfor arbeidslivet òg.

Alle må få vere med!

Det er viktig at alle får sjanse til å jobbe fordi:

  • Det er rettferdig: Alle fortener ein sjanse, uansett bakgrunn eller kva dei kan.
  • Det er bra for samfunnet: Når alle jobbar, tener samfunnet meir pengar og blir ein betre stad å leve.
  • Det skaper samhald: Jobben skaper samhald og fellesskap med kollegaer, og dette gir oss betre livskvalitet.

Kva kan du gjere?

  • Ver snill og inkluderande: Ver open for å inkludere alle, uansett kven dei er.
  • Bli kjend med kollegaene dine: Lær om andre. Alle har noko verdifullt å bidra med.
  • Ver ein god kollega: Bidra til at arbeidsplassen er ein god stad å vere for alle, òg for dei som treng litt ekstra hjelp og støtte.

Alle har eit ansvar for å sørgje for at ingen kjenner seg utanfor på jobben. Eit godt arbeidsmiljø betyr ein betre kvardag for alle. Saman kan vi skape ein arbeidsplass der alle kjenner seg velkomne. Hugs at eit meir inkluderande samfunn startar med deg! 

Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt
En jente sitter i rullestol i et tomt rom
En jente sitter i rullestol i et tomt rom

Ønsker du å lese hele artikkelen?

Ved å logge inn får du full tilgang til artikkelen, samt Lærerrommet med engasjerende læringsstier og oppgaver du kan bruke i undervisningen.

Logg inn med Feide

Ønsker du å prøve ut fullversjonen av Skolerom?
Kontakt oss her!