Fargane til sollyset

Kvifor er himmelen blå?

Accessibility icon Fargane til sollyset

Fargane til sollyset

Sollyset har eigentleg mange ulike fargar. Forskjellen på dei er bølgjelengde. Når lyset går i rett linje, bevegar alle desse bølgjelengdene seg saman. Fargane er altså samla i ein enkelt stråle som vi ser som kvitt lys.

Men viss noko kjem i vegen for denne strålen, så går han ikkje rett fram lenger. Bølgjelengdene blir sende tilbake, bøygde eller spreidde. Då blir dei forskjellige fargane synlege.
Dei lengste bølgjelengdene vi kan sjå, er raude. Når dei gradvis blir kortare, ser vi dei som oransje, så gule, så grøne, og til slutt som blå og fiolett.  Fiolett er den fargen med kortast bølgjelengde av dei vi kan sjå.

Kvifor er himmelen blå? 

Når lyset treffer luftmolekyla i atmosfæren, blir den blå fargen fanga opp og blir spreidd utover himmelen ved hjelp av desse molekyla. Resten av fargane ser vi ikkje, for det er berre blåfargen som blir broten ned og stansar si ferd mot jorda.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt

Sollys

Det er farleg å sjå direkte på sola med berre auget, også i korte periodar. Det skarpe lyset vil varme opp netthinna og kan føre til varige skadar, som blindheit eller blinde flekkar i synsfeltet. Sidan det ikkje gjer vondt, merkar ein det ikkje med ein gong.

Ønsker du å lese hele artikkelen?

Ved å logge inn får du full tilgang til artikkelen, samt Lærerrommet med engasjerende læringsstier og oppgaver du kan bruke i undervisningen.

Logg inn med Feide

Ønsker du å prøve ut fullversjonen av Skolerom?
Kontakt oss her!