Kvifor feirar vi halloween?

Mange gler seg til halloween, men få kjenner det eigentlege opphavet til denne festdagen. Lær om gammal mystikk, overtru og kristne merkedagar.

Accessibility icon Kvifor feirar vi halloween?

Kvifor feirar vi halloween?

Halloween kjem frå ulike urgamle hausttakketradisjonar, som den norrøne og den keltiske. Dei første kjende feiringane av halloween går meir enn 2000 år tilbake i tid, då keltarane feira Samhain. Keltarane budde i Irland, Storbritannia og det nordlege Frankrike. Den gongen var halloween ei feiring av avlinga, at sommaren var over og at den kalde vinteren var på veg. Etter at avlinga var teken inn, samla druidar folket i landsbyen og tende eit felles bål. Nokre gongar blei dyr ofra. Alle som deltok i feiringa, kunne ta med seg ein flamme heim til sin eigen eldstad. Gamle tekstar fortel at feiringa varte i tre dagar og tre netter, og at ho var obligatorisk. Dersom ein ikkje deltok, trudde ein at ein kunne bli straffa av gudane med sjukdom eller død!

Ikkje bli kidnappa!

I norrøn og keltisk tradisjon trudde ein at grensa mellom den fysiske verda og den åndelege verda forsvann denne kvelden, slik at dei døde kom tilbake. Keltarane kledde seg ut i kostyme som dyr og monster slik at vonde ånder ikkje skulle bli freista til å kidnappa dei.

Ønsker du å lese hele artikkelen?

Ved å logge inn får du full tilgang til artikkelen, samt Lærerrommet med engasjerende læringsstier og oppgaver du kan bruke i undervisningen.

Logg inn med Feide

Ønsker du å prøve ut fullversjonen av Skolerom?
Kontakt oss her!