Kvifor feirar vi halloween?

Halloween-feiringa har ei veldig gammal historie. Dei første kjende feiringane av halloween gjekk føre seg for over 2000 år sidan. Då feira keltarane det som vart kalla  Samhain. Keltarane budde i Irland og nord i Frankrike. Den gongen var halloween ei feiring av at sommaren var over og at den kalde vinteren var på veg. Då samla alle i landsbyen seg og tende eit felles bål. Nokre gonger blei det ofra dyr. Dei feira i tre dagar og tre netter, og alle måtte vere med. Viss ikkje, kunne ein bli straffa av gudane med sjukdom eller død!

Unngå å bli kidnappa!

Den gongen trudde folk at åndene kom fram denne kvelden. Folk trudde at dei døde kunne komme tilbake. Keltarane kledde seg ut som dyr og monster slik at vonde ånder ikkje skulle kidnappe dei.

Dullahan – den skumle ryttaren

Blant dei irske keltarane var Dullahan ein skremmande figur som kunne dukke opp. Dullahan var ein hovudlaus ryttar på ein svart hest med flammande auge. Ryttaren hadde hovudet under armen, og auge som stadig bevega seg. Ein sjeldan gong kunne Dullahan vere ei kvinne. Dukka Dullahan opp, var det eit teikn på at nokon kom til å døy.

Gudinna for frukt og tre

Då romarane erobra dei keltiske områda i år 43 e.Kr., blei den romerske feiringa av Pomona ein del av feiringa av Samhain. Pomona var gudinna for frukt og tre, og symbolet hennar var eplet. Eple er ofte ein del av halloween-feiringa i dag.

Gamle tradisjonar blir til halloween

På 1000-talet blei dei keltiske områda sterkt påverka av kristendommen. Dei gamle keltiske rituala blanda seg med dei kristne. Kyrkja bestemte at 1. november skulle vere allehelgensdag, altså ein dag der ein feira heilage menneske. Allehelgensdag blei feira som Samhain med bål, paradar og utkledning. Feiringa  blei kalla All-hallowmas som betyr allehelgensdag, og kvelden før blei kalla All-Hallow Eve. Dette blei seinare til halloween. Allehelgensdag er no flytta til den første søndagen i november.

Trolldom på halloween var farleg

Det var vanleg å tru at kontakten med ånder og dei døde den 31. oktober gjorde at magi og naturkrefter fekk ein ekstra verknad. Faren for å bli dømd for trolldom og brend på bål var derfor ekstra stor på halloween.

Eit eksempel var den samiske sjamanen Quiwe Baarsen. Han skulle hjelpe lokale fiskarar i Finnmark med å få vind i segla i slutten av oktober i 1627. Dessverre gjekk det frykteleg gale. I dommen mot han stod det at den magiske datoen gjorde at han mista kontrollen over kreftene sine. Dermed blei det eit kraftig uvêr, og fem personar omkom på havet. Baarsen blei dømd til døden, og han blei brend på bålet som heks.

Halloween på 5 minutt 

Halloween kjem til Amerika

Halloween-tradisjonen kom til Amerika med utvandrarar frå Europa i 1625. Etter kvart utvikla det seg ein eigen amerikansk versjon av halloween med song, dans og spøkelseshistorier. I siste halvdelen av 1800-talet kom det mange innvandrarar til Amerika, og spesielt frå Irland. Dei tok med seg dei gamle keltiske tradisjonane sine, og dette førte til at halloween-feiringa blei populær over heile landet.

Tradisjonane forandrar seg

Etter kvart som halloween-tradisjonane spreidde seg i Amerika med dei nye innvandrarane, begynte folk å kle seg ut etter europeisk tradisjon. Dei begynte å gå frå hus til hus og spørje etter mat eller pengar. Også før dette var det vanleg å dele ut noko å ete under halloween – eller Samhain. Det var vanlegvis nøtter eller frukt som blei gitt, både til menneske og ånder. I USA blei dette etter kvart til godteri.

Først og fremst festdag for barna

Etter kvart handla Halloween stadig mindre om spøkelse og trolldom, og meir om fellesskapet. Snart blei fest med utkledning, mat og spel vanleg i USA. I dag er halloween den nest største festen i USA, etter jul. Butikkar har nok også vore med på å gjere at feiringa har blitt så stor. Etter rundt 150 år med halloween-feiring i Amerika kom tradisjonen til Noreg rundt år 2000. Halloween er framfor alt ein festdag for barna.

Visste du at …

  • … den store interessa for Harry Potter og flygande sopelimar kan ha auka interessa for halloween i Noreg?
  • … ein skal passe seg for svarte kattar på halloween? Hekser kan nemleg gjere seg usynlege ved å gjere seg om til svarte kattar, vert det sagt.
  • … graskar ofte blir brukte som pynt på halloween? Dei er enkle å skjere i og er fine å lage lanterner av for å lyse opp i mørkret.

Halloween kostar pengar

I 2019 brukte nordmenn 1,2 milliardar kroner på halloween-feiringa. Det er 1300 kroner per person som deltok i feiringa. Pengane gjekk til kostyme, godteri, fest og pynt. I USA brukte dei til saman 80 milliardar på feiringa i 2019.

Kostbar Halloween 

Bilet- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Getty Images
    3. Getty Images
    4. Getty Images
    5. Getty Images
    6. Getty Images
    7. NRK
    8. Getty Images
    9. Getty Images
    10. Getty Images
    11. Getty Images
    12. Getty Images
    13. NRK